Posts Tagged ‘likskap’
januar 30, 2011
Ei kvinne sender meg dette:
”Her kommer en drøm fra Italia, tilhørende en herremann med navn […].
Drømmen er som følger:
Han drømte at han lå på sengen med katten sin, og så plutselig at det kom en slange ut av katten. I drømmen var katten rød og hvit, dette er en snill katt som han har et veldig fint forhold til. Slangen, en liten en, forsvant under sengen og ble borte.
Hva tror du det kan være?”
Eg prøver meg forsiktig og legg opp til ein prosess som innsendaren kan prøve på mannen om han vil:
Her er det ein stille person, ein person i ro, ikkje handlande. Han er i stille samvær. Han relaterer seg til noko(n) han har eit godt forhold til, til noko levande. Eller: Det er ein relasjon mellom noko levande og han, noko han kjenner godt, eller trur han kjenner godt. Dette vanlege trår fram i ei uvanleg framtoning? Stemmer denne analysen for drømmaren? Treffer det han?
Er han forresten forundra over at katten er raud og kvit, eller berre er det slik?
Kva er det som er kvitt i livet ditt? ville eg spurt han om. Og kva er det som er raudt? Altså ikkje generelt om raudt og kvitt.
(Eg f.eks. kjem straks på Snøkvit og Rosenraud, snø og blod, laken, kvite ark, raude roser i kinna, drap, død, raudne, skam, liljer – her hulter til bulter om begge fargane. Nemn ikkje dette for drømmaren i utgangspunktet! Ikkje invader han med andre sine betydningar!)
Kva er forskjellen på det eine og det andre? Likskap? Korleis er det eine og det andre saman? Likskap innafor det kvite og innafor det raude?
(For meg vart det tanke- og kjenslevekkande at snø, laken, kvite ark og liljer vart knytte saman. Her vart det noko fint og uskyldig og ubrukt – som eg får lyst til å bruke: gå på ski, sova, skrive. Dessutan fekk eg ein tanke om å kvile i skrivinga, eller også lidenskapleg skriving kjem eg nå på. Dei raude assosiasjonane forskrekka meg litt – uff, det er visst ikkje så enkelt, f.eks. ikkje så enkelt å skrive, kva må eg ta livet av? Raudt og kvitt er sterkt og fint saman også.)
Så skjer det noko uventa i drømmen. Det kan skje noko uventa når ein er heilt stille. Alt er ikkje som ein trur. Det kjende kan innehalde noko overraskande. Det kjende kan vera meir samansett enn ein visste om. Noko skjult kan koma fram. Treffer denne kommentaren drømmaren? Eller er eg på villspor?
Korleis reagerer mannen på at denne slangen kjem ut? Kjensler? Godt eller vondt? Kva gjer mannen i drømmen? Kan han fortelja meir om slangen? Kva slags erfaring og førestellingar har han om slangar? Kan han svara fort utan å tenkje seg om på dette: Kva er likskapen mellom ein katt og ein slange? Kva er forskjellen? Han kan godt sjå for seg katten og slangen i drømmen.
(Eg: Kattar og slange er mjuke og levande, dei hører til i naturen, dei kan vera ganske kjappe, men stille også, begge kan drepa. Umiddelbart synest eg at katten er meir heimsleg, at slangen er farlegare. ”Katten er mitt søskenbarn.” Slangen kan forgifte meg – huff.)
Kan samtalen så langt seia han noko om kva denne drømmen handlar om? Kva er det i livet denne mannen har eit roleg, godt og levande forhold til i tillegg til katten? Kan assosiasjonane så langt kaste lys over noko av det?
Dette skjulte i det levande viser seg berre ei kort stund i drømmen, så skjuler det seg att og blir borte. Er det noko som går tapt? Er det ok at katten nå er utan slange? Kvar blir det av denne slangen? Kva gjer han der han nå er? Kanskje mannen kan svara fort på dette… Korleis kjennest denne situasjonen, altså at slangen nå er der han er, eller at mannen ikkje veit kvar han er?
Eventuelt kan han prøve seg på ein dialog med slangen. Du som har vidareformidla denne drømmen, kan også be han tenkje seg at han er slangen, kjenne på korleis det er, og fortelja om det. Du kan jo stille han nokre spørsmål som han kan svara på medan han ”er” slangen. Best å svara fort. Skriv eventuelt kjapt ned. Eller han kan svara på eit ark. F.eks.:
Korleis var det for deg, slange, inni katten?
Kva tenkjer du om katten?
Kva synest du om fargane på katten?
Korleis var det å koma ut?
Kva har du lyst til å gjera nå?
Korleis blir det da?
Kva vil du, slange, fortelja han som har drømt dette?
Er det noko du, slange, kan lære han?
Svara kan bli som ei tekst, som kan lesast i samanheng. Drømmaren eller innsendaren kan lesa det høgt. Korleis er det å lesa eller høre det?
Og så er eg frykteleg nysgjerrig på kva det eventuelt vart ut av dette, og eg kan gjerne kommentere vidare.
Stikkord:analyse, ark, assosiasjon, betydning, blod, død, dialog, drap, drømmaren, drepa, enkel, farge, farleg, fellesskap, fin, forhold, forsiktig, forskjell, forskrekka, fortelja, forundra, framtoning, giftig, god, handle, høre, heimsleg, hulter til bulter, invadere, Italia, katt, kinn, kjapp, kjenne, kjensle, kjent, kommentar, kvile, kvinne, kvit, laken, lære, lesa, levande, lidenskap, likskap, lilje, liten, livet, lyst, mann, mjuk, natur, overraska, person, prøve, prosess, raud, reagere, relasjon, relatere, ro, roleg, rose, samansett, samtale, samvær, søskenbarn, seng, situasjon, skam, skje, skjult, skrive, skriving, slange, snø, Snøkvit, snill, sova, spørsmål, sterk, stille, svar, svara, tanke, tap, tekst, treffe, tru, uskyldig, uvanleg, uventa, vanleg, villspor, vond
Posta under "Slange ut av katt", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
november 19, 2010
Mannen kjenner på korleis det er å vera den vesle guten:
”En blir klappet av noen som føler seg bedre. Ubehaget blir påtakelig når du selv er voksen. Da kommer det inn det med ære, å føle seg likeverdig. Nå føles det all right.”
Han ønskjer seg eit samfunn der ein kan vera svak på ein god måte.
Kvifor er det i orden å bli klappa for denne vesle guten? Kanskje fordi det er menneskeleg likskap og fellesskap mellom dei to? Heile dette drømmearbeidet starta med ein knusande forakt for den som er liten og redd. Den yttarleggåande store og brutale, altså oksen, er ute av bildet, og vi ser ein stor porsjon tillit, likeverdkjensle og aksept. Eller?
Stikkord:aksept, ære, barn, barndom, betre, brutal, drømmearbeid, føle, fellesskap, forakt, godta, gut, indre barn, kjenne, kjensle, klappe, knuse, likeverd, likeverdig, likskap, liten, mann, menneske, menneskeleg, redd, samfunn, spørsmål, start, stor, svak, tillit, ubehag, vaksen, yttarleggåande
Posta under "Sint okse", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 12, 2010
Ho som drømte om sau og slange, har tatt imot utfordringa (sjå 8. okt.), og har skrivi i veg om likskapen mellom dei to elementa i drømmen, sau og slange, og om kva det er som er så fælt med å ikkje veta kvar slangen er:
«Mi flyteskriving:
Likskapen mellom sau og slange er kreativitet. Dei står begge for sterke kjensler. Kjennest farleg å ta i bruk noko ein ikkje heilt veit kva er. Sauen, den er i grunnen ikkje farleg. Godt å sjå han livna til. Men slangen treng eg vita kvar er, eller treng eg ikkje det? Kva om han kjem og bit meg, dør eg då? Eller kan andre ting skje? Dette veit eg ikkje. Er det trygt å ikkje vita noko? Ja, så lenge eg har tillit til prosessen, er det trygt. Eg kjenner i kroppen at dette er sterke ting, heile ryggen er i bevegelse.
Dei sterkaste kjenslene i draumen er då sauen livna til, og når slangen forsvinn.
Her foregår så mykje i kroppen akkurat no, at eg har ingen ord lenger. Men forstår at det ikkje er farleg lenger. Noko sterkt skjer, men eg veit ikkje kva, og det er greitt, men eg er no og nysgjerrig.»
Det skjer noko med denne kvinna i løpet av skrivinga: Forholdet til det ho ikkje veit, snur seg veldig.
Ho greier å registrere og uttrykke kva som hender med henne kroppsleg gjennom skrivinga – inntil ho må stoppe.
Det er spennande og flott for denne lesaren å vera vitne til kor mye skriving og tekst kan gjera, korleis skrivinga kan gripe tak og gripe inn.
Drømmaren veit best:
Det er kvinna sjølv som samlar dei to dyrebilda, sau og slange, i ’kreativitet’. Når eg har fått den nøkkelen, ser eg at denne drømmeforteljinga kan fortelja oss interessante ting om kreativitet. Å gi seg over til skaping, er å gi seg over til det ukjende. Er det ”den vesle døden”? Utrygt på ein trygg måte?
Stikkord:bevegelse, bilde, bite, dø, døden, drømmar, dyr, dyrebilde, element, farleg, fælt, flott, flyteskriving, formidle, greitt, kjensle, kreativitet, kroppen, kroppsleg, kvinne, lesar, likskap, livne, nysgjerrig, ord, rørsle, registrere, rygg, sau, skape, skrive, slange, snu, spennande, sterk, trygg, ukjend, utfordring, utrygg, uttrykke, veta
Posta under "Sau og slange", 1 GENERELT OM DRØM, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 7, 2010
Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) har laga ein dialog mellom to figurar i drømmen sin, ho med gaflane (KU) og ho med hundane (RU):
KU: Eg har tillit til at alt går an, alt er godt nok som det er. Og hei RU, er du ute og går med hundane dine. Lenge sidan sist, kor går det med deg?
RU: Jau, er no i min heim med hundane, er lite ute blant folk. Eg har i grunn valt å mura meg inne i min eigen heim, eller sjølvmedliding? Dette kom eg på nettopp no, kanskje det er det det eigentleg er? Men eg trivst med det, det er så ukomplisert og ufarlig, trygt, ingen kjem inn og forstyrrar følelsane mine så eg kjem i ubalanse. Men korleis går det med deg, KU?
KU: Jau eg er fri til å skapa det eg vil, eg lagar kunst av det eg måtte ha lyst til, alt har sin verdi, det er så gøy. Eg leikar meg framover, synest heile livet er spennande, alle menneska eg møter på min veg, det er der utviklinga og inspirasjon foregår. Har du lyst å vera med på eit kunstprosjekt, hadde ikkje det vert gøy om me kunne gjort noko i saman, kanskje noko med hundar, hunden som mennesket sin beste venn?
RU: Jau, hadde sikkert vore gøy, men eg føler meg så låst, lite verd blant menneske. Kjenner meg lukka og låst, eg er livredd for menneska, veit ikkje om dei vil meg noko godt.
KU: Men kan ikkje me ta hundane med då, dei kan leda oss – kanskje kan me sjå på deira natur kontra menneskenaturen, finst det likheiter eller motsetningar? Hugs at alt har sin verdi.
RU: Jau, når eg kan ta hundane med så kan dette kanskje gå, jau, eg vil prøva. Kanskje me kan ta første møtet her hos meg, der det er tryggast, for eg er redd menneska, men ikkje dyra. Men kjenner at det er nok på tide å møta menneska no. Viss du kan vera med meg og støtta meg så er det supert!
KU: Ja, klart det! Klart du skal føla deg trygg, og eg er med deg, eg vil støtta deg slik at me saman finn ein god måte for oss begge, då kan me skapa dei mest fantastiske ting i lag.
No vart eg plutseleg obs på at dottera har heile tida stått i bakgrunn, kvar er hennar stemma – barnet si stemma? Dette kjem eg attende til, er for trøtt akkurat no, kanskje eg drøymer om ho i natt.
Dersom vi tenkjer oss at figurar i ein drøm viser sider ved drømmaren, så har det sanneleg vorti ein god samanheng inni henne ved hjelp av flyteskrivinga! Nå ser det ut til å handle om å ta i bruk ulike delar av seg sjølv. Gaffel-elementet peikte i den leia heilt frå starten av.
Men så var det dottera i bakgrunnen. Det er nok fleire lag i denne drømmen? Får vi høre barnestemma?
Stikkord:bakgrunn, balanse, barn, del, dialog, dotter, element, farleg, figur, flyteskriving, folk, forstyrre, framover, gaffel, gøy, heim, hund, inspirasjon, kjensle, komplisert, kunst, kunstprosjekt, kvinne, låst, leik, leike, likskap, livredd, lukka, lyst, motsetning, mur, mure, natur, prøve, prosjekt, redd, redsle, sjølv, sjølvmedliding, skape, spennande, støtte, stemme, tillit, trøtt, trygg, ufarleg, ukomplisert, utrygg, utvikling, venn, verdi
Posta under "Hund er best", 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 1, 2010
Ein mann skriv:
I drømmen skulle jeg ta en eksamen. Jeg satt der og skrev i eksamenssalen. Spørsmålene var lette for meg fordi det viste seg at jeg hadde trent godt nettopp på de spørsmålene jeg fikk. Jeg følte meg som situasjonens herre. Jeg ble fort ferdig med det meste, og lurte på om jeg skulle gå tidlig eller ta en lengre pause for å se om noe kunne tilføyes etterpå eller om jeg hadde glemt noe.
Det ble til at jeg tok en lang pause. Men jeg satt ikke på stedet med vakt til stede, men befant meg snart ute på gaten og endte på en kafe. Først da ble jeg oppmerksom på at jeg i distraksjon hadde tatt med meg det jeg hadde skrevet på besvarelsen i vesken. Jeg ble sittende en god stund og gikk også innom et annet sted, så god tid trodde jeg at jeg hadde.
Men da jeg skulle gå tilbake oppdaget jeg at vesken var gjenglemt, og jeg løp innom de stedene jeg hadde vært. Men vesken var ikke å finne. Uff, da måtte jeg jo skrive besvarelsen fullstendig på nytt når jeg kom tilbake til eksamenssalen. Et raskt blikk på klokken viste at det ville bli knapp tid til det. Det var ikke noe annet enn å gå tilbake så fort jeg kunne, og prøve å få gjort mest mulig.
Men da jeg kom var studentene i ferd med å gå. Det hadde blitt oppdaget en feil i oppgavene og eksamen hadde blitt avlyst og skulle gjentas senere. Snakk om at jeg ble glad.
(Inndelinga i avsnitt er mi.)
Dette er ein drøm med mange hendingar og mange handlingar. Ein måte å finne ut av ein slik drøm på kan vera å spørja seg kva som er likt og eventuelt kva som er ulikt. Det beste er om drømmaren sjølv undersøker dette. Andre lesarar kan jo også prøve. Vi har ikkje alle saman same betydningsuniversa oppi hovudet og ikkje heile tida heller. Det kan forresten vera ein ganske vanskeleg tankeoperasjon å finne det underliggande like for ein serie med saker eller hendingar eller handlingar. Ei intellektuell utfordring, men morosamt synest nå eg!
Her kjem det som akkurat eg ser akkurat nå:
Det som stadig skjer i denne drømmen, er at det blir ikkje som ein skulle vente eller tru. Slik er det også for «jeg» i drømmen. Unntaket er i starten: Drømme-ego (= «eg» i drømmen) har trent på akkurat det han skulle; slik har han tenkt heilt riktig om framtida. Det stemmer perfekt! Men så sluttar det å stemme.
Han går ut der det ikkje er eksamensvakter. Han går på kafé midt i eksamen. Han har tatt eksamenssvaret sitt ut av eksamenslokalet. Han gløymer att eksamenssvaret og finn det ikkje att. Og så sluttar det også annleis enn venta. Det er altså stadig brot på det ein ventar. Til slutt blir det jo også sett strek over det som stemte så vakkert i starten!
Lærdommen kan vera: Det er ikkje alltid som ein trur; det går ikkje an å rekne ut alt. I livet skjer det og skjer det ting. Ein kan ikkje utan vidare vera situasjonens herre, men så kan det uventa gå bra likevel!
Korleis taklar drømme-ego alt dette som skjer? Tenk før du les korleis eg vurderer det!
Eg synest han taklar alt det uventa bra: Han får god tid og tek pause, han blir ikkje oppskaka over at han har tatt med seg eksamenssvaret ut, han leiter etter det han har gløymt, han tenkjer ut korleis han skal bruke tida, han blir glad når det går betre enn han trur.
Kva seier så drømmen alt i alt? Både at mye uventa kan skje, og også at ein kan flyte med, innrette seg etter forholda og ta kvar utfordring etter tur, og så kan det faktisk koma som ei gåve at det går bra til slutt. Det er ikkje alt ein må streva forferdeleg for å oppnå!
Stikkord:betydningsunivers, bra, distraksjon, drømme-ego, eksamen, feil, framtid, gåve, glad, glede, handling, hending, herre, hovud, intellektuell, kafé, klokke, lærdom, lesar, likskap, mann, morosam, oppgave, oppskaka, situasjon, slutt, spørsmål, stemme, streva, svar, takle, tanke, tru, ulikskap, utfordring, vente
Posta under "Eksamen", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
august 26, 2010
Det er mange som drømmer om å koma for seint – det gjer eg òg. Kva kan det bety? For det første er det slett ikkje eitt bestemt svar som gjeld for alle. For det andre vil eg heller føreslå kva drømmaren kan gjera med ein slik drøm.
Den som er så heldig å hugse ein drøm om å koma for seint, kan f.eks. gjera omtrent slik eg føreslår for togdrømmaren: Still drømmen noen spørsmål og flyteskriv.
Flyteskriving betyr at du skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre deg og kritisere og korrigere. Jau, du har lov til å bekymre deg, men da kan du skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida. – Trykk på «flyteskriving» under dette innlegget og finn mange eksempel!
Vesentlege spørsmål å stille ein for-sein-drøm kan vera: Kvar skal du? Kva skal du der? Kvifor er det viktig å koma dit? Korleis kjennest det å vera for sein? Kva slags konsekvensar har det? Kva slags hindringar møter du? Kunne du ha handla på ein annan måte? Kan du dikte opp ein ny versjon der du handlar slik at det kan gå bra?
Så kan du lesa opp teksta di for deg sjølv og/eller andre, ta vel imot teksta og kjenne på korleis du opplever ho. Og du kan undersøke teksta: Kva uttrykker ho om eg-personen og om mulegheiter? Kva er det som er spesielt for akkurat din for-sein-drøm? Korleis er han f.eks. ulik (og lik) drømmen som tog-drømmaren hadde?
Send gjerne inn for-sein-drømmar og gjerne også noe du har skrivi etterpå!
Stikkord:dikte, drømme-ego, flyteskriving, handling, konsekvens, likskap, mulegheit, sein, spørsmål, svar, tog, ulikskap, versjon
Posta under "For seint på toget", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 11, 2010
Drømmar kom, som bestilt! Det kom to drømmar frå same kvinna. Oj, for ein rikdom! Tenkje seg til, denne blogginga får ting til å skje! Vi tek ein drøm om gongen:
«natt til i går drømde eg om elefantar som var plassert i båsar. dei var rolege. men den siste eg traff på var kvit og agresiv, eg kjende at her må eg trekkja meg unna elles vil den trampa meg i hel. ekkelt.»
Dette er ein kort fortald drøm, men det er ikkje lite i han! Eg elskar forresten «små» drømmar, for eg liker godt å dvele lenge ved ting! Her er det sterke kontrastar, mye energi og mye kan hende. Eg kjenner at eg gjerne vil veta meir før eg dyttar henne for langt ut i det. Det går an å føle seg litt fram. Det er jo ikkje min drøm. Ho som eig drømmen, veit ein masse som eg ikkje veit.
Eg har fort førestellingar som slett ikkje hører heime der, og da kan det bera gali av stad! F.eks. oppdagar eg at eg sanneleg plasserer elefantane i fjøset vårt på setra på Vendalen i Sør-Fron. Det er iallfall heilt sikkert ikkje slik det var for henne!
Eg stiller ein klump med spørmål, som ho kan svara på dersom ho synest det er ok:
Kvar er desse båsane, og/eller korleis er dei? Kan du fortelja meg meir om det? Ser du noe rundt båsane? Er det f.eks. i ein bygning? Kan du fortelja alt du kjem på om omgjevnadene? Er det ein stad du kjenner, ein stad du har minne ifrå, der du har opplevd noe?
Eg føreslår at du skriv om dette før du går vidare. I det heile att: Ta eit spørsmål om gongen, skriv ned kva som helst du kjem på, sett pris på dine fyrste innfall og gjerne dei neste også – dei har stor verdi. Ikkje bekymre deg om du synest det dukkar opp besynderlege ting; det er berre fint. Aksepter også heilt «vanlege» tankar og bilde! Du kan skrive kort eller langt!
Så spør eg: Kva er ein elefant? Skriv ned det fyrste du kjem på! Dette lyder kanskje som eit unødvendig spørsmål, men eg forsikrar om at dersom du spør ti personar om dette, så får du ulike svar og vektleggingar! (Berre prøv, kjære lesar!)
Den siste elefanten er kvit, korleis ser dei andre ut?
Du «treffer» elefantane. Kva inneber det? Korleis treffer du dei? Kvar er du i drømmen, og kva gjer du? Er det noen andre der?
Nå trur eg at eg treng svar på dette før eg finn på meir med henne og drømmen – eller føreslår meir, for ho kan alltid melde pass. Og ho bestemmer sjølv om ho vil ut i verda med alt det ho har skrivi. (Det håpar eg ho vil!)
Men dette blir jo ei framhaldssoge (føljetong)! Kva kjem i neste innlegg? Nå er eg temmeleg nysgjerrig på kva som vil vise seg, for eg veit jo slett ikkje. Andre lesarar kan jo legge merke til kva dei ser for seg, og tenkje sitt om seg sjølv når dei oppdagar forskjellar og likskapar. Kor som er: Jeg spørger kun, mit Kald er ej at svare. Iallfall så langt…
Stikkord:aggresiv, bås, definisjon, drømmeform, ekkelt, elefant, energi, forskjell, framhaldssoge, handling, i hel, innfall, kontrast, kvinne, kvit, lesar, likskap, omgjevnad, roleg, Sør-Fron, små drømmar, spørmål, spørsmål, stad, svar, trampe, treffe, trekke seg, vektlegging, Vendalen
Posta under "Elefant i bås", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »