Posts Tagged ‘smått’

Nå er det ikkje berre EIN sau lenger!

oktober 21, 2010

Hugsar de drømmen om sauen og slangen?

Innlegga om den drømmen kan de finne att ved å sjå i sidestolpen til høgre og finne ”Kategoriar av innlegg” og under det ”DRØMMAR”  og så (alfabetisk) ”Sau og slange”. Klikk så på ”Sau og slange”!

Drømmaren eksperimenterte med flyteskriving, og ho fortalde at ei sterk kjensle i drømmen er når den daude sauen på veggen livnar til.

Her får vi eit framhald! Kvinna har gripi fatt i dette sterke punktet der det døde blir levande att, og nå er sanneleg ikkje sauen åleine lenger:  

”Den eine sauen til den andre sauen:

– Hei du, sau! Er du levande eller daud?

Jau, så smått om senn livnar sauen til igjen.

Så kjekt at det då viser seg å vera fleire sauar der ute.

Forresten er sauen litt flau over å ha vore daud?

– Jau, sau, detta skal verta kjekt framover.

Skal berre sjå på at det veks fram ein heil familie med levande sauar!”

Her blir det meir og meir levande, og både kjekt og optimistisk. ”Nytt liv av daude gror.” Trua på oppstode, frodigheit, vokster, glede, fellesskap, samanheng og liv er der, dessutan rytme og velklang! ”Si meg så, hva vil du mere?” ”Kan du ønske mer?”

Jau, det er eitt stikkande punkt. Det kjem i forbifarten og nedgradert og spørjande, men likevel: Det handlar om å vera flau over å ha vori daud. Kva ligg det her, monn tru? Hei du, sau! Kvifor er du flau for det? Eg oppfordrar den skrivande kvinna om å føre svaret frå sauen i pennen. Og du kvinne, korleis er denne flauheita over fortida?  

Meir drømmepoesi – om kyss

mai 26, 2010

Følg med på det marginale, utkanten, skrivekanten, den lett(sindig)e sida, småskriftserien, nedoversida, høgre sida, sidestolpen! Nå har eg lagt inn eit glimt inn i det indre livet til ein som har drømt søtt og godt og gjenkallar drømmen sin etterpå.