Posts Tagged ‘menneske’
januar 30, 2011
Ein mann kommenterer siste innlegget:
«Interessant tolkning, Tordis. Her kommer metoden din for drømmer til sin rett. Det er nyttig å stille slike spørsmål. Samtidig er det sannsynlig at bevisstheten kan være svak, da tenker jeg på at i drømmene kommer ofte det ubevisste, underbevisste fram, og da er det ikke alltid at man kan svare på.»
Eg seier som politikaren at eg er glad for kommentaren din, og det er eg faktisk!
Eg trur du har rett i at det kan vera vanskeleg å svara på slike spørsmål som eg har føreslått til slange-ut-av-katt-drømmen. Ein type innvending kan vera at drømmen sa jo ingenting om dette! Drømmaren vil halde seg til drømmen og ikkje begynne å «konstruere» noko anna. Eller drømmaren svarar at dette veit eg ingenting om, det er heilt tomt inni meg!
Nyare forsking viser at det er mindre skilnad på drømmetilstand og dagbevisstheit enn ein før rekna med. Tenk berre på alt rart som kan falle ein inn også når ein er vaken! Ein kan ikkje styre over alle tankane sine. Ein treng altså ikkje tru at ein er i ei heilt anna verd når ein er vaken. Det må vera lov å blande korta, seier eg.
Dertil er å seia at mi erfaring og alskens meditasjonstradisjonar seier at det går an å koma i drømmeliknande tilstandar også når ein er vaken. Ein måte kan vera å slappe av og gå inn att i drømmen, tenkje seg at ein er der på nytt. Mennesket er i stand til å førestelle seg noko anna enn det som er den ytre verkelegheita akkurat her og nå. Korleis skulle ein elles greie f.eks. å tenkje på fortid og framtid?
Det kjennest kanskje likevel som eit stort steg å skulla førestelle seg at ein er ein slange inni ein katt? Vel, det er iallfall ein sjanse til å oppleva noko nytt! Reine ekstremsporten! Prøv, den som tør!
Eit enkelt knep for å koma unna det «oppkonstruerte» eller det heilt svarlause, er å gå med på at ein skal svara fort, med ein einaste gong! Ein berre må! Går ikkje det heller? Da kan ein tenkje seg at ein får hundre tusen kroner dersom ein svarar eitt eller anna innan to sekund, kva som helst. Da kjem det nok eit svar! Eg har av og til brukt ein meir brutal variant, men den skal eg ikkje nemne nå.
Når ein svarar fort, får ein ikkje tenkt seg om, ein kan ikkje kontrollere ordentleg og passe på at ein svarar noko ein synest passar til det ein står for og synest er presentabelt. Det er sjanse for at ein hamnar utafor sine eigne og kulturens opptråkka stigar, og ein kan bli både overraska og overrumpla. Det har sine fornøyelege sider!
Kom gjerne med meldingar frå grøftekantar og det som enda rarare er!
Stikkord:bevisstheit, brutal, dag, ekstremsport, erfaring, førestelle, førestelling, fornøyeleg, forsking, fort, fortid, framtid, glad, grøftekant, innvending, katt, knep, kommentar, konstruere, kontroll, kultur, mann, meditasjon, medvit, menneske, metode, oppkonstruert, oppleva, opptråkka, overraska, overrumpla, pengar, prøve, presentabel, rar, sjanse, slange, slappe av, spørsmål, sport, steg, stig, styre, svar, svarlaus, tanke, tilstand, tom, tradisjon, ubevisst, underbevisst, vaken, vanskeleg
Posta under "Slange ut av katt", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
november 19, 2010
Mannen kjenner på korleis det er å vera den vesle guten:
”En blir klappet av noen som føler seg bedre. Ubehaget blir påtakelig når du selv er voksen. Da kommer det inn det med ære, å føle seg likeverdig. Nå føles det all right.”
Han ønskjer seg eit samfunn der ein kan vera svak på ein god måte.
Kvifor er det i orden å bli klappa for denne vesle guten? Kanskje fordi det er menneskeleg likskap og fellesskap mellom dei to? Heile dette drømmearbeidet starta med ein knusande forakt for den som er liten og redd. Den yttarleggåande store og brutale, altså oksen, er ute av bildet, og vi ser ein stor porsjon tillit, likeverdkjensle og aksept. Eller?
Stikkord:aksept, ære, barn, barndom, betre, brutal, drømmearbeid, føle, fellesskap, forakt, godta, gut, indre barn, kjenne, kjensle, klappe, knuse, likeverd, likeverdig, likskap, liten, mann, menneske, menneskeleg, redd, samfunn, spørsmål, start, stor, svak, tillit, ubehag, vaksen, yttarleggåande
Posta under "Sint okse", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 23, 2010
Og kvinna tek utfordringa på strak arm.
Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre.
Men eg hadde gløymt kven eg var.
Eg skammar meg over alt dette.
Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er.
Og draumen om alt eg ynskjer å vera.
Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.
For slik er jo livet for fleire enn meg.
Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?
Ja, det krev mot til å vera menneske.
Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.
Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.
Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?
Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.
Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.
Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!
Hei kvinne, korleis var dette?
Stikkord:"Neve med rose", andre, angst, asfalt, avsnitt, åleine, ære, ønske, begeistra, bilde, død, drømmesau, dum, dynamikk, dynamitt, eg, fantastisk, flau, flyteskriving, fornekte, forslag, fryd, gjerning, glømme, gløyme, glede, god, gro, hand, handling, kjensle, kvinne, lesar, livet, luft, menneske, misunnleg, mot, motløyse, neve, Ola Enstad, rose, sau, skam, skrivar, skulptur, spørsmål, spenn, spenning, sprell levande, sprengstoff, stolt, strekke til, synleg, tekst, tvil, utfordring, vegg, vera, vilje
Posta under "Sau og slange", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 7, 2010
Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) kommenterer:
Spennande med dine spørsmål, dei set i gang ting.
Og spørsmål kan ein laga seg sjølv også. To eller fleire kan stille kvarandre spørsmål om drømmar.
I dette tilfellet sette eg inn eit spørsmål der drømmen «har eit tomrom», det vil seia at det er noko drømmen seier lite om, noko eg blir nysgjerrig på. Kva kan det vera som gjer at ein person heller vil vera saman med hundar enn med menneske??? Her er det eit mysterium! Her kan det vera skjulte lengslar. Ja, da er det berre å spørja.
Kven er det som veit det? Eg kunne seia noko ut ifrå meg sjølv eller ut ifrå generell kunnskap. Men det er jo ikkje eg som skal vera i fokus her. Den som har drømt, kan ha andre erfaringar, andre betydningsunivers.
Den som veit aller mest, er jo den kvinna i drømmen, som klart står fram og sett hundar høgst. Vel, ho «eksisterer» jo ikkje. Da er det at drømmaren kan oppsøke dette i seg sjølv, denne personen inni seg, dele seg i ei som spør, og ei som svarar.
Stikkord:betydningsunivers, eksistere, generell, hund, kunnskap, kvinne, lengsel, menneske, mysterium, nysgjerrig, person, samarbeid, sjølvhjelp, skjult, spørsmål, svar, tomrom
Posta under "Hund er best", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 13, 2010
Eg klipper frå intervju i Dagbladet på nett (mai 2009?) med ein månadsvinnar i
Skolekammeret, som er eit forum for diktskrivande elevar:
«- Hva er bakgrunnen?
– Kanskje det vi skulle ønskje vi hadde? Mange vener, kjærestar rundt oss? Det er mange som drøymer om å vere omsverma med folk, men aldri klarer å gjere noko med det. Og slik blir drøymen ein fest i forhold til det eigentlege livet. Eg trur det er mange som har det slik, sier Høstaker.
Som vanlig insisterer tredjeklasseeleven ved Firda Vidaregåande Skule på å bli sitert på nynorsk.»
vaken
ja, eg vakna
mellom to dyner
ei pute
og eit teppe
desse skulle
vore menneske
men slik som
eg er
kan ein berre
drøyme om slik
og det gjorde eg
i natt
Av Fredrik Høstaker
Stikkord:ønskje, dikt, dyne, folk, insistere, kjærast, livet, menneske, natt, nynorsk, omsverma, pute, skole, Skolekammeret, skrive, teppe, vakne, venn, vinne
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT, 4 OM SKRIVING, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 7, 2010
Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».
Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.
Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.
Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?
Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.
Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!
Stikkord:audmjuk, dialog, drømmesyntaks, eg, Fadervår, gammal, gåve, handle, handling, hende, hugse, menneske, moderne, natt, nåde, ny, ord, rå, rike, skape, styre, subjekt, syntaks, tekst
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 6, 2010
I «Allvismål» stiller guden Tor mange spørsmål. Den som svarar, er Allvis, dvergen som bur under jord og stein. Spesielt vil Tor veta kva ymse fenomen heiter i dei ymse verdene: blant menneske, gudar, vaner, jotnar, alvar og dvergar. Slik får vi ulike blikk på jord, himmel, måne, sol, skyer, vind, natt osv.
Kva er ei natt – mørker, maske, søvnglede, ein drømmespinnar? Sjå norrøn original og omsettingar: http://www.heimskringla.no/wiki/Allvism%C3%A5l
Stikkord:Allvis, alt, blikk, dverg, fenomen, glede, Gud, heite, himmel, jord, jotne, måne, mørk, mørker, menneske, natt, ord, søvn, sky, sol, spørsmål, spinne, stein, svar, Tor, verd, vind
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »
mai 30, 2010
Det kjem ei melding frå han som er oppi stigen med kjepp og hanskar. Eller for å vera nøyaktig, så kjem meldinga via han som har drømt om han som er oppi stigen:
«Ljus där uppe. Tak kanske. Mänmniskor både före och efter mig, vilka vet jag inte. Det kändes som jag skulle falla av om jag försökte ta mig handskarna och käppen var i vägen.»
Eg vil gjerne veta meir om dette som han strever og klatrar i retning av:
«Tenk deg at du er der oppe i lyset. Korleis er det å vera der? Kva har du lyst til å gjera der oppe?»
Stikkord:falle, hanskar, kjepp, klatre, lys, lyst, menneske, oppe, retning, stige, tak
Posta under "Klatring med hindring", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 14, 2010
Ei kvinne fortel at nå for tida drømmer ho stadig om folk frå tidlegare i livet, folk som ho i grunnen knapt tenkjer på. Kvifor det? Kan det vera noe telepatisk? spør ho seg. Prøver dei å ta kontakt? Det skal ikkje eg uttala meg så sterkt om; det er ikkje mitt felt. (Men kanskje andre har noe å berette i så måte?)
Eg tenkjer slik: Vi kan hente materiale til drømmane våre frå heile livet vårt. Vi har våre eigne assosiasjonar, kjensler, historier rundt alt muleg. Slik får kvar og ein sitt eige betydningsunivers, som veks og veks. Det er som store språksystem eller tekstsystem – fantastiske rikdommar! Det er særeigne system, men også djupt i slekt med kvarandre.
I mitt system er elefant noe anna enn i ditt – det er alt eg har lesi om og opplevd med elefantar, og visse grunnleggande trekk blir nok like. Matematikk er sikkert ikkje nøyaktig det same for meg enn for andre – for meg er det bl.a. at læraren min i det gamle vesle klasserommet på landsgymnaset sa: «Det var lurt finni på, Tordis.»
Likeins blir menneska i livet vårt – «dei som er med» – del av den individuelle betydningsverda. Alle som vi har vori borti, er omgitt av betydningar. Kva slags eigenskapar hadde f.eks. denne klassekameraten som mannen drømmer om? Kan det vera eigenskapar som på ein eller annan måte har meining for drømmaren nå? Og klassekameraten hadde andre eigenskapar i systemet til f.eks. mor si, vil eg tru. Når vi drømmer om folk som vi (for tida) ikkje har noen relasjon til, kan dei altså fint føre betydningar inn i drømmen. F.eks. tenkjer eg fælt lite på Nils Ole Oftebro, men sanneleg dansa eg tango med han i ein drøm! Han passa vel akkurat i den rolla i drømmen da!
Den instansen som får til drømmar, er umåteleg smart til å setta i hop ting! Reine diktaren! (Det er ein grunn til at drømmar kan gi oss utgangspunkt for tekstlaging, men det er ei anna historie.)
Stikkord:assosiasjon, betydningar, betydningsunivers, betydningsverd, dans, diktar, elefant, grunnleggande trekk, historie, i slekt, kjensle, klassekamerat, klasserom, kontakt, kvinne, landsgymnas, livet, matematikk, materiale, menneske, Nils Ole Oftebro, relasjon, rolle, særeigen, språksystem, system, tango, tekstlaging, tekstsystem, telepatisk
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »