Posts Tagged ‘dialog’

Slange ut av katt

januar 30, 2011

Ei kvinne sender meg dette:

”Her kommer en drøm fra Italia, tilhørende en herremann med navn […].

Drømmen er som følger: 

Han drømte at han lå på sengen med katten sin, og så plutselig at det kom en slange ut av katten. I drømmen var katten rød og hvit, dette er en snill katt som han har et veldig fint forhold til. Slangen, en liten en, forsvant under sengen og ble borte. 

Hva tror du det kan være?”

Eg prøver meg forsiktig og legg opp til ein prosess som innsendaren kan prøve på mannen om han vil:

Her er det ein stille person, ein person i ro, ikkje handlande. Han er i stille samvær. Han relaterer seg til noko(n) han har eit godt forhold til, til noko levande. Eller: Det er ein relasjon mellom noko levande og han, noko han kjenner godt, eller trur han kjenner godt. Dette vanlege trår fram i ei uvanleg framtoning? Stemmer denne analysen for drømmaren? Treffer det han?

Er han forresten forundra over at katten er raud og kvit, eller berre er det slik?

Kva er det som er kvitt i livet ditt? ville eg spurt han om. Og kva er det som er raudt? Altså ikkje generelt om raudt og kvitt.

(Eg f.eks. kjem straks på Snøkvit og Rosenraud, snø og blod, laken, kvite ark, raude roser i kinna, drap, død, raudne, skam, liljer – her hulter til bulter om begge fargane. Nemn ikkje dette for drømmaren i utgangspunktet! Ikkje invader han med andre sine betydningar!)

Kva er forskjellen på det eine og det andre? Likskap? Korleis er det eine og det andre saman? Likskap innafor det kvite og innafor det raude?

(For meg vart det tanke- og kjenslevekkande at snø, laken, kvite ark og liljer vart knytte saman. Her vart det noko fint og uskyldig og ubrukt – som eg får lyst til å bruke: gå på ski, sova, skrive. Dessutan fekk eg ein tanke om å kvile i skrivinga, eller også lidenskapleg skriving kjem eg nå på. Dei raude assosiasjonane forskrekka meg litt – uff, det er visst ikkje så enkelt, f.eks. ikkje så enkelt å skrive, kva må eg ta livet av? Raudt og kvitt er sterkt og fint saman også.)

Så skjer det noko uventa i drømmen. Det kan skje noko uventa når ein er heilt stille. Alt er ikkje som ein trur. Det kjende kan innehalde noko overraskande. Det kjende kan vera meir samansett enn ein visste om. Noko skjult kan koma fram. Treffer denne kommentaren drømmaren? Eller er eg på villspor?

Korleis reagerer mannen på at denne slangen kjem ut? Kjensler? Godt eller vondt? Kva gjer mannen i drømmen? Kan han fortelja meir om slangen? Kva slags erfaring og førestellingar har han om slangar? Kan han svara fort utan å tenkje seg om på dette: Kva er likskapen mellom ein katt og ein slange? Kva er forskjellen? Han kan godt sjå for seg katten og slangen i drømmen.

(Eg: Kattar og slange er mjuke og levande, dei hører til i naturen, dei kan vera ganske kjappe, men stille også, begge kan drepa. Umiddelbart synest eg at katten er meir heimsleg, at slangen er farlegare. ”Katten er mitt søskenbarn.” Slangen kan forgifte meg – huff.)

Kan samtalen så langt seia han noko om kva denne drømmen handlar om? Kva er det i livet denne mannen har eit roleg, godt og levande forhold til i tillegg til katten? Kan assosiasjonane så langt kaste lys over noko av det?

Dette skjulte i det levande viser seg berre ei kort stund i drømmen, så skjuler det seg att og blir borte. Er det noko som går tapt? Er det ok at katten nå er utan slange? Kvar blir det av denne slangen? Kva gjer han der han nå er? Kanskje mannen kan svara fort på dette… Korleis kjennest denne situasjonen, altså at slangen nå er der han er, eller at mannen ikkje veit kvar han er?

Eventuelt kan han prøve seg på ein dialog med slangen. Du som har vidareformidla denne drømmen, kan også be han tenkje seg at han er slangen, kjenne på korleis det er, og fortelja om det. Du kan jo stille han nokre spørsmål som han kan svara på medan han ”er” slangen. Best å svara fort. Skriv eventuelt kjapt ned. Eller han kan svara på eit ark. F.eks.:

Korleis var det for deg, slange, inni katten?

Kva tenkjer du om katten?

Kva synest du om fargane på katten?

Korleis var det å koma ut?

Kva har du lyst til å gjera nå?

Korleis blir det da?

Kva vil du, slange, fortelja han som har drømt dette?

Er det noko du, slange, kan lære han?

Svara kan bli som ei tekst, som kan lesast i samanheng. Drømmaren eller innsendaren kan lesa det høgt. Korleis er det å lesa eller høre det?

Og så er eg frykteleg nysgjerrig på kva det eventuelt vart ut av dette, og eg kan gjerne kommentere vidare.

To ulike drømmefigurar møtest

oktober 7, 2010

Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) har laga ein dialog mellom to figurar i drømmen sin, ho med gaflane (KU) og ho med hundane (RU):

KU: Eg har tillit til at alt går an, alt er godt nok som det er. Og hei RU, er du ute og går med hundane dine. Lenge sidan sist, kor går det med deg? 

RU: Jau, er no i min heim med hundane, er lite ute blant folk. Eg har i grunn valt å mura meg inne i min eigen heim, eller sjølvmedliding? Dette kom eg på nettopp no, kanskje det er det det eigentleg er? Men eg trivst med det, det er så ukomplisert og ufarlig, trygt, ingen kjem inn og forstyrrar følelsane mine så eg kjem i ubalanse. Men korleis går det med deg, KU?

KU: Jau eg er fri til å skapa det eg vil, eg lagar kunst av det eg måtte ha lyst til, alt har sin verdi, det er så gøy. Eg leikar meg framover, synest heile livet er spennande, alle menneska eg møter på min veg, det er der utviklinga og inspirasjon foregår. Har du lyst å vera med på eit kunstprosjekt, hadde ikkje det vert gøy om me kunne gjort noko i saman, kanskje noko med hundar, hunden som mennesket sin beste venn?

RU: Jau, hadde sikkert vore gøy, men eg føler meg så låst, lite verd blant menneske. Kjenner meg lukka og låst, eg er livredd for menneska, veit ikkje om dei vil meg noko godt.

KU: Men kan ikkje me ta hundane med då, dei kan leda oss – kanskje kan me sjå på deira natur kontra menneskenaturen, finst det likheiter eller motsetningar? Hugs at alt har sin verdi.

RU: Jau, når eg kan ta hundane med så kan dette kanskje gå, jau, eg vil prøva. Kanskje me kan ta første møtet her hos meg, der det er tryggast, for eg er redd menneska, men ikkje dyra. Men kjenner at det er nok på tide å møta menneska no. Viss du kan vera med meg og støtta meg så er det supert!

KU: Ja, klart det! Klart du skal føla deg trygg, og eg er med deg, eg vil støtta deg slik at me saman finn ein god måte for oss begge, då kan me skapa dei mest fantastiske ting i lag.

No vart eg plutseleg obs på at dottera har heile tida stått i bakgrunn, kvar er hennar stemma – barnet si stemma? Dette kjem eg attende til, er for trøtt akkurat no, kanskje eg drøymer om ho i natt.

Dersom vi tenkjer oss at figurar i ein drøm viser sider ved drømmaren, så har det sanneleg vorti ein god samanheng inni henne ved hjelp av flyteskrivinga! Nå ser det ut til å handle om å ta i bruk ulike delar av seg sjølv. Gaffel-elementet peikte i den leia heilt frå starten av.

Men så var det dottera i bakgrunnen. Det er nok fleire lag i denne drømmen? Får vi høre barnestemma?  

Drømmesyntaks

september 7, 2010

Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».

Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.

Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.

Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?

Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.

Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!   

Forteljingar mot blått

mai 23, 2010

“Drømmen betyr mye for meg. Eller rettere sagt, skjæringspunktet mellom drøm og virkelighet.” (Frå intervju med Eva Harr i katalog 2008)

 “Samtaler med naturen, streif av minner og billedinntrykk former mange av mine bilder. Erindringer, vage antydninger fra drøm og virkelighet er et tilbakevendende utgangspunkt for min billedverden.” Dette skriv ho på heimesida si (www.evaharr.no).

Utstillinga “Fortellinger mot blått – og nye horisonter” er å sjå på Oscarsborg uti fjorden ved Drøbak (22. mai – 12. september). Somme av bilda kan ein få ein forsmak på – eller god ettersmak av – via heimesida, men best er ein båttur og borgtur og inn i det blå.  

Titlar som “Tegn i natten”, “Tegn mot midnatt” og “Etter drøm” kallar sterkt på denne lesaren/sjåaren. Og altså ikkje berre titlane! Sjå f.eks. på teikna i natta over (eller for å få ei litt betre natt, klikk heller : http://www.evaharr.no/grafikk_2.html). For min del sitt eg her og tek innover meg tre hovudlag med teikn: nære teikn av greiner som forsvinn tynne i mørkret på ei grense, snøteikn som plutseleg kan vera både ansikt og nervar og stjerner og enda meir og er der og er der, men snø har det jo med å minke og forsvinne og koma att, stjerneteikn i det uendelege langt langt borte som viser seg fordi det er natt og klart.

Dialog mellom det indre og ytre landskapet skriv Eva Harr om på heimesida si. Gjennom bilda hennar kan vi koma på spor av våre eigne indre landskap, og det kan bli dialogar mellom mange indre landskap, kan det ikkje? Når berre dei indre landskapa våre gir seg til uttrykk…

Vil du vera med på drøm?

mai 11, 2010

Har du lyst til å få innspel på ein nattedrøm du har hatt? Da kan du skrive han inn som kommentar til dette innlegget, og kan hende trekker eg han fram i bloggelyset. Kanskje blir det ein dialog av det. NB!  Hugs at andre ser det vi skriv! Du kan også koma med generelle kommentarar eller spørsmål om drøm. Velkomen!