Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.» Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar. Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger. Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst. Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen? Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Posts Tagged ‘kvit’
«Rød/hvit katt savnet»
februar 18, 2011Ein farge flaksar ut
desember 1, 2010Drøm om sterke fargar:
Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.
Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:
1
Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.
2
Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.
Kommentar:
Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!
Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.
Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.
Men eg hadde gløymt kven eg var
oktober 23, 2010Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Den etterlyste elefanten
september 30, 2010Nei, eigentleg var det dyr eg etterlyste nå nyleg. Fleire dyr ville eg ha! Elefanten skulle få vera i fred ei stund, sa eg i mai. Da hadde vi ein heil serie om denne elefanten som var på bås. Men det er ei glede å rapportere frå den kanten:
Eg føler at eg er på veg til å ta den kvite elefanten ut i verda, eg held den i snabelen så han ikkje skal vera så redd. Me utforskar det me treffer på vegen i lag.
Så bra kan det gå!
Fiolett-blomstrete flyteskriving
juni 10, 2010Eg bestemmer meg for å koma eit hakk vidare med drømmen min (sjå 6. juni) og sett eggeklokka på seks minutt og skriv i veg på PC’en og bråstoppar når det ringer ut. Det vart slik:
Ho veit forskjellen på kvitt og svart, men har aldri tenkt over forskjellen på kvitt og mildt fiolett-blomstrete, enda forskjellen er veldig stor. Ho liker betre ein kvit himmel, eller forresten, mønstrete himmel er da veldig fint, og korleis ville det vera om vegkantane var kvite? Jau, da ville det vera vinter. Men det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte. Ho er ikkje blomstrete, ho er veldig einsfarga, men heller svart enn kvit, men når ho ser ordentleg etter, er det tre diskrete blomar på T-skjorta hennar i dag. Heile tida ser ho for seg dette fiolett-blomstrete, og så i det rommet for lenge lenge sidan! Det går da ikkje an å forandre på rom som var der den gongen. Rart å veta at rommet er der enda og at noen bur der, og er veggene kvite nå? Det veit ho ikkje. Akkurat fiolett-blomstrete er dei neppe, men nå er dei altså det inni hovudet hennar eller inni kroppen. Det blir så mye ”eller”. Tinga legg seg utapå kvarandre. Ho hadde faktisk ein gong ein tunika som var omtrent slik fiolett-blomstrete, så heilt fremmendt er det ikkje. Var det ein god periode? Tja.
Mildt fiolett-blomstrete vegger
juni 6, 2010Drøm i natt:
Er er på Studentbyen på Sogn, på det rommet eg hadde i studietida. Eg er der saman med fleire. Eg oppdagar etter ei stund at rommet er forandra. Nå er ikkje alle veggene lenger kvite. To av dei har fått mildt fiolett-blomstrete vegger med kvitt som bakgrunn. Eg ser inn på badet. Og sanneleg er det den fargen der òg! Det er ulikt mønster på dei fire veggene, men dei passar fint saman, synest eg. Eg liker dette godt. Og eg fortel til dei andre at eg hadde så lyst på noe anna enn kvitt den tida eg budde på Studentbyen.
Kan dette få fram minne eller andre assosiasjonar hos noen andre? Det ville vera spennande for meg å høre.
Nå er den kvite elefanten lei seg
mai 13, 2010Ho som eig elefantdrømmen, melder:
«ja den kvite elefanten treng noko, i vert fall trygghet og frihet. kansje frihet gjev trygghet eller trygghet gjev frihet. men i forhold til kva, ja det er spørsmålet no. kjenner kor lei seg den kvite elefanten vert der han står i båsen sin. elefanttårer er på vei… «
«den kvite elefanten vil fortelja meg noko, men eg veit enno ikkje kva.»
Eg tilstår elefantdrømmetvitring
mai 13, 2010Drøm kom på bloggen: Rolege elefantar er plasserte i båsar, den siste kvit og aggressiv. Ho må trekke seg unna. Han kan trampe henne i hel. 8:53 PM May 11th
Kva er ein elefant? Ein elefant er ikkje ein elefant. Alle har sin eigen elefant. Eg ventar på hennar. Eg kjem på min, eller mine! Minst to! 9:05 PM May 11th
Plutseleg er det elefantar i kveldssamtaler og morgontankar. Ein Royal Elephant med Charisma Cologne kjem fram frå hylla og ser nedtrykt ut. about 16 hours ago
Dei gråbrune elefantane står rolege på kvar sin bås. Ho stryk dei lett på baken. Ein og ein og ein. Den kvite elefanten kan ho ikkje klappe. about 15 hours ago
Kva er det du gjer? Eg tek drømmen hennar og skriv han gjennom meg, og ut kjem ein bitte liten elefant og ser på meg. Kva er det du gjer? about 15 hours ago
Royal Elephant
mai 13, 2010Nå kjem eg på at eg har da sanneleg ein kvit elefant. Kvar er han? Der! Den fekk eg frå slekt i Amerika, Royal Elephant, og det var Carisma Cologne på han, og han har noen gullforgylte greier på ryggen, til å frakte folk i tenkjer eg, og ser nokså nedtrykt og neddempa og ut. Eg må seia eg blir innhenta!