Posts Tagged ‘delta’

Kva blir heilskapsbildet?

juni 14, 2010

Ho som har drømt dei fem drømmane i serien under, lengtar etter oversikt og heilskap. Nå kan vi slå saman alt godt om ”eg” i drømmen:

Ho legg merke til ting.

Ho kjenner på viktige ting.

Ho reflekterer.

Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho kan merke kva ho føler.

Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho gir den andre anerkjenning.

Ho lærer av andre.

Ho kan fungere saman med andre.

Ho samarbeider.

Ho ordnar fornuftig for seg og andre i samarbeid.

Ho er tillitsfull.

Ho vil bidra til fellesskapen.

Ho planlegg og administrerer.

Ho har kontakt med framtida.

Ho er oppfinnsam.

Ho har auge for det som er fint.

Ho kan glede seg.

Ho deltek i fest.

Ho gjer det som trengst.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho vågar å gjera risikable ting.

Ho er på veg til noe.

Kva synest drømmaren om dette, monn tru? Kor mye har drømmaren felles med ”eg”-personen? Den som drømmer, og ”eg” i drømmen er jo ikkje akkurat den same, men likevel.  Kan ho ta inn dette? Trur ho på det? Kan det hjelpe på kjensla av å ikkje kunna noe av det ho gjer? Vart det store stoffet meir oversiktleg?

Dersom det framleis kjennest stort og uoversiktleg, så kan ho jo zoome inn sterkt: ta ut tre av setningane over, kanskje tre setningar som ho liker spesielt godt, byte ut ”Ho” med ”Eg” og bruke tid på å ta dei inn, seia dei høgt for seg sjølv eller skrive dei stort på eit ark f.eks. ”Så enkelt er det.”

Flyplass, song, fest, lov

juni 14, 2010

Den femte drømmen i denne serien er om flyplass, song, fargebilde, ulovleg kopiering, fest:

”Eg” er på ein flyplass saman med ei kvinne og ein mann. Dei har funni ein song, kanskje ”Blant li og fjell og fjord”, med fargebilde i flotte, klare fargar, glede og liv. Det gjer ”eg”personen glad. Dei vil kopiere songane og går ned i kjellaren og kopierer. Dei skal ha songane til ein fest. Dette er ulovleg. Dei skjuler arka ved å lata som dei er sjuke. Dei går på festen.

Ho kan:

Ho samarbeider.

Ho har auge for det som er fint.

Ho kan glede seg.

Ho vil bidra til fellesskapen.

Ho vågar å gjera risikable ting.

Ho er oppfinnsam.

Ho deltek i fest. 

Yes, she can!

“hjälpa dem eller barra observera”

mai 14, 2010

(Framhaldssoge «om matematikklekse», 4. del, starta 14. mai)

Eit aspekt kan bli tydelegare gjennom samtale ut ifrå ein drøm. I det heile tatt kan ein finne ut mye ved å bli verande i drømmen og ikkje hoppe over til tolking og til drømmarens liv for fort. Det går an å gå fram og tilbake òg. Motsetninga mellom å observere og å delta meir aktivt i ei handling kjem klarare fram i kommentaren frå matematikklekse-drømmaren nå, kanskje fordi eg i fyrste omgang ikkje såg dette dilemmaet så tydeleg.

Drømmen kan illustrere ei uro rundt valet mellom aktiv inngriping i ein prosess og passiv tilbaketrekking. Drømme-ego er ikkje på yttarpunkta. Han er til stades og ser prosessen, han er klar til delta. Han er ikkje blind for dei ulike måtane å stille seg på i forhold til ein prosess. I dette tilfellet ser det ut til at prosessen går slik han skal, og da trengst ikkje inngriping. Kanskje ville inngriping vera forstyrrande? 

Det treng ikkje her vera avgrensa til inngriping i andres prosessar. Det kan også gjelde prosessar i det heile tatt, f.eks. eigne indre prosessar. Av og til skal ein berre legge merke til kva som skjer, og la det skje?

Eg meiner ikkje å påstå at det er dette drømmen «betyr«, men dette er noe drømmen kan illustrere og  kaste lys over.