Posts Tagged ‘lesar’

Folk finn merkeleg nok fram

oktober 24, 2010

Etter at eg kryssa av for noko med å tillate søkemotorar, så har det begynt å skje spennande ting. F.eks. kan det plutseleg stå meldingar på statistikksida mi under ”These terms people used to find your site”, så som:

blå kvinne og barn bilde

strephon kaplan-williams

Eit menneske har i dag av ukjende grunnar hatt «blå kvinne og barn bilde» inni hovudet sitt og slik hamna på innlegget ”I det blå” i bloggen min frå 23. august! Ikkje veit eg kven det er, og ikkje veit eg om dette mennesket las det ho/han fann, og ikkje veit eg kva vedkomande tenkte. 

Ein annan, eller den same, kva veit eg, har vori ute etter Strephon Kaplan-Williams, og det kan eg godt forstå, og har altså slik komi til innlegget mitt frå 31. mai. Velkomen!

Å ja, slik har det vel alltid vori når ein sender tekster ut i verda, at ein veit ikkje kvar fuglen flyg eller korleis han flyg. Men det nye og snodige er å få slike små spor straks på timen!

Hei du blå-kvinne-barn-bilde-søkande! Og du Kaplan-Williams-interesserte! Å nei, nå er de vel ikkje der lenger, men ein heilt annan stad! Og ord fyk omkring, og verden er så stor, mye mye større enn du tror, eller verda er neimen ikkje stor.

Flau og sprell levande

oktober 23, 2010

Og kvinna tek utfordringa på strak arm.

Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre. 

Men eg hadde gløymt kven eg var.

Eg skammar meg over alt dette.

Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er. 

Og draumen om alt eg ynskjer å vera.

Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.

For slik er jo livet for fleire enn meg. 

Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?  

Ja, det krev mot til å vera menneske.

Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.

Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.

Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?

Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.

Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.

Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!

Hei kvinne, korleis var dette?

Nå er det ikkje berre EIN sau lenger!

oktober 21, 2010

Hugsar de drømmen om sauen og slangen?

Innlegga om den drømmen kan de finne att ved å sjå i sidestolpen til høgre og finne ”Kategoriar av innlegg” og under det ”DRØMMAR”  og så (alfabetisk) ”Sau og slange”. Klikk så på ”Sau og slange”!

Drømmaren eksperimenterte med flyteskriving, og ho fortalde at ei sterk kjensle i drømmen er når den daude sauen på veggen livnar til.

Her får vi eit framhald! Kvinna har gripi fatt i dette sterke punktet der det døde blir levande att, og nå er sanneleg ikkje sauen åleine lenger:  

”Den eine sauen til den andre sauen:

– Hei du, sau! Er du levande eller daud?

Jau, så smått om senn livnar sauen til igjen.

Så kjekt at det då viser seg å vera fleire sauar der ute.

Forresten er sauen litt flau over å ha vore daud?

– Jau, sau, detta skal verta kjekt framover.

Skal berre sjå på at det veks fram ein heil familie med levande sauar!”

Her blir det meir og meir levande, og både kjekt og optimistisk. ”Nytt liv av daude gror.” Trua på oppstode, frodigheit, vokster, glede, fellesskap, samanheng og liv er der, dessutan rytme og velklang! ”Si meg så, hva vil du mere?” ”Kan du ønske mer?”

Jau, det er eitt stikkande punkt. Det kjem i forbifarten og nedgradert og spørjande, men likevel: Det handlar om å vera flau over å ha vori daud. Kva ligg det her, monn tru? Hei du, sau! Kvifor er du flau for det? Eg oppfordrar den skrivande kvinna om å føre svaret frå sauen i pennen. Og du kvinne, korleis er denne flauheita over fortida?  

Kva om slangen kjem og bit?

oktober 12, 2010

Ho som drømte om sau og slange, har tatt imot utfordringa (sjå 8. okt.), og har skrivi i veg om likskapen mellom dei to elementa i drømmen, sau og slange, og om kva det er som er så fælt med å ikkje veta kvar slangen er:

«Mi flyteskriving:

Likskapen mellom sau og slange er kreativitet. Dei står begge for sterke kjensler. Kjennest farleg å ta i bruk noko ein ikkje heilt veit kva er. Sauen, den er i grunnen ikkje farleg. Godt å sjå han livna til. Men slangen treng eg vita kvar er, eller treng eg ikkje det? Kva om han kjem og bit meg, dør eg då? Eller kan andre ting skje? Dette veit eg ikkje. Er det trygt å ikkje vita noko? Ja, så lenge eg har tillit til prosessen, er det trygt. Eg kjenner i kroppen at dette er sterke ting, heile ryggen er i bevegelse.

Dei sterkaste kjenslene i draumen er då sauen livna til, og når slangen forsvinn.

Her foregår så mykje i kroppen akkurat no, at eg har ingen ord lenger. Men forstår at det ikkje er farleg lenger. Noko sterkt skjer, men eg veit ikkje kva, og det er greitt, men eg er no og nysgjerrig.»

Det skjer noko med denne kvinna i løpet av skrivinga: Forholdet til det ho ikkje veit, snur seg veldig.

Ho greier å registrere og uttrykke kva som hender med henne kroppsleg gjennom skrivinga – inntil ho må stoppe.

Det er spennande og flott for denne lesaren å vera vitne til kor mye skriving og tekst kan gjera, korleis skrivinga kan gripe tak og gripe inn.

Drømmaren veit best:

Det er kvinna sjølv som samlar dei to dyrebilda, sau og slange, i ’kreativitet’. Når eg har fått den nøkkelen, ser eg at denne drømmeforteljinga kan fortelja oss interessante ting om kreativitet. Å gi seg over til skaping, er å gi seg over til det ukjende. Er det ”den vesle døden”? Utrygt på ein trygg måte?

Meir dyreliv: sau og slange

oktober 8, 2010

Ei kvinne skriv:

Eg er i eit hus og ser ut vindauga, der heng ein daud sau utanfor utgangsdøra. Etterkvart ser eg at sauen gradvis livnar til. Så til slutt er den heilt levande, eg tek den ned frå knaggen, og den kjem inn.

Med den kjem og ein tynn, kjempelang slange, den har svarte sikksakkstriper på grå botn. Eg er redd slangen. Etter ei stund forsvinn han inn i huset. Eg veit ikkje kvar han er, og det er utriveleg. Ekkelt å veta at den er der, men ikkje kvar.

Det er òg fleire folk i rommet, men eg veit ikkje kven det er.

Då eg vakna, kjende eg på redselen, men at det var ok, for det var slik det var.

Eigentleg har kvinna skrivi i preteritum (fortidsform), men eg har gjort det om til presens (nåtidsform). Ho kan jo kjenne på forskjellen. Eg trur drømmen kjem nærmare når han er forma i nåtid: Da skjer det akkurat nå, da kjem vi inn i drømmen. Eller?

Avsnittinndelinga er også mi. Det går an å prøve seg med avsnittinndeling i drømmeforteljinga si. Da må ein ta stilling til kva som hører saman, og ikkje hører saman, om det f.eks. er sekvensar. Hendingane i denne drømmen kan ein gruppere i to: I den første sekvensen handlar det om sauen, i den andre om slangen. Dermed byd det seg også fram noko å samanlikne. Kva er likskapen mellom sauesekvensen og slangesekvensen? Forskjellen?

Eg kunne også spørja: Kvar i drømmen er det sterkast kjensler? Og så ser eg at det har ho nesten sagt. Ho skriv at ho er redd, og når ho fortel meir om den ubehagelege kjensla, så handlar det om at ho ikkje veit kvar det farlege er.

Kva ligg det i dette? Ho kan jo kjenne meir på akkurat det: Det er ein slange i huset, og eg veit ikkje kvar han er. Eg veit ikkje kvar han er. EG VEIT IKKJE KVAR HAN ER. Korleis blir det da? Kva er det som er så fælt med det? Kva kjenner du, lesar, om du orkar å prøve? Eg kjenner absolutt noko!

«På Drømmens Dag»

oktober 7, 2010

Lyst til å lesa eit heilt ferskt drømmeaktig dikt?

http://debatt.dagbladet.no/diktkammeret/debatt/read_post.html?board_id=1&post_id=779441&thread_id=779467

Diktkammeret er ein stad å sende dikt til. Du får lesarar med ein gong og kanskje endatil kommentar frå andre skrivarar.

Eksamensdrøm

oktober 1, 2010

Ein mann skriv:

I drømmen skulle jeg ta en eksamen. Jeg satt der og skrev i eksamenssalen. Spørsmålene var lette for meg fordi det viste seg at jeg hadde trent godt nettopp på de spørsmålene jeg fikk. Jeg følte meg som situasjonens herre. Jeg ble fort ferdig med det meste, og lurte på om jeg skulle gå tidlig eller ta en lengre pause for å se om noe kunne tilføyes etterpå eller om jeg hadde glemt noe.

Det ble til at jeg tok en lang pause. Men jeg satt ikke på stedet med vakt til stede, men befant meg snart ute på gaten og endte på en kafe. Først da ble jeg oppmerksom på at jeg i distraksjon hadde tatt med meg det jeg hadde skrevet på besvarelsen i vesken. Jeg ble sittende en god stund og gikk også innom et annet sted, så god tid trodde jeg at jeg hadde.

Men da jeg skulle gå tilbake oppdaget jeg at vesken var gjenglemt, og jeg løp innom de stedene jeg hadde vært. Men vesken var ikke å finne. Uff, da måtte jeg jo skrive besvarelsen fullstendig på nytt når jeg kom tilbake til eksamenssalen. Et raskt blikk på klokken viste at det ville bli knapp tid til det. Det var ikke noe annet enn å gå tilbake så fort jeg kunne, og prøve å få gjort mest mulig.

Men da jeg kom var studentene i ferd med å gå. Det hadde blitt oppdaget en feil i oppgavene og eksamen hadde blitt avlyst og skulle gjentas senere. Snakk om at jeg ble glad.

(Inndelinga i avsnitt er mi.)

Dette er ein drøm med mange hendingar og mange handlingar. Ein måte å finne ut av ein slik drøm på kan vera å spørja seg kva som er likt og eventuelt kva som er ulikt. Det beste er om drømmaren sjølv undersøker dette. Andre lesarar kan jo også prøve. Vi har ikkje alle saman same betydningsuniversa oppi hovudet og ikkje heile tida heller. Det kan forresten vera ein ganske vanskeleg tankeoperasjon å finne det underliggande like for ein serie med saker eller hendingar eller handlingar. Ei intellektuell utfordring, men morosamt synest nå eg!

Her kjem det som akkurat eg ser akkurat nå:

Det som stadig skjer i denne drømmen, er at det blir ikkje som ein skulle vente eller tru. Slik er det også for «jeg» i drømmen. Unntaket er i starten: Drømme-ego (= «eg» i drømmen) har trent på akkurat det han skulle; slik har han tenkt heilt riktig om framtida. Det stemmer perfekt! Men så sluttar det å stemme.

Han går ut der det ikkje er eksamensvakter. Han går på kafé midt i eksamen. Han har tatt eksamenssvaret sitt ut av eksamenslokalet. Han gløymer att eksamenssvaret og finn det ikkje att. Og så sluttar det også annleis enn venta. Det er altså stadig brot på det ein ventar. Til slutt blir det jo også sett strek over det som stemte så vakkert i starten! 

Lærdommen kan vera: Det er ikkje alltid som ein trur; det går ikkje an å rekne ut alt. I livet skjer det og skjer det ting. Ein kan ikkje utan vidare vera situasjonens herre, men så kan det uventa gå bra likevel!

Korleis taklar drømme-ego alt dette som skjer? Tenk før du les korleis eg vurderer det!

Eg synest han taklar alt det uventa bra: Han får god tid og tek pause, han blir ikkje oppskaka over at han har tatt med seg eksamenssvaret ut, han leiter etter det han har gløymt, han tenkjer ut korleis han skal bruke tida, han blir glad når det går betre enn han trur.

Kva seier så drømmen alt i alt?  Både at mye uventa kan skje, og også at ein kan flyte med, innrette seg etter forholda og ta kvar utfordring etter tur, og så kan det faktisk koma som ei gåve at det går bra til slutt. Det er ikkje alt ein må streva forferdeleg for å oppnå!

I had a dream

september 10, 2010

Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)

Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.

Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet  av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:

«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»

Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.

Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.

Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.

Boka eg kom på

august 25, 2010

Før eg visste ordet av det, gjorde eg det som eg bad bokdrømmaren gjera: Eg såg for meg ei bok. Det var Koste-Kari av Astrid Lindgren, ei bok med forteljingar, som faktisk var den første boka eg las heilt på eiga hand.  Og eg kom på tittelforteljinga, den om vesle sju år gamle Kari som er rask og modig og pågangsrik og går inn i rolla som torgkone da bestemora uventa og svært ubeleilig bryt av foten like før jul.

Jaha, kva slags melding er dette til meg? Eg må smile. Eg kan faktisk behøve ei melding om at eg kan få til ting når det trengst, at eg kan gå inn i nye roller, at det berre er å kaste seg ut i det! Nå vart eg skikkeleg oppkvikka!

Denne framgangsmåten likte eg! Takk, mann, for denne drømmen! Og kjære lesarar, prøv sjølve! Meld gjerne resultatet til meg og bloggen!

”jeg vaagnet i sved”

juni 24, 2010

Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.

Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.

Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!

Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.

Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.

 Nå går vi inn der drømmen brest:    

”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,

ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;

i bølger av iskold stjernedugg

hamret mit hjerte, hug i hug –

Men drømmen forblev i mit hjertes nat;

fra ungdom til moden alder

[…]”

Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!

Har eg ein så kraftig drøm? Har du?

Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?

Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!