Posts Tagged ‘kontakt’

Etter drømmen døydde katten

februar 16, 2011

Kvinna i Italia melder:

Det som skjedde like etterpå, var at katten hans døde. Denne katten var han veldig glad i. Den fineste katten han har hatt, sier han.

Selv tror han at slangen symboliserer hans egen åndelighet, og kattens. Han mener at han har kommet mer i kontakt med seg selv i det siste. Han har nok blitt såret, og nylig opplevd at noen ikke har vært som de utga seg for å være.

I drømmen ligger han bare på sengen, og gjør ingenting, bare observerer.

Tror du at drømmen handler om mer enn et forvarsel på kattens død? Kan det være noe i at han selv mener at slangen er kattens ånd som ga beskjed om at den skulle reise videre?

Ja, eg trur alltid det går an å finne mange ulike betydningar i ein drøm – som i tekster. Betydning er ikkje noko avgrensa og fastlagt, slik eg ser det. Det er berre å møte drømmen på fleire måtar og sjå kva som skjer. Som du såg, hadde eg nokre forslag til måtar å møte denne drømmen på.

For meg viser drømmen om katten og slangen bl.a. at det ikkje alltid er som ein trur, det kan vera dramatisk annleis. Noko kan vera meir komplekst enn ein visste om. Ein stille og roleg tilstand, kan dessutan plutseleg forandre seg sterkt. Dette liker eg for min del godt å tenkje på!

Det ser jo ut til at han som har drømt, er i ferd med å oppleva seg sjølv og andre meir komplekst enn før – på godt og vondt. Det er vel ein god ting å forstå korleis ting heng saman, sjå noko av korleis andre er, og korleis ein sjølv eigentleg er?

Eg seier med Veslemøy i Haugtussa (Garborg) at heller vil eg med augom sjå enn blind og dauv gjennom verdi gå og ikkje det sanne skilja. Like godt at katta kjem ut av sekken eller slangen ut av katten!

Elles stolar eg for det meste på det som ein drømmar tenkjer om drømmen sin, og om samanhengar han kjenner mellom drømmen og livet. Eg reknar det som ei innsikt eg ikkje har myndigheit til å dra i tvil. Assosiasjonane og tankane hans er jo eit faktum!

Kva tenkjer du og han om dette?

Hund er best

oktober 4, 2010
                          
Ei kvinne skriv dette:
                                                   
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
                
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass. 
 
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
 
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
 
(Avsnittinndelinga er mi.)
                                                      
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
  
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
                                     
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette. 
                              
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
                         
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
                   
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
                            
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!
 

Død, jobb, homofil

juni 14, 2010

Den tredje drømmen i denne serien er om død, homofil mann, vera dyktig i jobb

”Eg” kjenner at noen vil dø. ”Eg” sitt saman med ein homofil mann. ”Eg”-personen seier at ho veit han jobbar på sjukeheimen og er svært dyktig.

Ho får til:

Ho kjenner på viktige ting.

Ho har kontakt med framtida.

Ho gir den andre anerkjenning.

Start i livsproblem

juni 14, 2010

Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:

  • Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
  • Ho vil vera ein god leiar.
  • Ho treng å fordele ansvar på fleire.
  • Det er for mye for henne.
  • Det er uoversiktleg.
  • Ho tek på seg for mange oppgåver.
  • Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
  • Ho kjenner seg negativ.
  • Ho er utsliten.
  • Ho kjenner behov for å flykte frå problema.

 Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?

Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.

Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.

 Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.

Er alle drømmar verdt å bry seg med?

mai 29, 2010

Drømmen vil deg vel, minner Ola Winsvold oss om i innlegget 25. mai. Og ein må samtala med drømmen.

Kyss drømmen, seier eg. Går det an å kysse ein drøm? Det handlar om å kontakte drømmen, vera nær han, vera villig til å la han bety noe, glede seg over han…

Eg begynner å like det bildet, den metaforen.

I går vakna eg og hugsa vagt ein drøm. Ein kjedeleg, litt strevsam drøm. Men nå må eg gjera som eg sjølv oppfordrar til, tenkte eg, og såg grått på det. Kan det vera noe å få ut av dette vesle herket?

Det er fælt nok å kysse troll og froskar og gå klin innpå monster i mareritt, men å gå inn i det heilt likegyldige? Skal eg det?

(Meir?)

Elefantavsløring – ein skurk syner seg

mai 16, 2010

I dag tidleg fekk eg veta dette:

«Den som har plassert elefanten i båsen er eg. ikkje løye den er sint på meg. eg vil klappa den bak, men han vert sint. og det er trongt i båsen, kor er eigentleg heile verden utanfor båsen. eg ser den ikkje. kjennest som elefanten er aleine i verda. d.v.s. at det er kun han og eg her, utan kontakt med det rundt. i grunnen ikkje rart når eg først oppdaga at det er slik det er.»

Eg hadde lagt inn eit spørsmål til drømmaren kven som hadde plassert den kvite elefanten i båsen, og bedt henne svara fort utan å tenkje seg om, det fyrste som fall henne inn. Og sanneleg kom den hemmelege kunnskapen fram!

“pojke och flicka och de satt tilsammans”

mai 14, 2010
  
Matematikklekse-drømmaren svarar i formiddag:
  
«Relasionen till honom ganska likgiltig, blev bättre efter att ha slutat skolan även om kontakten är minimal, men han ringde up mig för ett par år sedan i samband med ett jubileum jag inte var med på. Ett nytt jubileum den 22:a som jag inte heller tänker vara med om. Barnen tio-tolv år, pojke och flicka och de satt tillsammans så jag tror de samarbetade. Matematik, lösa gåtor och lägga ihop. Läxa, något man måste göra. Klasskamraten var inte med i drömmen I ett hus, ett mindre vardagsrum och jag var med men som åskådare eller medhjälpare vet jag inte riktigt. Men jag visste ju vad de gjorde och det var inte som allvetande utan som deltagare.»
 
Her handlar det om oppgåver som må gjerast, og drømme- ego («jag» i drømmen) trekker seg ikkje unna slike oppgåver. Ein styrke! Den nødvendige oppgåva er finne ut av spørsmål, av noe gåtefullt, og det er å få til samanheng (legge ting i hop, så dei blir eitt).
  
Det ser ut til at det trengst samarbeid for å få dette til. Det er eit bilde av å ikkje vera åleine og overlaten berre til seg sjølv, men vera i fellesskap. Og det kan vera eit bilde av samarbeid mellom ein maskulin og ein feminin instans. Det kan ein sjå på som indre instansar. Kva er det ved det kvinnelege og mannlege som skal til når ein skal løyse gåter og finne samanheng? tenkjer eg og kjenner at drømmen begynner å angå meg. Det er jo stadig nødvendige oppgåver i livet! Av og til får eg det til, og av og til strever eg fælt. Og det er sanneleg mange gåter å løyse, og mye som ikkje heng saman. Og så er det berre å addere! Eg må nesten le og blir ganske glad!
  
Den maskuline sida vår er den som strukturerer, analyserer, har fokus, er målretta, går . Den feminine sida er den som har intuisjon, får innfall, fabulerer, er nær, har omsorg, kjenner heilskap. F.eks. Eller det var det eg kom på nå, og Jung er i bakhovudet! Vi treng begge sidene, også i kvardagsrommet og i det små! 
  
Drømmen gir meg eit vakkert bilde av det mannlege og kvinnelege som samlar seg og får ting til å gå framover. Nå oppdagar eg igjen at eg har mitt eige bilde: Dei to sitt ved same side av eit kjøkkenbord og bøyer seg ivrig over oppgåva, slik at hovuda deira så vidt berører kvarandre, og håret blandar seg litt! (Kva seier du om det, du som eig drømmen?)
  
Kva kan drømmaren bruke dette til? Han kan jo spørja guten og jenta korleis det er å løyse oppgåvene saman. Det kan vera ein måte å koma meir inn i drømmen på og befeste det drømmen vil fortelja han. Og treng han meir samarbeid mellom desse instansane i seg? Bruker han heile seg? Neste gong han blir einsidig, dersom han blir det, kan han jo rope på guten/jenta og spørja kva han/ho kan bidra med. Eller han kan kalle fram dette bildet av dei to, slik han ser dei, i ferd med å løyse gåter og legge saman.
  
Nå er eg spent på om drømmaren har noe å legge til (for da blir det meir samanheng). Og vi treng jo han for å løyse gåta og koma vidare! (Er tankegangane her fremmendarta for han?) 

Kvifor drømme om folk ein aldri tenkjer på?

mai 14, 2010

Ei kvinne fortel at nå for tida drømmer ho stadig om folk frå tidlegare i livet, folk som ho i grunnen knapt tenkjer på. Kvifor det? Kan det vera noe telepatisk? spør ho seg. Prøver dei å ta kontakt? Det skal ikkje eg uttala meg så sterkt om; det er ikkje mitt felt. (Men kanskje andre har noe å berette i så måte?)

Eg tenkjer slik: Vi kan hente materiale til drømmane våre frå heile livet vårt. Vi har våre eigne assosiasjonar, kjensler, historier rundt alt muleg. Slik får kvar og ein sitt eige betydningsunivers, som veks og veks. Det er som store språksystem eller tekstsystem –  fantastiske rikdommar! Det er særeigne system, men også djupt i slekt med kvarandre.

I mitt system er elefant noe anna enn i ditt – det er alt eg har lesi om og opplevd med elefantar, og visse grunnleggande trekk blir nok like.  Matematikk er sikkert ikkje nøyaktig det same for meg enn for andre – for meg er det bl.a. at læraren min i det gamle vesle klasserommet  på landsgymnaset sa: «Det var lurt finni på, Tordis.»

Likeins blir menneska i livet vårt – «dei som er med» – del av den individuelle betydningsverda. Alle som vi har vori borti, er omgitt av betydningar. Kva slags eigenskapar hadde f.eks. denne klassekameraten som mannen drømmer om? Kan det vera eigenskapar som på ein eller annan måte har meining for drømmaren nå? Og klassekameraten hadde andre eigenskapar i systemet til f.eks. mor si, vil eg tru. Når vi drømmer om folk som vi (for tida) ikkje har noen relasjon til, kan dei altså fint føre betydningar inn i drømmen. F.eks. tenkjer eg fælt lite på Nils Ole Oftebro, men sanneleg dansa eg tango med han i ein drøm! Han passa vel akkurat i den rolla i drømmen da!

Den instansen som får til drømmar, er umåteleg smart til å setta i hop ting! Reine diktaren! (Det er ein grunn til at drømmar kan gi oss utgangspunkt for tekstlaging, men det er ei anna historie.)