Posts Tagged ‘kontrast’

Bli kjend med oksen!

november 18, 2010

Mannen seier til den vesle guten i drømmen:

”Du må nok prøve å bli kjent med oksen og skjønne at han ikke vil deg vondt og prøve å forstå hvorfor han gjør det han gjør. Og så vet du at du kan klare deg neste dag, sjøl om du har vært redd i dag.”

Kommentar om teksta frå meg:

Her ser vi at kontrasten mellom oksekreftene på den eine sida og redselen i guten på den andre sida ikkje er så skarp lenger. Nå er det mild godtaking av begge partar. Den som kjenner seg veik og redd, kan dessutan finne eit hjelpemiddel i kjennskap og forståing og kunnskap både om seg sjølv og om det farlege.

Spørsmål til mannen:

Dersom du går inn i drømmen som den vaksne mannen du er i dag, og ser på oksen og den vesle guten som du var i drømmen, kva gjer du da?

Reddhare og veikling

november 18, 2010

Mannen med oksedrømmen skriv:

«Oksen tenker at han får sånn lyst til å skremme denne reddharen som blir nervøs først han ser oksen, slike veiklinger bør ikke ha livets rett, egentlig. De må bli tøffe ved å skremmes mer enn de har godt av.»

Mannen skriv at oksen vil vise krefter, vise at han liker han, at oksen er overmodig og brutal.

Min kommentar:

Her ser vi at redsel og nervøsitet står i kontrast til å vera tøff, vise krefter, vera overmodig og brutal. Han som har drømt, tek parti for den sterkaste, ser det ut for. Med synsvinkel hos oksen formulerer han det utan nåde: Han bruker dei foraktande og knusande karakteristikkane ”reddhare” og ”veikling”, og dommen er at den redde ikkje har rett til å leva!

Ops! Nå reknar eg med at alle figurar i ein drøm er sider ved drømmaren. Kjenn etter om det stemmer! Hei mann, korleis ser du på dine redde og veike sider? Godtek du alle dine sider, både veike og tøffe?

Til slutt i teksta over kjem det ein mildare tone, for der står det jo vitterleg at ”reddharen” ikkje har godt av å bli skremd! Nå er skrivaren på den veike si side, eller vi kan seia at han godtek dei veike sidene med omsorg og varme.

Skriveforslag til mannen:

Ei vidare skriving kunne vera å gå lenger i denne varme omsorga for den redde vesle guten (som han var ein gong, og som han har i seg ein stad?). Han kunne f.eks. starte ei tekst med ”Kjære redde vesle gut…” og så skrive i veg fort og flytande med mildt sinn og sjå kva som kom.

Stillare nå?

oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska, utsnitt av "I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta" i Sagene kirke, 10.10.10 osv. Foto: Tordis Irene Fosse

Litt meir lys, litt mjukare. Betre slik?

Hund er best

oktober 4, 2010
                          
Ei kvinne skriv dette:
                                                   
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
                
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass. 
 
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
 
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
 
(Avsnittinndelinga er mi.)
                                                      
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
  
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
                                     
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette. 
                              
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
                         
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
                   
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
                            
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!
 

Flyteskriving – og så?

juni 10, 2010

Eit neste steg kan vera å lesa gjennom og kjenne etter kvar det er noe som berører på eitt eller anna vis. Eg fann noe eg likte i den fiolett-blomstrete skrivinga:

«Det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Så såg eg på det. Det ligg krav i denne teksta: Det skal ikkje vera slik, men slik. Vel, det er jo meir moderat, ser eg nå: Det kan vera både slik og slik! Men så kom eg på at kravet er innfridd. Det er faktisk slik ordninga er. Og da formulerte eg det om til å handle om korleis det er:

«Det er ikkje alltid vinter. Av og til er det blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Dette er da ei optimistisk tekst, er det ikkje? Det stig og stig! Frå ingenting til ganske ofte. For dette som aukar på, opplever eg som noe fint og fargerikt og levande. Og eg ser det enda for meg i vegkanten. Det er fint der ein ferdest. Hm. Sanneleg har blomane i løpet av skrivinga og seks minutt komi ut av veggen og vorti tredimensjonale og levande! Og når eg snur blikket frå teksta og PC’en og ut av vindauget, ser eg at sola skin på lauvet, og eg veit at sykkelen står der ute.

Framgangsmåte:

Eg gjekk frå ein kontrast i ein drøm til flyteskriving til gjennomlesing til utplukking av tekstdel til inntak av tekstdelen til justering av den vesle teksta til å kjenne på denne teksta til å gå frå teksta til det ytre livet her og nå og sannsynlegvis til handling.

Er vi ferdige med elefantdrømmen?

mai 13, 2010

Nei, eg synest ikkje det. Det er noe eg har lyst til å finne på med drømmaren. Men til det kunne vi trenge eit verktøy som prat (bokmål: ”chat”) på facebook. Det finst visst ikkje her på WordPress? Kanskje vi tek ein sving innom facebook? Og kanskje skriv eg noe utpå sida her om kontrastar som nøkkel, og det eine med det andre.

I efta kom det elefantar – i drømmeform

mai 11, 2010

Drømmar kom, som bestilt! Det kom to drømmar frå same kvinna. Oj, for ein rikdom! Tenkje seg til, denne blogginga får ting til å skje! Vi tek ein drøm om gongen:

«natt til i går drømde eg om elefantar som var plassert i båsar. dei var rolege. men den siste eg traff på var kvit og agresiv, eg kjende at her må eg trekkja meg unna elles vil den trampa meg i hel. ekkelt.»

Dette er ein kort fortald drøm, men det er ikkje lite i han! Eg elskar forresten «små» drømmar, for eg liker godt å dvele lenge ved ting! Her er det sterke kontrastar, mye energi og mye kan hende. Eg kjenner at eg gjerne vil veta meir før eg dyttar henne for langt ut i det. Det går an å føle seg litt fram. Det er jo ikkje min drøm. Ho som eig drømmen, veit ein masse som eg ikkje veit.

Eg har fort førestellingar som slett ikkje hører heime der, og da kan det bera gali av stad! F.eks. oppdagar eg at eg sanneleg plasserer elefantane i fjøset vårt på setra på Vendalen i Sør-Fron. Det er iallfall heilt sikkert ikkje slik det var for henne! 

Eg stiller ein klump med spørmål, som ho kan svara på dersom ho synest det er ok: 

Kvar er desse båsane, og/eller korleis er dei? Kan du fortelja meg meir om det? Ser du noe rundt båsane? Er det f.eks. i ein bygning? Kan du fortelja alt du kjem på om omgjevnadene? Er det ein stad du kjenner, ein stad du har minne ifrå, der du har opplevd noe?

Eg føreslår at du skriv om dette før du går vidare. I det heile att: Ta eit spørsmål om gongen, skriv ned kva som helst du kjem på, sett pris på dine fyrste innfall og gjerne dei neste også  – dei har stor verdi. Ikkje bekymre deg om du synest det dukkar opp besynderlege ting; det er berre fint. Aksepter også heilt «vanlege» tankar og bilde! Du kan skrive kort eller langt!

Så spør eg: Kva er ein elefant? Skriv ned det fyrste du kjem på! Dette lyder kanskje som eit unødvendig spørsmål, men eg forsikrar om at dersom du spør ti personar om dette, så får du ulike svar og vektleggingar! (Berre prøv, kjære lesar!)

Den siste elefanten er kvit, korleis ser dei andre ut?

Du «treffer» elefantane. Kva inneber det? Korleis treffer du dei? Kvar er du i drømmen, og kva gjer du? Er det noen andre der?

Nå trur eg at eg treng svar på dette før eg finn på meir med henne og drømmen – eller føreslår meir, for ho kan alltid melde pass. Og ho bestemmer sjølv om ho vil ut i verda med alt det ho har skrivi. (Det håpar eg ho vil!)

Men dette blir jo ei framhaldssoge (føljetong)! Kva kjem i neste innlegg? Nå er eg temmeleg nysgjerrig på kva som vil vise seg, for eg veit jo slett ikkje. Andre lesarar kan jo legge merke til kva dei ser for seg, og tenkje sitt om seg sjølv når dei oppdagar forskjellar og likskapar. Kor som er: Jeg spørger kun, mit Kald er ej at svare. Iallfall så langt…