Posts Tagged ‘bilde’

Ryggsekker av spindelvev

januar 24, 2011

Her kjem ei miniforteljing som eg fann på Twitter i dag. Av instant-typen, dvs veldig konsentrert:

Synneva Erland @SynnevaErland Synneva Erland

Og løfter du på steinen i sjelsmarka kan du finna irrgrøne draumar med ryggsekker av spindelvev

21 hours ago via Twitter for iPhone

Når eg finn slike bilde på Twitter, blir eg reint lykkeleg! Her strør dei ut med raus hand.

Og bildet begynner å røre meir på seg:

Inni ryggsekkene…

Og så er det mange steinar…

Og kva kan ein vel ikkje bruke den irrgrøne fargen til?

Til slutt kjem eg på at eg har visst også skrivi om grøne drømmar.

Ja, irrgrøne viser det seg at dei er!

Slik vever vi i veg! https://tordisirenefosse.wordpress.com/tekst/gr%c3%b8nt-om-dr%c3%b8m/

Tull og tøys med tekst og bilde

oktober 26, 2010
Tekst-leik

Enkle hjelpemiddel: Microsoft Office Picture Manager og Paint

Folk finn merkeleg nok fram

oktober 24, 2010

Etter at eg kryssa av for noko med å tillate søkemotorar, så har det begynt å skje spennande ting. F.eks. kan det plutseleg stå meldingar på statistikksida mi under ”These terms people used to find your site”, så som:

blå kvinne og barn bilde

strephon kaplan-williams

Eit menneske har i dag av ukjende grunnar hatt «blå kvinne og barn bilde» inni hovudet sitt og slik hamna på innlegget ”I det blå” i bloggen min frå 23. august! Ikkje veit eg kven det er, og ikkje veit eg om dette mennesket las det ho/han fann, og ikkje veit eg kva vedkomande tenkte. 

Ein annan, eller den same, kva veit eg, har vori ute etter Strephon Kaplan-Williams, og det kan eg godt forstå, og har altså slik komi til innlegget mitt frå 31. mai. Velkomen!

Å ja, slik har det vel alltid vori når ein sender tekster ut i verda, at ein veit ikkje kvar fuglen flyg eller korleis han flyg. Men det nye og snodige er å få slike små spor straks på timen!

Hei du blå-kvinne-barn-bilde-søkande! Og du Kaplan-Williams-interesserte! Å nei, nå er de vel ikkje der lenger, men ein heilt annan stad! Og ord fyk omkring, og verden er så stor, mye mye større enn du tror, eller verda er neimen ikkje stor.

Flau og sprell levande

oktober 23, 2010

Og kvinna tek utfordringa på strak arm.

Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre. 

Men eg hadde gløymt kven eg var.

Eg skammar meg over alt dette.

Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er. 

Og draumen om alt eg ynskjer å vera.

Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.

For slik er jo livet for fleire enn meg. 

Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?  

Ja, det krev mot til å vera menneske.

Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.

Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.

Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?

Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.

Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.

Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!

Hei kvinne, korleis var dette?

«My dreams»

oktober 20, 2010

Klikk på bilde nr. 7 ovanfrå, så kjem du til «My dreams», og så kan du sjå deg rundt i bildet.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/120×120/

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

«Att bli sedd för att kunna se»

oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska i Sagene kirke 10.10.10 osv. Foto: Tordis Irene Fosse

Ludmila Pawlowska står framfor sitt eige bilde, som du her ser berre ein utkant av. Dessutan er bildet for det meste raudt på ordentleg. Sjå den meir fargerette versjonen frå i forgårs! Men denne gongen fekk eg lyst til å sjå ansiktet hennar på ein annan måte. Kan denne versjonen passe til henne som sa at natta er mitt andre liv?

Når det er stille, kan ein lytte til hjertet sitt

oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska, utsnitt av "I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta" i Sagene kirke, 10.10.10 Foto Tordis Irene Fosse

Slik var det: Det handlar om å lytte til hjertet sitt.

Og så såg eg at fargen på fotografiet mitt ikkje var god. Nå har eg vridd i brunleg retning slik eg hugsar bildet, men heilt bra vart det nok ikkje.

Gå heller til Sagene kirke! Mye å glede og undre seg over der! Utstillinga varar til advent, og kyrkja er open tysdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 12.00-20.00.

Så kan du gå frå bilde til bilde, og er det stille der, kan du lytte til hjertet ditt.

Og i alle fall finn du ansikt. Somme er bitte bitte små, og du må leite godt. Hadde eg hatt eit hjertebarn her å ta med, ville eg gjort det. Men stor som eg er, synest eg likevel det er stas å sjå meg omkring i bildet og finne enda eit ansikt, så ørlite!

Ansiktet ditt søker eg

oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska: utsnitt av bilde i Sagene kirke, 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse

Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!

Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.

Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.

Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.

Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.

I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.

Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?

Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.

«Natten är mitt andra liv»

oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska i Sagene kirke 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse

Den svensk-russiske målaren Ludmila Pawlowska har utstilling i Sagene kirke i Oslo fram til advent. Det er ikonar med tradisjonelt og meir moderne uttrykk. Eg spør henne kva drøm har å bety for bildeskapinga hennar, og ho seier at drøm har mye å seia i skapingsprosessen hennar. Ho har kontakt med drømmar heile tida. «Natten är mitt andra liv.»