Posts Tagged ‘vennleg’
september 10, 2010
Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)
Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.
Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:
«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»
Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.
Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.
Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.
Stikkord:Basel, bestemor, bilde, brus, dal, drømme-ego, dream, flyteskriving, flytetekst, forandring, fremmend, gåte, høre, inkludere, innfall, jente, kake, kjenne, klar, kropp, kunst, leik, lesar, luft, mann, Miro, plutseleg, prosjekt, Raudhette, rygg, samtale, sør, sein, sirkel, sjå, sjokolade, skrive, småsnakke, smile, snakke, spenning, strek, teikne, tekst, tog, tullete, utstilling, utvide, vegg, vennleg, vilje, visjon
Posta under "For seint på toget", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 14, 2010
Den første drømmen i denne serien er om hus, torsoar, selskap og båt:
”Eg” i drømmen leiger hus X av ei kvinne A som leiger eit anna hus Y av kvinne B. B seier at det stadig forsvinn ting når A har vori i Y. ”Eg” forstår ikkje: Kvifor leiger A hus når ho har hus? Kvifor stel ho frå huset ho leiger?
Barn kjem inn med torsoar. ”Eg” bed dei setta torsoane i gangen, for dei skal snart ut. ”Eg” ser at gangen er eldgammal.
Så er det uteselskap ved sjøen. Det bryggar opp til uver. ”Eg”–personen og mannen hennar finn ein plass med sol og skugge. Ho ser ein båt koma svært fort mot land og spør seg kvifor så fort?
Vi skal nå abstrahere handlingane til ”eg” i drømmen, og sjå vennleg på dei. Kva viser denne drømmen at ho får til? Eg tolkar og vurdererr ikkje særleg; eg ser etter kva som er i drømmen. Unntaket kan vera siste setninga. Her kunne eg spurt ho som eig drømmen, kva ho tenkjer om sol og skugge før eg vurderer det valet.
Ho reflekterer.
Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.
Ho planlegg og administrerer.
Ho legg merke til ting.
Ho ordnar fornuftig og balansert for seg og andre i samarbeid.
Kan drømmaren kjenne att dette som eigenskapar ikkje berre ”eg” i drømmen, men også ho har? Kanskje er ho ikkje der akkurat nå, at ho trur på dette, for ho kan jo ikkje noe! Ei hjelp kan vera gå inn att i desse konkrete situasjonane i drømmen og kjenne på dei. F.eks.: ”Jau, eg samarbeider med mannen min. Jau, vi finn ein høveleg plass saman. Jau, dette vart fint!”
Men dette må ho jo formgi sjølv. Det er ho som kan det, ikkje eg.
Stikkord:abstrahere, administrere, attkjenning, båt, drømme-ego, eigenskap, fint, formgi, fornuft, fort, høveleg, hjelp, hus, konkret, kvinne, leige, mann, ordne, planlegge, reflektere, samarbeid, selskap, sjø, skugge, sol, spørsmål, stela, tolke, torso, tru, uver, vennleg, vurdere
Posta under "Hus, torsoar, selskap, båt", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 30, 2010
Eg bestemmer meg for å ha ei velvillig innstilling til drømmen min. Eg får berre ta det med ro og sjå nærmare på denne vesle teksta om Espen-bloggen som plutseleg var i ein annan kategori enn eg trudde. Det er vel ein grunn til at akkurat eg drømte akkurat dette. Forresten er eg vel ikkje så spesiell! Kva kan eg lære av drømmen:
Det er ikkje alltid som ein trur.
Inndelingar er ikkje absolutte.
Det er ikkje enten – eller.
Ting kan endre seg.
Det som er sant ein dag, treng ikkje vera sant ein annan dag.
Det går an å flyte mellom kategoriar.
Bokmål og nynorsk er ikkje absolutte motsetningar.
Drømme-ego er veldig opptatt av kategoriar!
Drømme-ego driv på med sortering og ingenting anna.
Drømme-ego ser slett ikkje på innhaldet i det som er der.
Det er ganske energikrevjande å drive med slik sortering.
Drømme-ego har stor motstand mot å ta inn over seg ny informasjon.
Eg kjem på at bloggen eg drømmer om, faktisk er ei forteljing om å ha kreft, og eg blir skikkeleg skamfull over drømme-ego. C .G. Jung seier at drømmen kjem med ei sanning som drømmaren ikkje liker å høre. Omtrent slik. Og dette var jo ikkje spesielt flatterande! Men altså vennleg meint?
Stikkord:absolutt, bokmål, C.G. Jung, drømme-ego, endring, energi, enten-eller, flattere, flyt, forteljing, informasjon, inndeling, innhald, kategori, kreft, motsetning, motstand, nynorsk, skam, sortere, vennleg
Posta under "Bloggsortering", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 13, 2010
Så kom meldinga frå ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:
«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»
Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.
Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?
Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås. Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.
Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs! Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?
Stikkord:åtferd, bak, bås, den eine, dyr, elefant, elefantfarge, elefantunivers, fantastisk, fare, farleg, fri, fritt, godt, gråbrun, hindring, hud, klapping, konflikt, kraftdyr, kraftig, kvinne, kvit, livet, livstrugande, mange, natur, naturleg, neddempande, omgjevnad, ressurs, roleg, sinne, stødig, sterk, stryke, styrke, terge, trigge, trong, trongt, trygg, trygt, unaturleg, uro, uroleg, utrygg, utryggheit, varsel, vennleg
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »