Posts Tagged ‘motsetning’

To ulike drømmefigurar møtest

oktober 7, 2010

Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) har laga ein dialog mellom to figurar i drømmen sin, ho med gaflane (KU) og ho med hundane (RU):

KU: Eg har tillit til at alt går an, alt er godt nok som det er. Og hei RU, er du ute og går med hundane dine. Lenge sidan sist, kor går det med deg? 

RU: Jau, er no i min heim med hundane, er lite ute blant folk. Eg har i grunn valt å mura meg inne i min eigen heim, eller sjølvmedliding? Dette kom eg på nettopp no, kanskje det er det det eigentleg er? Men eg trivst med det, det er så ukomplisert og ufarlig, trygt, ingen kjem inn og forstyrrar følelsane mine så eg kjem i ubalanse. Men korleis går det med deg, KU?

KU: Jau eg er fri til å skapa det eg vil, eg lagar kunst av det eg måtte ha lyst til, alt har sin verdi, det er så gøy. Eg leikar meg framover, synest heile livet er spennande, alle menneska eg møter på min veg, det er der utviklinga og inspirasjon foregår. Har du lyst å vera med på eit kunstprosjekt, hadde ikkje det vert gøy om me kunne gjort noko i saman, kanskje noko med hundar, hunden som mennesket sin beste venn?

RU: Jau, hadde sikkert vore gøy, men eg føler meg så låst, lite verd blant menneske. Kjenner meg lukka og låst, eg er livredd for menneska, veit ikkje om dei vil meg noko godt.

KU: Men kan ikkje me ta hundane med då, dei kan leda oss – kanskje kan me sjå på deira natur kontra menneskenaturen, finst det likheiter eller motsetningar? Hugs at alt har sin verdi.

RU: Jau, når eg kan ta hundane med så kan dette kanskje gå, jau, eg vil prøva. Kanskje me kan ta første møtet her hos meg, der det er tryggast, for eg er redd menneska, men ikkje dyra. Men kjenner at det er nok på tide å møta menneska no. Viss du kan vera med meg og støtta meg så er det supert!

KU: Ja, klart det! Klart du skal føla deg trygg, og eg er med deg, eg vil støtta deg slik at me saman finn ein god måte for oss begge, då kan me skapa dei mest fantastiske ting i lag.

No vart eg plutseleg obs på at dottera har heile tida stått i bakgrunn, kvar er hennar stemma – barnet si stemma? Dette kjem eg attende til, er for trøtt akkurat no, kanskje eg drøymer om ho i natt.

Dersom vi tenkjer oss at figurar i ein drøm viser sider ved drømmaren, så har det sanneleg vorti ein god samanheng inni henne ved hjelp av flyteskrivinga! Nå ser det ut til å handle om å ta i bruk ulike delar av seg sjølv. Gaffel-elementet peikte i den leia heilt frå starten av.

Men så var det dottera i bakgrunnen. Det er nok fleire lag i denne drømmen? Får vi høre barnestemma?  

Den kjedelege drømmen vil meg vel

mai 30, 2010

Eg bestemmer meg for å ha ei velvillig innstilling til drømmen min. Eg får berre ta det med ro og sjå nærmare på denne vesle teksta om Espen-bloggen som plutseleg var i ein annan kategori enn eg trudde. Det er vel ein grunn til at akkurat eg drømte akkurat dette. Forresten er eg vel ikkje spesiell! Kva kan eg lære av drømmen:

Det er ikkje alltid som ein trur.

Inndelingar er ikkje absolutte.

Det er ikkje enten – eller.

Ting kan endre seg.

Det som er sant ein dag, treng ikkje vera sant ein annan dag.

Det går an å flyte mellom kategoriar.

Bokmål og nynorsk er ikkje absolutte motsetningar.

Drømme-ego er veldig opptatt av kategoriar!

Drømme-ego driv på med sortering og ingenting anna.

Drømme-ego ser slett ikkje på innhaldet i det som er der.

Det er ganske energikrevjande å drive med slik sortering.

Drømme-ego har stor motstand mot å ta inn over seg ny informasjon.

Eg kjem på at bloggen eg drømmer om, faktisk er ei forteljing om å ha kreft, og eg blir skikkeleg skamfull over drømme-ego. C .G. Jung seier at drømmen kjem med ei sanning som drømmaren ikkje liker å høre. Omtrent slik. Og dette var jo ikkje spesielt flatterande! Men altså vennleg meint?

“hjälpa dem eller barra observera”

mai 14, 2010

(Framhaldssoge «om matematikklekse», 4. del, starta 14. mai)

Eit aspekt kan bli tydelegare gjennom samtale ut ifrå ein drøm. I det heile tatt kan ein finne ut mye ved å bli verande i drømmen og ikkje hoppe over til tolking og til drømmarens liv for fort. Det går an å gå fram og tilbake òg. Motsetninga mellom å observere og å delta meir aktivt i ei handling kjem klarare fram i kommentaren frå matematikklekse-drømmaren nå, kanskje fordi eg i fyrste omgang ikkje såg dette dilemmaet så tydeleg.

Drømmen kan illustrere ei uro rundt valet mellom aktiv inngriping i ein prosess og passiv tilbaketrekking. Drømme-ego er ikkje på yttarpunkta. Han er til stades og ser prosessen, han er klar til delta. Han er ikkje blind for dei ulike måtane å stille seg på i forhold til ein prosess. I dette tilfellet ser det ut til at prosessen går slik han skal, og da trengst ikkje inngriping. Kanskje ville inngriping vera forstyrrande? 

Det treng ikkje her vera avgrensa til inngriping i andres prosessar. Det kan også gjelde prosessar i det heile tatt, f.eks. eigne indre prosessar. Av og til skal ein berre legge merke til kva som skjer, og la det skje?

Eg meiner ikkje å påstå at det er dette drømmen «betyr«, men dette er noe drømmen kan illustrere og  kaste lys over.

“med huvudena tätt tilsammans”

mai 14, 2010

Drømmaren svarar:

«Jo, det var ungefär som du tänker det. De satt på samma sida om bordet med huvudena tätt tillsammans och neråt mot deras uppgifter. Inget kök, det var ett litet vardagsrum eller skall man säga hall, med en trappa som gick uppåt och jag visste att där uppe var sovrummen, deras och dera föräldrars. Vad deras uppgift gick ut på visste jag inte men jag var osäker om det var meningen att jag skulle hjälpa dem eller barra observera.»

Eg likte godt at bildet av dei to vart slik! Det er noe spesielt når ein ser for seg det same som drømmaren! Det blir som ei forsterking: Slik måtte det vera! Dessutan var det eit vakkert bilde, som ein idealtilstand. Det er jo godt å få lov til å sjå eit slikt bilde.

Det er også spennande når bildet som lesaren får, er heilt ulikt det som forteljaren har i hovudet? Da kan det bli ei utvidig, ei rar dobbelteksponering, fleire dimensjonar, motsetningar å sameine.