Posts Tagged ‘bok’

Framside og innside

mars 2, 2011

Framsida på denne splitter nye boka er grunn nok til å legge ut eit spor:

http://oktober.no/nor/boeker/skjoennlitteratur/lyrikk_dramatikk/ti_liknande_versjonar

«Dikt som improviserer og motseier seg sjølv, dikt som syng og tvilar på sin eigen song, dikt som kommenterer si eiga tilbliving. Dikt som handlar om å bli til for seg sjølv og for andre, saman med andre og saman med seg sjølv.»

Og så ser eg fram til å halde boka i handa og opne ho og sjå kva som er der og korleis.

Erling Kittelsen: Et døgn over Le

januar 22, 2011

Det kom ei 30 år gammal bok i hendene mine seint i går kveld: Et døgn over Le av Erling Kittelsen.

Eg få lyst til å drømmenippe.

Her les eg om å nå kvarandre ”med spissen av enkelte drømmesetninger”, svømme ”ut og inn av hverandres drømmer omtrent som fisk mellom to havnebasseng”, om Jara ”som skalv i drømme nær en fosskant”, om ”tordendrøm”, å ligge i ”en ferskenlys søvn”, om ”skremmende drømmesagn”, å sitta ”på kanten av/ søvngalleriet – med utsikt/ til glitrende elvebunn”, om ”en lang klam/ frakkedrøm med eggende/ glostifter til”, om Jara ”som drømte en tynn drøm/ klar mot huden på en vond hæl”, om terna som ”forvåknet seg”, om Veslebror som ”satt der taus i slåbrok,/ han hadde hatt store drømmesyner”, om Dyke som ”drømte om fargene i Jaras/ belte og sov litt til”, om Jara som ”drømte om gråtonen” i Dykes/ frakk og sov litt til, om Dyke og Jara som står ”opp som klippet ut for/ hverandre med søvn hengende/ i ømme skuldre”.

Og da har eg berre nippa ørlite grann til spissen av somme setningar i alt dette, og eg seier ikkje meir.

Siri Hustvedt om fiksjon og drøm

januar 19, 2011

Fiksjon er temmeleg likt drøm, seier den norskætta forfattaren frå Minnesota i eit intervju i «Bok i P2» torsdag 20. januar kl. 17.03. Intervjuet ligg også ute på Internett: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7469458. Hustvedt har norsk mor (frå Mandal) og norsk farfar og svært nært forhold til norsk språk og kultur. Ho har doktorgrad i litteratur og har gitt ut fire romanar, dessutan essay og dikt. Ho bur nå i New York.

Det eg ønskjer i arbeidet mitt, er ei emosjonell sanning, sjølv om handlingane til personane er fullstendig er fiktive. På den måten er det som å drømme, seier Hustvedt.

Siri Hustvedt har prøvd skriving med psykiatriske pasientar. Å skrive fikserer tankane; det er ikkje som å snakke, der tankane fordampar i luft, seier ho.

I mai er ho invitert av Freud Foundation til å halde det årlege Freud-føredraget i Wien. Ho kjem til å ta for seg sambandet mellom narrativ kunst og drøm, og ho poengterer det ubevisste i skapingsprosessen.

Så kom endeleg ein bjørn

september 27, 2010

I natt var det ein bjørn i barndomsheimen min:

Ein bjørn går utan vidare roleg omkring i stua, på kjøkkenet, i spiskammerset. Han ser litt smalare ut enn eg trudde ein bjørn skulle vera, og han er nokså lys, nærmast kvit og litt grå. Eg er litt usikker på om han er farleg, men eg trur i grunnen ikkje det. Eg klemmer han endatil rundt snuten. Blir han terga nå? tenkjer eg. Går han til angrep? Men det gjer han ikkje.

Hei bjørn, velkomen! Kva kan vi få til nå, når du er med? Roleg og sterk, og kanskje litt farleg, dette liker eg! Det har vori lite av ville dyr i drømmane mine.

Denne gongen slår eg opp i Medicine Cards av Jamie Sams & David Carson, St. Martin Press, New York 1999, og eg finn bl.a. dette om bjørnen:

«Bear seeks honey, or the sweetness of truth, within the hollow of an old tree. In the winter, when the Ice Queen reigns and the face of death is upon the Earth, Bear enters the womb-cave to hibernate, to digest the year’s experience. […] To accomplish the goals and dreams that we carry, the art of introspection is necessary.»

«In choosing Bear, the power of knowing has invited you to enter the silence and become acquainted with the Dream Lodge, so that your goals may become concrete realities. This is the strength of Bear.»

«The time has come to regain your authority, for no one knows better than yourself what is proper and timely for your evolution.»

Og så er det enda mye meir til å bli modig og glad av! Har du ein bjørnedrøm, så les i denne boka! I boka kan du lesa om 52 dyr. Boka hører saman med ein dyrekortstokk som du kan trekke kort frå. Dersom du vil ha noko i tillegg til eller saman med drømmestoff, så føreslår eg Medicine Cards. (Boka må sannsynlegvis bestillast frå bokhandelen – iallfall var det slik ved det siste forsøket mitt.) 

Akkurat i dag var det fint at denne bjørnen dukka opp. Kanskje fortel eg kvifor. Seinare.

Er det andre som har drømt om bjørn? Det vil eg gjerne høre om.

Boka eg kom på

august 25, 2010

Før eg visste ordet av det, gjorde eg det som eg bad bokdrømmaren gjera: Eg såg for meg ei bok. Det var Koste-Kari av Astrid Lindgren, ei bok med forteljingar, som faktisk var den første boka eg las heilt på eiga hand.  Og eg kom på tittelforteljinga, den om vesle sju år gamle Kari som er rask og modig og pågangsrik og går inn i rolla som torgkone da bestemora uventa og svært ubeleilig bryt av foten like før jul.

Jaha, kva slags melding er dette til meg? Eg må smile. Eg kan faktisk behøve ei melding om at eg kan få til ting når det trengst, at eg kan gå inn i nye roller, at det berre er å kaste seg ut i det! Nå vart eg skikkeleg oppkvikka!

Denne framgangsmåten likte eg! Takk, mann, for denne drømmen! Og kjære lesarar, prøv sjølve! Meld gjerne resultatet til meg og bloggen!

Kva er ei bok?

august 25, 2010
Mannen med bokdrømmen svarar slik:
  
En bok kan vara ett föremål, en ägodel, men tänker man främst på innehållet är det information, eller, som jag hellre ser det, ett meddelande.
 
Dersom vi koplar dette med drømmen om bokleitinga, kan vi seia at «jag» i drømmen leiter etter ei melding, og det ser altså ut til å vera ei melding som det er viktig å finne. Det er ei melding som han i og for seg «har», han «eig» denne meldinga (?), han skulle altså ha god tilgang på dette som er viktig å få greie på, men samtidig finn han det ikkje.
  
Ein drøm kan ein jo også sjå som ei melding frå seg sjølv til seg sjølv. Og om seg sjølv. Kva melder denne drømmen om han som drømmer? Eg leiter, og da finn eg ei melding om ein mann som er på leiting, han vil finne noe, leiter han etter meining? Han vil ta imot noe som er uttrykt. Han bruker energi på å finne dette meiningsfulle.
  
Eller kan vi sjå drømmen som ei oppfordring? Hallo mann, seier drømmen, det finst ei viktig melding til deg, som du må leite etter.
  
Kva handlar meldinga om? Det veit vi ikkje. Ein måte å koma vidare på kunne vera om drømmaren sette seg roleg ned, let att augo, gjekk tilbake i drømmen, bestemte seg for å sjå for seg ei bok, la merke til kva som var den første boka som dukka opp som eit indre bilde. Kva melder den boka om livet?
  
Nå spørst det om mannen vil prøve dette!

”jeg vaagnet i sved”

juni 24, 2010

Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.

Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.

Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!

Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.

Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.

 Nå går vi inn der drømmen brest:    

”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,

ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;

i bølger av iskold stjernedugg

hamret mit hjerte, hug i hug –

Men drømmen forblev i mit hjertes nat;

fra ungdom til moden alder

[…]”

Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!

Har eg ein så kraftig drøm? Har du?

Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?

Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!

Ikkje hopp ut straks!

juni 22, 2010

Den som hoppar kjapt over frå drøm til tenking og tolking, kan miste mulegheiter. «Vesle vitet det strekk ikkje til,» skreiv Ivar Aasen. Det finst alltid tilliggande herlegheiter, som ei isbre eller einsemd eller sårheit. Kva kan ein ikkje oppdage om ein går vidare med drømmejakka på!? Om ein går frå rom til rom SAD & CRAZY? (Nå var eg altså på ein boktittel av Jan Erik Vold.) Bli i bildet, og du får fleire bilde! Utviding og innviding. Og så kan tanken ordne. F.eks. slik kan det gå for seg.

Elefantar her og der

mai 12, 2010

I går kveld kom ein venn innom, og da måtte det bli snakk om elefantar. Kva er ein elefant? spurde eg, og han sa at det er eit stort dyr med god hukommelse. Og så begynte han å fortelja oppskakande historier om korleis elefantar har det blant folk. Eg skal avstå frå å referere det her og nå, for det kan vera å legge for mye fremmendt inn i prosessen for elefantdrømmaren.

I dag vakna eg tidleg og tenkte på elefantar igjen, og eg hugsa ein liten glaselefant som eg lånte ein gong, og eg oppdaga at eg sakna han. Eg tenkte på at andres drømmar kan røre opp i oss, og at det er fint. Plutseleg er det elefantar i samtaler og morgontankar! Verda er full av betydning! Eg kjem på eit dikt av Einar Økland, som handlar om at det skal vera elefantar i alle bøker! Men kvar har eg nå det diktet?