Posts Tagged ‘kategori’

Drømmen gir nye mulegheiter

mai 30, 2010

Når eg legg vekk forfengelegheita og ikkje lenger ser drømmen berre som ein pisk mot dumme meg, kan eg oppleva meldingane frå drømmen på ein litt annan måte. Det gjeld altså drømmen om blogg-sorteringa:

Det er moro at nye sanningar og inndelingar oppstår.

Dette uregjerlege er jo artig.

Eg som sett pris på overraskingar, kan vel like dette.

Og så begynner eg sanneleg å tenkje både-og om drømme-ego òg: Eg kjem formildande på at drømme-ego ser ut til å vera litt på gli. Ho tek inn informasjon om at det ikkje er som ho trudde. Dessutan skal vi ikkje ta ifrå drømme-ego at ho har sans for kategorisering, orden, å halde fast på ting. Ingenting er berre gali!

Den kjedelege drømmen vil meg vel

mai 30, 2010

Eg bestemmer meg for å ha ei velvillig innstilling til drømmen min. Eg får berre ta det med ro og sjå nærmare på denne vesle teksta om Espen-bloggen som plutseleg var i ein annan kategori enn eg trudde. Det er vel ein grunn til at akkurat eg drømte akkurat dette. Forresten er eg vel ikkje spesiell! Kva kan eg lære av drømmen:

Det er ikkje alltid som ein trur.

Inndelingar er ikkje absolutte.

Det er ikkje enten – eller.

Ting kan endre seg.

Det som er sant ein dag, treng ikkje vera sant ein annan dag.

Det går an å flyte mellom kategoriar.

Bokmål og nynorsk er ikkje absolutte motsetningar.

Drømme-ego er veldig opptatt av kategoriar!

Drømme-ego driv på med sortering og ingenting anna.

Drømme-ego ser slett ikkje på innhaldet i det som er der.

Det er ganske energikrevjande å drive med slik sortering.

Drømme-ego har stor motstand mot å ta inn over seg ny informasjon.

Eg kjem på at bloggen eg drømmer om, faktisk er ei forteljing om å ha kreft, og eg blir skikkeleg skamfull over drømme-ego. C .G. Jung seier at drømmen kjem med ei sanning som drømmaren ikkje liker å høre. Omtrent slik. Og dette var jo ikkje spesielt flatterande! Men altså vennleg meint?