Posts Tagged ‘gaffel’

To ulike drømmefigurar møtest

oktober 7, 2010

Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) har laga ein dialog mellom to figurar i drømmen sin, ho med gaflane (KU) og ho med hundane (RU):

KU: Eg har tillit til at alt går an, alt er godt nok som det er. Og hei RU, er du ute og går med hundane dine. Lenge sidan sist, kor går det med deg? 

RU: Jau, er no i min heim med hundane, er lite ute blant folk. Eg har i grunn valt å mura meg inne i min eigen heim, eller sjølvmedliding? Dette kom eg på nettopp no, kanskje det er det det eigentleg er? Men eg trivst med det, det er så ukomplisert og ufarlig, trygt, ingen kjem inn og forstyrrar følelsane mine så eg kjem i ubalanse. Men korleis går det med deg, KU?

KU: Jau eg er fri til å skapa det eg vil, eg lagar kunst av det eg måtte ha lyst til, alt har sin verdi, det er så gøy. Eg leikar meg framover, synest heile livet er spennande, alle menneska eg møter på min veg, det er der utviklinga og inspirasjon foregår. Har du lyst å vera med på eit kunstprosjekt, hadde ikkje det vert gøy om me kunne gjort noko i saman, kanskje noko med hundar, hunden som mennesket sin beste venn?

RU: Jau, hadde sikkert vore gøy, men eg føler meg så låst, lite verd blant menneske. Kjenner meg lukka og låst, eg er livredd for menneska, veit ikkje om dei vil meg noko godt.

KU: Men kan ikkje me ta hundane med då, dei kan leda oss – kanskje kan me sjå på deira natur kontra menneskenaturen, finst det likheiter eller motsetningar? Hugs at alt har sin verdi.

RU: Jau, når eg kan ta hundane med så kan dette kanskje gå, jau, eg vil prøva. Kanskje me kan ta første møtet her hos meg, der det er tryggast, for eg er redd menneska, men ikkje dyra. Men kjenner at det er nok på tide å møta menneska no. Viss du kan vera med meg og støtta meg så er det supert!

KU: Ja, klart det! Klart du skal føla deg trygg, og eg er med deg, eg vil støtta deg slik at me saman finn ein god måte for oss begge, då kan me skapa dei mest fantastiske ting i lag.

No vart eg plutseleg obs på at dottera har heile tida stått i bakgrunn, kvar er hennar stemma – barnet si stemma? Dette kjem eg attende til, er for trøtt akkurat no, kanskje eg drøymer om ho i natt.

Dersom vi tenkjer oss at figurar i ein drøm viser sider ved drømmaren, så har det sanneleg vorti ein god samanheng inni henne ved hjelp av flyteskrivinga! Nå ser det ut til å handle om å ta i bruk ulike delar av seg sjølv. Gaffel-elementet peikte i den leia heilt frå starten av.

Men så var det dottera i bakgrunnen. Det er nok fleire lag i denne drømmen? Får vi høre barnestemma?  

Hund er best

oktober 4, 2010
                          
Ei kvinne skriv dette:
                                                   
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
                
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass. 
 
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
 
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
 
(Avsnittinndelinga er mi.)
                                                      
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
  
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
                                     
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette. 
                              
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
                         
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
                   
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
                            
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!