Posts Tagged ‘flyt’

Drømme eller svømme?

oktober 13, 2010

Å gå ut i vatn, og vips bort med tyngdekrafta, ikkje ha dette draget mot jorda, å flyte opp og røre på armar og bein omtrentleg vassrett, å ha alt dette kalde og flytande rundt seg, heilt annleis enn lufta og alle kleda som vanlegvis omgir kroppen, vera mellom himmel og jord, nå ja, nærmast jorda, kjenne ein strøm nå som elva er stor, det er temmeleg drømmeaktig, seier eg som nettopp var i Akerselva.

Den kjedelege drømmen vil meg vel

mai 30, 2010

Eg bestemmer meg for å ha ei velvillig innstilling til drømmen min. Eg får berre ta det med ro og sjå nærmare på denne vesle teksta om Espen-bloggen som plutseleg var i ein annan kategori enn eg trudde. Det er vel ein grunn til at akkurat eg drømte akkurat dette. Forresten er eg vel ikkje spesiell! Kva kan eg lære av drømmen:

Det er ikkje alltid som ein trur.

Inndelingar er ikkje absolutte.

Det er ikkje enten – eller.

Ting kan endre seg.

Det som er sant ein dag, treng ikkje vera sant ein annan dag.

Det går an å flyte mellom kategoriar.

Bokmål og nynorsk er ikkje absolutte motsetningar.

Drømme-ego er veldig opptatt av kategoriar!

Drømme-ego driv på med sortering og ingenting anna.

Drømme-ego ser slett ikkje på innhaldet i det som er der.

Det er ganske energikrevjande å drive med slik sortering.

Drømme-ego har stor motstand mot å ta inn over seg ny informasjon.

Eg kjem på at bloggen eg drømmer om, faktisk er ei forteljing om å ha kreft, og eg blir skikkeleg skamfull over drømme-ego. C .G. Jung seier at drømmen kjem med ei sanning som drømmaren ikkje liker å høre. Omtrent slik. Og dette var jo ikkje spesielt flatterande! Men altså vennleg meint?

Kva skal ein skrive på?

mai 22, 2010

Eg flyt av garde på twitter og blogg, og nå hadde eg nær svidd havregrauten att, og flyt eg meg bort, eller kva blir dette til, og i det heile tatt?

Bloggen opnar, bloggen fangar, han utfordrar, han gir nye rammer, han gir meg idear, han minner meg om noe eg har som eg kan ta fram, han gjer meg usikker, han kastar meg ut i det, han seier ja, han seier nei, eg gir han ein sjanse, og her sitt eg, og det blir ein soldag, og ja da, eg skal gå ut i den store grøne dagen med folk og kanskje fe.

Eg har fått ymse reaksjonar, også slike:

«Jeg har bestemt meg for at jeg ikke vil bruke livet mitt på den slags, men jeg har ingenting imot at andre gjør det.»

«Twitter og bloggar og kva ein kallar det, har eg funne ut ikkje er mine media.»

«Det er ikke fristende.»

Ein mann skriv at han har motstand mot å offentleggjera for «alle analfabetene på blogge-nettet».

Og Morgenbladet har akkurat hatt ein knusande artikkel om usosiale medium, om det offentlege som blir privat, og det private som blir offentleg.

Og kva er meir privat enn drømmar? Og kva er meir grunnleggande kollektivt? Inne eller ute eller både og? 

Eg kan vel rekne med at dei som les her og nå, iallfall kan tenkje seg å bruke litt tid på slikt som dette!

Kommentarar?