Posts Tagged ‘energi’

Kva er ei bok?

august 25, 2010
Mannen med bokdrømmen svarar slik:
  
En bok kan vara ett föremål, en ägodel, men tänker man främst på innehållet är det information, eller, som jag hellre ser det, ett meddelande.
 
Dersom vi koplar dette med drømmen om bokleitinga, kan vi seia at «jag» i drømmen leiter etter ei melding, og det ser altså ut til å vera ei melding som det er viktig å finne. Det er ei melding som han i og for seg «har», han «eig» denne meldinga (?), han skulle altså ha god tilgang på dette som er viktig å få greie på, men samtidig finn han det ikkje.
  
Ein drøm kan ein jo også sjå som ei melding frå seg sjølv til seg sjølv. Og om seg sjølv. Kva melder denne drømmen om han som drømmer? Eg leiter, og da finn eg ei melding om ein mann som er på leiting, han vil finne noe, leiter han etter meining? Han vil ta imot noe som er uttrykt. Han bruker energi på å finne dette meiningsfulle.
  
Eller kan vi sjå drømmen som ei oppfordring? Hallo mann, seier drømmen, det finst ei viktig melding til deg, som du må leite etter.
  
Kva handlar meldinga om? Det veit vi ikkje. Ein måte å koma vidare på kunne vera om drømmaren sette seg roleg ned, let att augo, gjekk tilbake i drømmen, bestemte seg for å sjå for seg ei bok, la merke til kva som var den første boka som dukka opp som eit indre bilde. Kva melder den boka om livet?
  
Nå spørst det om mannen vil prøve dette!

Den kjedelege drømmen vil meg vel

mai 30, 2010

Eg bestemmer meg for å ha ei velvillig innstilling til drømmen min. Eg får berre ta det med ro og sjå nærmare på denne vesle teksta om Espen-bloggen som plutseleg var i ein annan kategori enn eg trudde. Det er vel ein grunn til at akkurat eg drømte akkurat dette. Forresten er eg vel ikkje spesiell! Kva kan eg lære av drømmen:

Det er ikkje alltid som ein trur.

Inndelingar er ikkje absolutte.

Det er ikkje enten – eller.

Ting kan endre seg.

Det som er sant ein dag, treng ikkje vera sant ein annan dag.

Det går an å flyte mellom kategoriar.

Bokmål og nynorsk er ikkje absolutte motsetningar.

Drømme-ego er veldig opptatt av kategoriar!

Drømme-ego driv på med sortering og ingenting anna.

Drømme-ego ser slett ikkje på innhaldet i det som er der.

Det er ganske energikrevjande å drive med slik sortering.

Drømme-ego har stor motstand mot å ta inn over seg ny informasjon.

Eg kjem på at bloggen eg drømmer om, faktisk er ei forteljing om å ha kreft, og eg blir skikkeleg skamfull over drømme-ego. C .G. Jung seier at drømmen kjem med ei sanning som drømmaren ikkje liker å høre. Omtrent slik. Og dette var jo ikkje spesielt flatterande! Men altså vennleg meint?

Eg fortel ein kjedeleg drøm

mai 30, 2010

Den kjedelege drømmen var slik:

Eg ser bloggen til ein som heiter Espen blant dei 100 mest populære bloggane på «norsk (nynorsk)». Samtidig hugsar eg temmeleg sikkert at den bloggen var på lista med bloggar på «norsk (bokmål)». Dette forstår eg ikkje.

Går det an å drømme meir trivielt? Dette er jo berre å halde fram i søvne med noe som liknar fælt på vanleg vaken-aktivitet. Dessutan får det vel greie seg at eg bruker energi på blogging på dagtid, om eg ikkje skal drive med det i søvne òg! Nå går det for vidt! Slik tenkte eg i utgangspunktet om denne drømmen. Men så var det dei flotte orda mine om å kysse drømmen…

(Meir?)

I efta kom det elefantar – i drømmeform

mai 11, 2010

Drømmar kom, som bestilt! Det kom to drømmar frå same kvinna. Oj, for ein rikdom! Tenkje seg til, denne blogginga får ting til å skje! Vi tek ein drøm om gongen:

«natt til i går drømde eg om elefantar som var plassert i båsar. dei var rolege. men den siste eg traff på var kvit og agresiv, eg kjende at her må eg trekkja meg unna elles vil den trampa meg i hel. ekkelt.»

Dette er ein kort fortald drøm, men det er ikkje lite i han! Eg elskar forresten «små» drømmar, for eg liker godt å dvele lenge ved ting! Her er det sterke kontrastar, mye energi og mye kan hende. Eg kjenner at eg gjerne vil veta meir før eg dyttar henne for langt ut i det. Det går an å føle seg litt fram. Det er jo ikkje min drøm. Ho som eig drømmen, veit ein masse som eg ikkje veit.

Eg har fort førestellingar som slett ikkje hører heime der, og da kan det bera gali av stad! F.eks. oppdagar eg at eg sanneleg plasserer elefantane i fjøset vårt på setra på Vendalen i Sør-Fron. Det er iallfall heilt sikkert ikkje slik det var for henne! 

Eg stiller ein klump med spørmål, som ho kan svara på dersom ho synest det er ok: 

Kvar er desse båsane, og/eller korleis er dei? Kan du fortelja meg meir om det? Ser du noe rundt båsane? Er det f.eks. i ein bygning? Kan du fortelja alt du kjem på om omgjevnadene? Er det ein stad du kjenner, ein stad du har minne ifrå, der du har opplevd noe?

Eg føreslår at du skriv om dette før du går vidare. I det heile att: Ta eit spørsmål om gongen, skriv ned kva som helst du kjem på, sett pris på dine fyrste innfall og gjerne dei neste også  – dei har stor verdi. Ikkje bekymre deg om du synest det dukkar opp besynderlege ting; det er berre fint. Aksepter også heilt «vanlege» tankar og bilde! Du kan skrive kort eller langt!

Så spør eg: Kva er ein elefant? Skriv ned det fyrste du kjem på! Dette lyder kanskje som eit unødvendig spørsmål, men eg forsikrar om at dersom du spør ti personar om dette, så får du ulike svar og vektleggingar! (Berre prøv, kjære lesar!)

Den siste elefanten er kvit, korleis ser dei andre ut?

Du «treffer» elefantane. Kva inneber det? Korleis treffer du dei? Kvar er du i drømmen, og kva gjer du? Er det noen andre der?

Nå trur eg at eg treng svar på dette før eg finn på meir med henne og drømmen – eller føreslår meir, for ho kan alltid melde pass. Og ho bestemmer sjølv om ho vil ut i verda med alt det ho har skrivi. (Det håpar eg ho vil!)

Men dette blir jo ei framhaldssoge (føljetong)! Kva kjem i neste innlegg? Nå er eg temmeleg nysgjerrig på kva som vil vise seg, for eg veit jo slett ikkje. Andre lesarar kan jo legge merke til kva dei ser for seg, og tenkje sitt om seg sjølv når dei oppdagar forskjellar og likskapar. Kor som er: Jeg spørger kun, mit Kald er ej at svare. Iallfall så langt…