Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.» Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar. Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger. Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst. Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen? Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Posts Tagged ‘foto’
«Rød/hvit katt savnet»
februar 18, 2011Ansiktet ditt søker eg
oktober 17, 2010
Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!
Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.
Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.
Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.
Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.
I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.
Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?
Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.
Drømmekyssing
mai 27, 2010
Nå vil frosken ut av det marginale tilværet. Det er dårleg med kyssing der nedpå sida til høgre! Bleike bokstavar dessutan, heilt kraftlause! Kanskje det kan hjelpe å koma ut på hovudsida og breie seg utover, vera ein strålande midtsidefrosk med sterk og klar appell.
Det er altfor lite erotikk i denne bloggen, seier ein lesar (mann).
Kva skal eg seia til det?
Skal eg seia at det var liksom ikkje bloggeprinsesse eg hadde tenkt å bli? Dette er ein fagleg blogg om drøm!
Eg seier heller: Den som ikkje ser erotikken i dette bildet, kan berre ha det så godt.
Men det er ikkje så greitt å vera frosk åleine på eit tak i Drøbak, stå der og stå der med sterke og nyttelause hint om prinsepotensiale.
Dette er juks! Nå hører eg ei harm stemme frå Drøbak. Dette går altså for vidt! Frosken er ikkje åleine! På taket i Drøbak står frosken faktisk saman med ein annan frosk. Med krone på! Ja da, eg veit vel det, eg som var der ein heil dag i pinsa med nissar og båtar og kanonar og alt, og var den som fotograferte frosk. Men DENNE frosken på bildet MITT står åleine.
Og den vesle drømmen din frå siste natta, kan han vera ein einsam liten frosk som ventar og ventar på å få bli akkurat den prinsen som akkurat han er meint å bli?
Slik kunne det også sjå ut
mai 9, 2010“Rødt hvor han elsker deg rødt”
mai 8, 2010Dette skal inn i den ferske bloggen. Fargesterkt nok? Sjølvlaga. Nei, eg har ikkje laga himmelen og skogen og vegen og sykkelen og kameraet og PC’en og meg sjølv. Eg sitt her og les Georg Johannesens dikt om regnbogen, som eg kom på nå. Det er eit overdådig kjærleiksdikt (eller kanskje ikkje) med overdådige fargar (men ikkje grønt) og overdådige genitivar – JA!
Gult hvor han elsker deg gult
I solens sol:
Som villstrå av gult hår
du gullring av honning
Som tiriltunge og løvetann
Som eggeplomme og kylling
Som smør og tiger
bananer, sitroner
(lite utsnitt)
Er graset grønt for alle?
mai 7, 2010
Om du klikkar på bildet, blir det større, og geita stirer. Geita og dokka i graset er i det bitte vesle studioet eg riggar opp innimellom. Graset er håret på eit troll, og resten av trollet ligg utafor bildet. Ting er ikkje alltid som ein trur, det er nå mi erfaring, og kan bli noe anna enn ein trudde det kunne bli. Kor som er, kan ein temme troll.