Posts Tagged ‘luft’
januar 19, 2011
Fiksjon er temmeleg likt drøm, seier den norskætta forfattaren frå Minnesota i eit intervju i «Bok i P2» torsdag 20. januar kl. 17.03. Intervjuet ligg også ute på Internett: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7469458. Hustvedt har norsk mor (frå Mandal) og norsk farfar og svært nært forhold til norsk språk og kultur. Ho har doktorgrad i litteratur og har gitt ut fire romanar, dessutan essay og dikt. Ho bur nå i New York.
Det eg ønskjer i arbeidet mitt, er ei emosjonell sanning, sjølv om handlingane til personane er fullstendig er fiktive. På den måten er det som å drømme, seier Hustvedt.
Siri Hustvedt har prøvd skriving med psykiatriske pasientar. Å skrive fikserer tankane; det er ikkje som å snakke, der tankane fordampar i luft, seier ho.
I mai er ho invitert av Freud Foundation til å halde det årlege Freud-føredraget i Wien. Ho kjem til å ta for seg sambandet mellom narrativ kunst og drøm, og ho poengterer det ubevisste i skapingsprosessen.
Stikkord:bok, doktorgrad, emosjon, emosjonell, farfar, fiksere, fiksjon, fiktiv, fordampe, forfattar, Freud, handling, Internett, intervju, kultur, kunst, luft, Mandal, Minnesota, mor, narrativ, New York, norsk, norskætta, P2, pasient, psykiatri, radio, sann, sanning, Siri Hustvedt, skapingsprosess, skrive, skriving, snakke, språk, tanke, ubevisst, Wien
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
oktober 23, 2010
Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Stikkord:"Og vesle lerka", åtvaring, bakke, bukse, dale, dør, eg, emning, endeleg, flekk, flyteskriving, fri, gå under, glad, gløyme, god, gul, haust, heime, heimestrikka, himmel, hopp, hoppe, hugse, huj, jente, jord, kjelke, kjellar, kvede, kvinne, kvit, lande, lerke, lita, liten, luft, lyst, mjuk, ok, papp, Per Sivle, plate, rund, sau, såmmårn, sår, såre godt, sjå, sjølv, ski, skli, slik, smelte, snø, snømann, sol, sommar, song, springbrett, stad, stille, strikke, tekst, tekstdel, tillitsfull, topp, tru, tuve, tuvetopp, ull, ullbukse, varm, vår, veg
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 23, 2010
Og kvinna tek utfordringa på strak arm.
Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre.
Men eg hadde gløymt kven eg var.
Eg skammar meg over alt dette.
Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er.
Og draumen om alt eg ynskjer å vera.
Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.
For slik er jo livet for fleire enn meg.
Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?
Ja, det krev mot til å vera menneske.
Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.
Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.
Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?
Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.
Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.
Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!
Hei kvinne, korleis var dette?
Stikkord:"Neve med rose", andre, angst, asfalt, avsnitt, åleine, ære, ønske, begeistra, bilde, død, drømmesau, dum, dynamikk, dynamitt, eg, fantastisk, flau, flyteskriving, fornekte, forslag, fryd, gjerning, glømme, gløyme, glede, god, gro, hand, handling, kjensle, kvinne, lesar, livet, luft, menneske, misunnleg, mot, motløyse, neve, Ola Enstad, rose, sau, skam, skrivar, skulptur, spørsmål, spenn, spenning, sprell levande, sprengstoff, stolt, strekke til, synleg, tekst, tvil, utfordring, vegg, vera, vilje
Posta under "Sau og slange", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 13, 2010
Å gå ut i vatn, og vips bort med tyngdekrafta, ikkje ha dette draget mot jorda, å flyte opp og røre på armar og bein omtrentleg vassrett, å ha alt dette kalde og flytande rundt seg, heilt annleis enn lufta og alle kleda som vanlegvis omgir kroppen, vera mellom himmel og jord, nå ja, nærmast jorda, kjenne ein strøm nå som elva er stor, det er temmeleg drømmeaktig, seier eg som nettopp var i Akerselva.
Stikkord:Akerselva, annleis, armar, bein, drag, drømmeaktig, elv, flyt, flytande, flyte, gå, himmel, jord, kald, klede, kropp, luft, røre, stor, strøm, svømme, symje, tyngdekraft, vassrett, vatn, vips
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
oktober 9, 2010
Eg må berre vise til Diktkammeret igjen!
Dersom du klikkar deg fram, kan du lesa diktet og kommentar til diktet, bl. a. frå ein som synest at «dette var bare kjempekuuult! Liker slike drømmedikt (har selv samlede verker på lager. det gjenstår bare å transformere dem til poesi)».
Og forfattaren av diktet svarar at «Det er utrolig morsomt å gjøre noe kreativt ut av drømmer.»
Altså: La drøm bli dikt, og send dei dit eller hit!
PS Heng gjerne hengekøya di opp mellom to stjerner. Ta sjansen!
Gynge meg våken
Skrevet av csmack, lest 86 ganger
8. oktober 2010 kl. 13.10
Jeg drømte
at vi lå i en hengekøye
som hang mellom to stjerner
og ingenting under oss
et kilende sort hull
varm uten luft
og kroppen din var gipset
ansiktet hadde to innstillinger
Kom, og kom nærmere
Da jeg våknet, var du fortsatt urørlig
spikret fast til byfortauet
en elghund tygget på leppene dine
som presset frem
en pappeske du hadde gjemt for lenge
Jeg vipper oss ut
og vi lander i strømledninger
Vi sitter fast og venter på å bli stekt
Dette er en gyngende måte å
leve på eller
drømme
og jeg hater elghunder
http://debatt.dagbladet.no/diktkammeret/debatt/read_post.html?board_id=1&post_id=779745&thread_id=779766
Stikkord:ansikt, ask, by, dikt, Diktkammeret, drømmedikt, elghund, eske, fast, forfattar, fortau, gips, gjømme, gynge, hate, hengekøye, hol, hund, ingenting, innstilling, kile, kreativ, kropp, lande, leidning, leppe, leva, luft, moro, nær, papp, poesi, presse, sjanse, spikre, steike, stjerne, strøm, svar, svart, transformere, tygge, urørleg, vaken, varm, vente, vippe
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »
september 10, 2010
Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)
Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.
Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:
«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»
Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.
Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.
Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.
Stikkord:Basel, bestemor, bilde, brus, dal, drømme-ego, dream, flyteskriving, flytetekst, forandring, fremmend, gåte, høre, inkludere, innfall, jente, kake, kjenne, klar, kropp, kunst, leik, lesar, luft, mann, Miro, plutseleg, prosjekt, Raudhette, rygg, samtale, sør, sein, sirkel, sjå, sjokolade, skrive, småsnakke, smile, snakke, spenning, strek, teikne, tekst, tog, tullete, utstilling, utvide, vegg, vennleg, vilje, visjon
Posta under "For seint på toget", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
august 30, 2010
«2rvund Så pakka han saman orda. Smekka att koffertlokket, såg på dei og sa: Dei orda mine som dukkar opp i draumane dykkar, er ikkje lenger mine.»
Mm, her er det noe å fundere over… Fyrst trudde eg at «han» ser på orda, men det er vel ikkje slik det er. Det er nok folk der, tenkjer eg, folk som har hørt på «han». Ord her og ord der. Ord i forvandling. Ord avlar ord. Mitt. Ditt. Innestengde ord. Ord i søvne. Nyfødde ord. La dem vandre, fra den ene til den andre. Nettopp nå er ringen hos deg. Og jo mere vi er sammen.
Den siterte teksta er frå Twitter, Helge Torvund, som skriv store mengder med bittesmå tekster, twittersmå, og eg les og les, og det er instant-tekster som godt kan blandast ut i vatn eller luft og takast inn her og der tidleg og seint.
Stikkord:avle, åleine, bittesmått, der, folk, forvandling, Helge Torvund, her, innestengd, instant-tekst, koffert, lesa, lokk, luft, mann, nyfødd, ord, ring, saman, søvn, sein, sitat, smekke, tidleg, twitter, twittersmått, vandre, vatn
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
juni 14, 2010
Den fjerde drømmen i denne serien handlar om å klappe ei løve:
”Eg” klappar ei tam løve. – ”Eg” ser folk går i lufta. ”Eg” undrar seg over det, men oppdagar at dei går på usynleg glas eller plast og tenkjer at ”eg” også kan gå der, og det gjer ”eg”. ”Eg” er på veg til eit fly.
”Eg” i drømmen får til:
Ho er nærverande og kjærleg.
Ho undrar seg og undersøker.
Ho lærer av andre.
Ho er tillitsfull.
Ho gjer uvanlege og dristige ting.
Ho er på veg til noe.
Er det ikkje flott? Eg skulle gjerne hatt ein slik drøm sjølv!
Denne drømmen kunne det forresten vera ekstra spennande å gjera meir med! Vi får sjå…
Stikkord:drømme-ego, dristig, flott, fly, folk, glas, klappe, løve, luft, oppdage, plast, tam, tillit, undersøke, undring, usynleg, uvanleg, veg
Posta under "Klappe løve", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »