Ei kvinne fortel denne drømmen:
Eg er i eit atelier-fellesskap og ser tilbake på eit portrett eg har måla av meg sjølv. Eg er overraska over at det liknar og er godt måla. Men over munnpartiet har eg måla over med gjennomskinleg grønfarge.
Om denne drømmen har eg to ting å seia:
Det eine er at eg veit ikkje kva dette «betyr». Eg veit ikkje kva drømmen uttrykker om denne kvinna, korleis ho er, korleis ho har det, korleis ho ser seg sjølv, korleis ho behandlar seg sjølv. Eg veit ikkje kva munn mest er for henne, eg veit ikkje korleis ho har det med grønt. Eg veit ikkje kva ho skal gjera.
Det andre eg har å seia, er at dette er ein veldig enkel drøm. Det er ingen grunn til å setta seg ned og «tyde» drømmen. Det enkle og likeframme er at drømmen gir framgangsmåten sjølv!
Mitt forslag til kvinna er: Lag eit portrett av deg sjølv. Mål over munnpartiet med gjennomskinleg grønt. Kjenn på korleis du har det med bildet før du begynner å måle over med grønt. Legg merke til korleis du har det undervegs. Korleis er det etterpå når du ser på resultatet? Du kan eventuelt flyteskrive rundt dette. Du kan også laga ei snakkeboble: Kva seier denne kvinna (utan og med grønfargen)?
Dei som ikkje har drømt denne drømmen, kan jo også prøve.
Rapportar, tekster og bilde er velkomne til bloggen!