(Framhaldssoge «om matematikklekse», 4. del, starta 14. mai)
Eit aspekt kan bli tydelegare gjennom samtale ut ifrå ein drøm. I det heile tatt kan ein finne ut mye ved å bli verande i drømmen og ikkje hoppe over til tolking og til drømmarens liv for fort. Det går an å gå fram og tilbake òg. Motsetninga mellom å observere og å delta meir aktivt i ei handling kjem klarare fram i kommentaren frå matematikklekse-drømmaren nå, kanskje fordi eg i fyrste omgang ikkje såg dette dilemmaet så tydeleg.
Drømmen kan illustrere ei uro rundt valet mellom aktiv inngriping i ein prosess og passiv tilbaketrekking. Drømme-ego er ikkje på yttarpunkta. Han er til stades og ser prosessen, han er klar til delta. Han er ikkje blind for dei ulike måtane å stille seg på i forhold til ein prosess. I dette tilfellet ser det ut til at prosessen går slik han skal, og da trengst ikkje inngriping. Kanskje ville inngriping vera forstyrrande?
Det treng ikkje her vera avgrensa til inngriping i andres prosessar. Det kan også gjelde prosessar i det heile tatt, f.eks. eigne indre prosessar. Av og til skal ein berre legge merke til kva som skjer, og la det skje?
Eg meiner ikkje å påstå at det er dette drømmen «betyr«, men dette er noe drømmen kan illustrere og kaste lys over.
Stikkord: aktiv, bety, bli verande i drømmen, delta, dilemma, drømme-ego, handling, inngriping i andres prosessar, la skje, lekse, liv, matematikk, motsetning, observere, passiv, prosess, samtale, tilbaketrekking, tolking, uro, val, vera til stades, yttarpunkt
Legg att eit svar