Posts Tagged ‘farge’
februar 18, 2011
|
Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.»
Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar.
Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger.
Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst.
Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen?
Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Stikkord:brunost, bryst, dramatisk, farge, fe, foto, google, hannkatt, Italia, italiensk, katt, ku, kvit, langhåra, norsk, Norsk Raudt Fe, NRF, ost, pote, raud, Raudlin, raudost, slange, spørsmål
Posta under "Slange ut av katt", 5 TEKST OG BILDE, 6 TEKST OG SPRÅK, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
januar 30, 2011
Ei kvinne sender meg dette:
”Her kommer en drøm fra Italia, tilhørende en herremann med navn […].
Drømmen er som følger:
Han drømte at han lå på sengen med katten sin, og så plutselig at det kom en slange ut av katten. I drømmen var katten rød og hvit, dette er en snill katt som han har et veldig fint forhold til. Slangen, en liten en, forsvant under sengen og ble borte.
Hva tror du det kan være?”
Eg prøver meg forsiktig og legg opp til ein prosess som innsendaren kan prøve på mannen om han vil:
Her er det ein stille person, ein person i ro, ikkje handlande. Han er i stille samvær. Han relaterer seg til noko(n) han har eit godt forhold til, til noko levande. Eller: Det er ein relasjon mellom noko levande og han, noko han kjenner godt, eller trur han kjenner godt. Dette vanlege trår fram i ei uvanleg framtoning? Stemmer denne analysen for drømmaren? Treffer det han?
Er han forresten forundra over at katten er raud og kvit, eller berre er det slik?
Kva er det som er kvitt i livet ditt? ville eg spurt han om. Og kva er det som er raudt? Altså ikkje generelt om raudt og kvitt.
(Eg f.eks. kjem straks på Snøkvit og Rosenraud, snø og blod, laken, kvite ark, raude roser i kinna, drap, død, raudne, skam, liljer – her hulter til bulter om begge fargane. Nemn ikkje dette for drømmaren i utgangspunktet! Ikkje invader han med andre sine betydningar!)
Kva er forskjellen på det eine og det andre? Likskap? Korleis er det eine og det andre saman? Likskap innafor det kvite og innafor det raude?
(For meg vart det tanke- og kjenslevekkande at snø, laken, kvite ark og liljer vart knytte saman. Her vart det noko fint og uskyldig og ubrukt – som eg får lyst til å bruke: gå på ski, sova, skrive. Dessutan fekk eg ein tanke om å kvile i skrivinga, eller også lidenskapleg skriving kjem eg nå på. Dei raude assosiasjonane forskrekka meg litt – uff, det er visst ikkje så enkelt, f.eks. ikkje så enkelt å skrive, kva må eg ta livet av? Raudt og kvitt er sterkt og fint saman også.)
Så skjer det noko uventa i drømmen. Det kan skje noko uventa når ein er heilt stille. Alt er ikkje som ein trur. Det kjende kan innehalde noko overraskande. Det kjende kan vera meir samansett enn ein visste om. Noko skjult kan koma fram. Treffer denne kommentaren drømmaren? Eller er eg på villspor?
Korleis reagerer mannen på at denne slangen kjem ut? Kjensler? Godt eller vondt? Kva gjer mannen i drømmen? Kan han fortelja meir om slangen? Kva slags erfaring og førestellingar har han om slangar? Kan han svara fort utan å tenkje seg om på dette: Kva er likskapen mellom ein katt og ein slange? Kva er forskjellen? Han kan godt sjå for seg katten og slangen i drømmen.
(Eg: Kattar og slange er mjuke og levande, dei hører til i naturen, dei kan vera ganske kjappe, men stille også, begge kan drepa. Umiddelbart synest eg at katten er meir heimsleg, at slangen er farlegare. ”Katten er mitt søskenbarn.” Slangen kan forgifte meg – huff.)
Kan samtalen så langt seia han noko om kva denne drømmen handlar om? Kva er det i livet denne mannen har eit roleg, godt og levande forhold til i tillegg til katten? Kan assosiasjonane så langt kaste lys over noko av det?
Dette skjulte i det levande viser seg berre ei kort stund i drømmen, så skjuler det seg att og blir borte. Er det noko som går tapt? Er det ok at katten nå er utan slange? Kvar blir det av denne slangen? Kva gjer han der han nå er? Kanskje mannen kan svara fort på dette… Korleis kjennest denne situasjonen, altså at slangen nå er der han er, eller at mannen ikkje veit kvar han er?
Eventuelt kan han prøve seg på ein dialog med slangen. Du som har vidareformidla denne drømmen, kan også be han tenkje seg at han er slangen, kjenne på korleis det er, og fortelja om det. Du kan jo stille han nokre spørsmål som han kan svara på medan han ”er” slangen. Best å svara fort. Skriv eventuelt kjapt ned. Eller han kan svara på eit ark. F.eks.:
Korleis var det for deg, slange, inni katten?
Kva tenkjer du om katten?
Kva synest du om fargane på katten?
Korleis var det å koma ut?
Kva har du lyst til å gjera nå?
Korleis blir det da?
Kva vil du, slange, fortelja han som har drømt dette?
Er det noko du, slange, kan lære han?
Svara kan bli som ei tekst, som kan lesast i samanheng. Drømmaren eller innsendaren kan lesa det høgt. Korleis er det å lesa eller høre det?
Og så er eg frykteleg nysgjerrig på kva det eventuelt vart ut av dette, og eg kan gjerne kommentere vidare.
Stikkord:analyse, ark, assosiasjon, betydning, blod, død, dialog, drap, drømmaren, drepa, enkel, farge, farleg, fellesskap, fin, forhold, forsiktig, forskjell, forskrekka, fortelja, forundra, framtoning, giftig, god, handle, høre, heimsleg, hulter til bulter, invadere, Italia, katt, kinn, kjapp, kjenne, kjensle, kjent, kommentar, kvile, kvinne, kvit, laken, lære, lesa, levande, lidenskap, likskap, lilje, liten, livet, lyst, mann, mjuk, natur, overraska, person, prøve, prosess, raud, reagere, relasjon, relatere, ro, roleg, rose, samansett, samtale, samvær, søskenbarn, seng, situasjon, skam, skje, skjult, skrive, skriving, slange, snø, Snøkvit, snill, sova, spørsmål, sterk, stille, svar, svara, tanke, tap, tekst, treffe, tru, uskyldig, uvanleg, uventa, vanleg, villspor, vond
Posta under "Slange ut av katt", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
januar 22, 2011
Det kom ei 30 år gammal bok i hendene mine seint i går kveld: Et døgn over Le av Erling Kittelsen.
Eg få lyst til å drømmenippe.
Her les eg om å nå kvarandre ”med spissen av enkelte drømmesetninger”, svømme ”ut og inn av hverandres drømmer omtrent som fisk mellom to havnebasseng”, om Jara ”som skalv i drømme nær en fosskant”, om ”tordendrøm”, å ligge i ”en ferskenlys søvn”, om ”skremmende drømmesagn”, å sitta ”på kanten av/ søvngalleriet – med utsikt/ til glitrende elvebunn”, om ”en lang klam/ frakkedrøm med eggende/ glostifter til”, om Jara ”som drømte en tynn drøm/ klar mot huden på en vond hæl”, om terna som ”forvåknet seg”, om Veslebror som ”satt der taus i slåbrok,/ han hadde hatt store drømmesyner”, om Dyke som ”drømte om fargene i Jaras/ belte og sov litt til”, om Jara som ”drømte om gråtonen” i Dykes/ frakk og sov litt til, om Dyke og Jara som står ”opp som klippet ut for/ hverandre med søvn hengende/ i ømme skuldre”.
Og da har eg berre nippa ørlite grann til spissen av somme setningar i alt dette, og eg seier ikkje meir.
Stikkord:aksel, øm, ørlite, basseng, belte, bok, botn, drømmenippe, drømmesagn, drømmesetning, drømmesyn, Dyke, egge, elv, Erling Kittelsen, Et døgn over Le, farge, ferskenlys, fisk, forvakne, foss, frakk, frakkedrøm, glitre, glo, grå, gråtone, hamn, hand, hæl, henge, hud, Jara, kant, klam, klar, klippe, kvarandre, kveld, lys, lyst, nippe, søvn, søvngalleri, segn, setning, skjelve, skremme, skulder, slåbrok, sova, spiss, stift, svømme, symje, taus, terne, tode, tordendrøm, tynn, utsikt, vond
Posta under 3 OM DIKT | Leave a Comment »
desember 1, 2010
Drøm om sterke fargar:
Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.
Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:
1
Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.
2
Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.
Kommentar:
Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!
Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.
Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.
Stikkord:blåse, bleik, blod, bord, fantastisk, farge, få, fin, firkanta, flakse, flyge, flyte, flyteskriving, forandre, forelska, forsiktig, fugl, gi, gul, hand, hanskast, håp, høg, hei, hjarte, hjerte, hufse, innvendig, jente, kjake, klappe, kopp, kvinne, kvit, låg, lett, lette, liten, måle, nei, ok, opne, prøve, prosess, raud, realistisk, sakte, seia, sjå, snu, støv, tekst, tynn, ung, varme, vise
Posta under "Sterke fargar på prøve", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 20, 2010
Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.
For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?
Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.
Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.
Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker.
Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.
http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/
Stikkord:båt, begaistra, bilde, dynamisk, elsk, elske, engelsk, farge, feile, fotografere, høre, heimeside, hjerte, hjertebegeistra, indre, konsert, kontemplasjon, kraft, kyrkje, Ludmila Pawlowska, nord, oppdage, orgel, orgelkonsert, prøve, problem, Sagene kirke, sideskip, skarp, skip, skjerm, skjermbilde, skrift, skriving, stille, stillheit, styrke, svensk, sykle, tittel, vakker, varm
Posta under 4 OM SKRIVING, 5 TEKST OG BILDE, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska i Sagene kirke 10.10.10 osv. Foto: Tordis Irene Fosse
Ludmila Pawlowska står framfor sitt eige bilde, som du her ser berre ein utkant av. Dessutan er bildet for det meste raudt på ordentleg. Sjå den meir fargerette versjonen frå i forgårs! Men denne gongen fekk eg lyst til å sjå ansiktet hennar på ein annan måte. Kan denne versjonen passe til henne som sa at natta er mitt andre liv?
Stikkord:annleis, bilde, farge, fargerett, kyrkje, livet, Ludmila Pawlowska, lyst, natt, raud, Sagene, Sagene kirke, sjå, utkant, versjon
Posta under 5 TEKST OG BILDE | 1 Comment »
oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska, utsnitt av "I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta" i Sagene kirke, 10.10.10 Foto Tordis Irene Fosse
Slik var det: Det handlar om å lytte til hjertet sitt.
Og så såg eg at fargen på fotografiet mitt ikkje var god. Nå har eg vridd i brunleg retning slik eg hugsar bildet, men heilt bra vart det nok ikkje.
Gå heller til Sagene kirke! Mye å glede og undre seg over der! Utstillinga varar til advent, og kyrkja er open tysdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 12.00-20.00.
Så kan du gå frå bilde til bilde, og er det stille der, kan du lytte til hjertet ditt.
Og i alle fall finn du ansikt. Somme er bitte bitte små, og du må leite godt. Hadde eg hatt eit hjertebarn her å ta med, ville eg gjort det. Men stor som eg er, synest eg likevel det er stas å sjå meg omkring i bildet og finne enda eit ansikt, så ørlite!
Stikkord:ansikt, ørliten, barn, bilde, bitte liten, brun, farge, foto, fotografere, hjerte, hjertebarn, kyrkje, liten, Ludmila Pawlowska, lytte, Sagene kirke, stas, stille, stillheit, stor, utstilling
Posta under 2 INVITASJON TIL LESAREN, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »
september 10, 2010
«Som om jeg ikke hadde drømmer nok
til å farve en våknende by»
Slik begynner diktet «Utilstrekkelig» av Kjell Heggelund, og det står i Reisekretser frå 1966. Kva slags drømmar er dette?
Vi bruker jo «drøm» på ulike måtar: nattedrøm, dagdrøm, ønskedrøm, visjon. «I had a dream.» Språket vårt legg opp til at det er ein samanheng mellom desse fenomena. Meir samanheng enn vi oftast tenkjer på? Iallfall fekk Heggelunds dikt meg inn på det sporet. Alle desse drømmetypane har det ved seg at dei ikkje er «sanne» på vanleg vis. Og kan vi ikkje finne visjonar i drømmane våre? Om vi ser nøye etter…
Kan ikkje drømmane i diktet over vera både det eine og det andre? Klart store visjonar kan fargelegge ein by. Nattedrømmar kan også vera fantastiske og på ymse vis fargerike, og i diktet er det ein vaknande by.
Stikkord:ønskedrøm, by, dagdrøm, dikt, dream, farge, fargerik, få, fenomen, Kjell Heggelund, natt, nattedrøm, reise, vakne, visjon
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
august 20, 2010
Ei ung kvinne fortel ein drøm ho hadde for eit halvår sidan:
Ho vassar i sjøen, på sandbotn, utover mot havet. Både sjøen og himmelen har vakre blåfargar.
Ho hugsar drømmen som ein deilig drøm og «en betydningsfull drøm som jeg stadig tenker tilbake på».
Ein enkel drøm? Ein storslått drøm, vil eg seia. Reine liner, store flater, ikkje noe krimskrams. Edvard Munch-aktig kanskje. Eg spør henne, og ja, ho kjenner sanden under føtene og vatnet mot kroppen, men mest av alt er ho opptatt av desse blåfargane. Ho kjenner og ser. Ho har kroppen sin og alt omkring. Ho er på jorda og i vatnet og i lufta og under himmelen – i fleirfaldige element. Ho går framover og tenkjer ikkje på kva som er bak.
Kva slags erfaring har ho med blått? lurer eg på. Kva kjem ho på av blå saker i livet sitt? Når treng ho blåfargar? Kva er veldig ulikt blått? spør eg. Kan ho svara kjapt og ugjennomtenkt på dette? Eller sakte og roleg?
Dette må vera ein drøm å glede seg over. Kanskje treng ho somme gonger å hugse at livet er godt? Da kan denne drømmen gi henne eit styrkande bilde å ta inntil seg: Så stort og nært og vakkert er livet også! Korleis vil det vera å setta inn denne «medisinen» når livet kjennest heilt annleis – dersom det inniblant altså kjennest heilt annleis? Korleis kunne det vera å begynne dagen med å tenkje eller kjenne seg inn i denne drømmen?
Stikkord:bakover, blå, farge, føter, framover, hav, himmel, jorda, kropp, kvinne, sand, sjø, ung, utover, vakker
Posta under "I det blå", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 24, 2010
Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.
Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.
Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!
Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.
Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.
Nå går vi inn der drømmen brest:
”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,
ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;
i bølger av iskold stjernedugg
hamret mit hjerte, hug i hug –
Men drømmen forblev i mit hjertes nat;
fra ungdom til moden alder
[…]”
Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!
Har eg ein så kraftig drøm? Har du?
Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?
Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!
Stikkord:1970, alder, baron, bølgje, bilde, blogg, bok, breste, bugne, Dag og Tid, dikt, dogg, eggerøre, farge, forsvar, gåte, glede, gnistre, grøn, hjerte, hjerteklapp, hogg, hus, is, Jeppe, kald, kål, klok, kos, kropp, kvalitet, kvinne, løysing, lesar, lesing, livet, Ludvig Holberg, lys, mann, midtsommar, moden, natt, Nattordbok, ord, overgang, potet, pytt, reaksjon, rosa, sankthansnatt, sommar, spekemat, stjerne, stripe, sveitte, Trond Botnen, ung, varm, varsel, veranda
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »