Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.» Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar. Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger. Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst. Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen? Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Archive for the ‘6 TEKST OG SPRÅK’ Category
«Rød/hvit katt savnet»
februar 18, 2011Heimflyttar skriv om draum
januar 15, 2011 @Heimflyttar Heimflyttar
2 hours ago via web Favorite Retweet Reply
The dream is not something impossible. Dreams are not vinduskonvoluttar or the sound of the lady away from the gravel and glesfset taxi door.
Eg fall for denne Twitter-teksta. Og eg fall for Google-omsettinga.
Drøm om dagen drøm om natta drøm på Twitter.
«A stillness of contemplation»
oktober 20, 2010Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.
For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?
Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.
Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.
Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker.
Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.
Drømme eller svømme?
oktober 13, 2010Å gå ut i vatn, og vips bort med tyngdekrafta, ikkje ha dette draget mot jorda, å flyte opp og røre på armar og bein omtrentleg vassrett, å ha alt dette kalde og flytande rundt seg, heilt annleis enn lufta og alle kleda som vanlegvis omgir kroppen, vera mellom himmel og jord, nå ja, nærmast jorda, kjenne ein strøm nå som elva er stor, det er temmeleg drømmeaktig, seier eg som nettopp var i Akerselva.
Drøm om Ivar Aasen
september 30, 2010Eg spør Kristin Fridtun (http://www.fridtun.blogspot.com/), Ivar Aasen-entusiast, om ho har drømt om Aasen (klikk på bildet!). Ho svarar:
Og ja! – eg har nattedrøymt om Aasen. I vår drøymde eg han Aasen var på campingtur med familien min og meg. Det var sumar og «Liderna grønka som Hagar», men Aasen gjekk inntulla i den digre, svarte frakken som han støtt er kledd i på bilete. Han og eg sat i kvar vår campingstol, på ein plen eller eng eller noko, og hadde utsyn mot ein erketypisk norsk, sumarleg fjord.
Eg minnest at Aasen tykte det var leitt med dette landsmålet hans – det var ikkje noko skap på det lenger, sa’n. Eg var samd (eg skriv helst landsmål/høgnorsk på fritida, men eg er «pragmatisk» og har ingen vanskar med å nytta gjeldande rettskriving når eg må/bør).
Vel. So det vart litt tung stemning når han tok til å syrgja over at me hadde skipla livsverket hans slik. Men han var ein fin fyr å vera på tur med, han tala lite, og det synest eg er fint.
På Facebook kan ein sjå bildet av ho som drømmer, utkledd som han ho drømmer om:
Kva drømmer ekkoet om?
september 13, 2010«Skrev om drømmen og vant»
september 13, 2010ja, eg vakna
mellom to dyner
ei pute
og eit teppe
desse skulle
vore menneske
men slik som
eg er
kan ein berre
drøyme om slik
og det gjorde eg
i natt
Av Fredrik Høstaker
«drømmer nok»
september 10, 2010«Som om jeg ikke hadde drømmer nok
til å farve en våknende by»
Slik begynner diktet «Utilstrekkelig» av Kjell Heggelund, og det står i Reisekretser frå 1966. Kva slags drømmar er dette?
Vi bruker jo «drøm» på ulike måtar: nattedrøm, dagdrøm, ønskedrøm, visjon. «I had a dream.» Språket vårt legg opp til at det er ein samanheng mellom desse fenomena. Meir samanheng enn vi oftast tenkjer på? Iallfall fekk Heggelunds dikt meg inn på det sporet. Alle desse drømmetypane har det ved seg at dei ikkje er «sanne» på vanleg vis. Og kan vi ikkje finne visjonar i drømmane våre? Om vi ser nøye etter…
Kan ikkje drømmane i diktet over vera både det eine og det andre? Klart store visjonar kan fargelegge ein by. Nattedrømmar kan også vera fantastiske og på ymse vis fargerike, og i diktet er det ein vaknande by.
Hugen fer som draumen
september 7, 2010Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :
«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.
Eit ord for alt
Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?
Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.
[…]
No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?
Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:
Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.
Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»
Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:
Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.
Og så: Les heile Fridtuns tekst!