Posts Tagged ‘himmel’
oktober 23, 2010
Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Stikkord:"Og vesle lerka", åtvaring, bakke, bukse, dale, dør, eg, emning, endeleg, flekk, flyteskriving, fri, gå under, glad, gløyme, god, gul, haust, heime, heimestrikka, himmel, hopp, hoppe, hugse, huj, jente, jord, kjelke, kjellar, kvede, kvinne, kvit, lande, lerke, lita, liten, luft, lyst, mjuk, ok, papp, Per Sivle, plate, rund, sau, såmmårn, sår, såre godt, sjå, sjølv, ski, skli, slik, smelte, snø, snømann, sol, sommar, song, springbrett, stad, stille, strikke, tekst, tekstdel, tillitsfull, topp, tru, tuve, tuvetopp, ull, ullbukse, varm, vår, veg
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 13, 2010
Å gå ut i vatn, og vips bort med tyngdekrafta, ikkje ha dette draget mot jorda, å flyte opp og røre på armar og bein omtrentleg vassrett, å ha alt dette kalde og flytande rundt seg, heilt annleis enn lufta og alle kleda som vanlegvis omgir kroppen, vera mellom himmel og jord, nå ja, nærmast jorda, kjenne ein strøm nå som elva er stor, det er temmeleg drømmeaktig, seier eg som nettopp var i Akerselva.
Stikkord:Akerselva, annleis, armar, bein, drag, drømmeaktig, elv, flyt, flytande, flyte, gå, himmel, jord, kald, klede, kropp, luft, røre, stor, strøm, svømme, symje, tyngdekraft, vassrett, vatn, vips
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 6, 2010
I «Allvismål» stiller guden Tor mange spørsmål. Den som svarar, er Allvis, dvergen som bur under jord og stein. Spesielt vil Tor veta kva ymse fenomen heiter i dei ymse verdene: blant menneske, gudar, vaner, jotnar, alvar og dvergar. Slik får vi ulike blikk på jord, himmel, måne, sol, skyer, vind, natt osv.
Kva er ei natt – mørker, maske, søvnglede, ein drømmespinnar? Sjå norrøn original og omsettingar: http://www.heimskringla.no/wiki/Allvism%C3%A5l
Stikkord:Allvis, alt, blikk, dverg, fenomen, glede, Gud, heite, himmel, jord, jotne, måne, mørk, mørker, menneske, natt, ord, søvn, sky, sol, spørsmål, spinne, stein, svar, Tor, verd, vind
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »
august 20, 2010
Ei ung kvinne fortel ein drøm ho hadde for eit halvår sidan:
Ho vassar i sjøen, på sandbotn, utover mot havet. Både sjøen og himmelen har vakre blåfargar.
Ho hugsar drømmen som ein deilig drøm og «en betydningsfull drøm som jeg stadig tenker tilbake på».
Ein enkel drøm? Ein storslått drøm, vil eg seia. Reine liner, store flater, ikkje noe krimskrams. Edvard Munch-aktig kanskje. Eg spør henne, og ja, ho kjenner sanden under føtene og vatnet mot kroppen, men mest av alt er ho opptatt av desse blåfargane. Ho kjenner og ser. Ho har kroppen sin og alt omkring. Ho er på jorda og i vatnet og i lufta og under himmelen – i fleirfaldige element. Ho går framover og tenkjer ikkje på kva som er bak.
Kva slags erfaring har ho med blått? lurer eg på. Kva kjem ho på av blå saker i livet sitt? Når treng ho blåfargar? Kva er veldig ulikt blått? spør eg. Kan ho svara kjapt og ugjennomtenkt på dette? Eller sakte og roleg?
Dette må vera ein drøm å glede seg over. Kanskje treng ho somme gonger å hugse at livet er godt? Da kan denne drømmen gi henne eit styrkande bilde å ta inntil seg: Så stort og nært og vakkert er livet også! Korleis vil det vera å setta inn denne «medisinen» når livet kjennest heilt annleis – dersom det inniblant altså kjennest heilt annleis? Korleis kunne det vera å begynne dagen med å tenkje eller kjenne seg inn i denne drømmen?
Stikkord:bakover, blå, farge, føter, framover, hav, himmel, jorda, kropp, kvinne, sand, sjø, ung, utover, vakker
Posta under "I det blå", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 10, 2010
Eg bestemmer meg for å koma eit hakk vidare med drømmen min (sjå 6. juni) og sett eggeklokka på seks minutt og skriv i veg på PC’en og bråstoppar når det ringer ut. Det vart slik:
Ho veit forskjellen på kvitt og svart, men har aldri tenkt over forskjellen på kvitt og mildt fiolett-blomstrete, enda forskjellen er veldig stor. Ho liker betre ein kvit himmel, eller forresten, mønstrete himmel er da veldig fint, og korleis ville det vera om vegkantane var kvite? Jau, da ville det vera vinter. Men det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte. Ho er ikkje blomstrete, ho er veldig einsfarga, men heller svart enn kvit, men når ho ser ordentleg etter, er det tre diskrete blomar på T-skjorta hennar i dag. Heile tida ser ho for seg dette fiolett-blomstrete, og så i det rommet for lenge lenge sidan! Det går da ikkje an å forandre på rom som var der den gongen. Rart å veta at rommet er der enda og at noen bur der, og er veggene kvite nå? Det veit ho ikkje. Akkurat fiolett-blomstrete er dei neppe, men nå er dei altså det inni hovudet hennar eller inni kroppen. Det blir så mye ”eller”. Tinga legg seg utapå kvarandre. Ho hadde faktisk ein gong ein tunika som var omtrent slik fiolett-blomstrete, så heilt fremmendt er det ikkje. Var det ein god periode? Tja.
Stikkord:blome, blomstrete, diskret, einsfarga, eller, fiolett, flyteskriving, fremmend, himmel, hovud, kant, kropp, kvit, mønstrete, periode, rom, svart, tunika, veg, vegkant, vinter
Posta under "Blomstrete vegger", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 20, 2010
Eg vil prøve meg med flyteskriving med startpunkt i det mest kritiske punktet i drømmen. Flyteskriving betyr at eg skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre meg og kritisere og korrigere. Jau, eg har lov til å bekymre meg, men da kan eg skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida.
Eg startar:
Eg står der og kan ikkje replikkane. Ingen kan hjelpe meg. Alle ser meg. Eg gjer ikkje det eg skal. Eg er ein fiasko. Kva skal eg finne på? Her står eg utan eit ord. Kva skjer? Det er jo noe rundt meg. Kan eg seia noe i forhold til det? Er det ingen andre som seier noe? Uff, eg kjem på Luther: ”Her står eg og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg. Amen!” Var det ikkje slik? Det blir litt for storslått. Eg er vel ingen Luther! Så pinleg! Men det er jo noe i det. Er det ikkje slik det er? Er det ikkje slik livet er? Vi står der og kan ikkje anna. Vi er nokså hjelpelause. Eller vi treng hjelp. Vi greier ikkje alt åleine. Nå kjem eg jammen på meir kristeleg, det der om å vende blikket mot fjella og spørja kvar hjelpa mi skal koma frå. Dette står skrivi på ein stein ved Bakkehaugen kirke. Og hjelpa skal koma frå den som har skapt himmelen og jorda. Det er ordna slik at hjelpa ligg i skaparverket, tenkjer eg da. Det finst hjelp å få. Denne skrivinga gjekk i ei heilt anna lei enn eg hadde tenkt. Eg er slett ikkje fornøgd med det. Kvar vart det av utgangspunktet? Jau, eg står der utan replikkar. Kanskje eg berre kan stå der ei stund. Eg kan stå der ganske roleg, og så ser vi kva som skjer. Det treng vel ikkje skje noe heile tida heller. Det blir kanskje ikkje som publikum og medspelarane hadde tenkt. Men ok da. Slik vart det.
Nå har eg lesi gjennom det. Og eg synest det skjedde mye på noen minutts skriving. Situasjonen snudde seg faktisk på ein uventa måte, enda så mye trening eg har både i arbeid med drøm og med flyteskriving. Fiasko-kjensla snudde seg jo ikkje akkurat til suksess, men suksess vart temmeleg unødvendig. Så her sitt eg ganske roleg og skriv og tenkjer at dette skal sanneleg ut på bloggen.
Stikkord:andre, åleine, bekymre, blikk, blogg, fiasko, fjell, flyteskriving, fornøgd, Gud, himmel, hjelp, hovudgrep, jord, korrigere, kristeleg, kritisere, kritisk punkt, Luther, medspelar, pinleg, publikum, replikk, roleg, skaparverk, skje, skriving, stopp, suksess, uventa drømme-ego
Posta under "Kan ikkje replikkane", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 11, 2010

Skal ho symje frå den eine augekroken til den andre? Da kjem det godt med å vera symjedyktig. Og kan ho gå i land på den kvite øya? Det veks ingenting der, men det trengst ikkje heller. Ho kan ligge på den glatte øya og strekke seg ut under himmelen. Det er vel ein himmel? Det er ikkje ein feil at det er ei øy der, det er snarare som det skal. Ei øy er noko å halde seg til. Ho har sanneleg noko å halde seg til. Somme et saueauge, det gjer ikkje ho. Men ho kan symje frå augekrok til augekrok, og det er ingen tårer å tørke. Ho har aldri hørt om drukning i saueauge, spesielt ikkje når det er ein liten holme midtvegs. Det er kanskje ikkje lett å koma i land, og kva skal ein eigentleg finne på der? Det blir vel til at ho held seg her ute. Men når ho kjem på at heile søya er ute av soga, så blir det nokså usikkert likevel.
Stikkord:augekrok, øy, drukning, eta, feil, glatt, halde seg til, himmel, holme, i land, kvit, saueauge, soge, strekke seg, symje, symjedyktig, tårer, usikkert
Posta under 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »