Posts Tagged ‘Ivar Aasen’

Nå er det ikkje berre EIN sau lenger!

oktober 21, 2010

Hugsar de drømmen om sauen og slangen?

Innlegga om den drømmen kan de finne att ved å sjå i sidestolpen til høgre og finne ”Kategoriar av innlegg” og under det ”DRØMMAR”  og så (alfabetisk) ”Sau og slange”. Klikk så på ”Sau og slange”!

Drømmaren eksperimenterte med flyteskriving, og ho fortalde at ei sterk kjensle i drømmen er når den daude sauen på veggen livnar til.

Her får vi eit framhald! Kvinna har gripi fatt i dette sterke punktet der det døde blir levande att, og nå er sanneleg ikkje sauen åleine lenger:  

”Den eine sauen til den andre sauen:

– Hei du, sau! Er du levande eller daud?

Jau, så smått om senn livnar sauen til igjen.

Så kjekt at det då viser seg å vera fleire sauar der ute.

Forresten er sauen litt flau over å ha vore daud?

– Jau, sau, detta skal verta kjekt framover.

Skal berre sjå på at det veks fram ein heil familie med levande sauar!”

Her blir det meir og meir levande, og både kjekt og optimistisk. ”Nytt liv av daude gror.” Trua på oppstode, frodigheit, vokster, glede, fellesskap, samanheng og liv er der, dessutan rytme og velklang! ”Si meg så, hva vil du mere?” ”Kan du ønske mer?”

Jau, det er eitt stikkande punkt. Det kjem i forbifarten og nedgradert og spørjande, men likevel: Det handlar om å vera flau over å ha vori daud. Kva ligg det her, monn tru? Hei du, sau! Kvifor er du flau for det? Eg oppfordrar den skrivande kvinna om å føre svaret frå sauen i pennen. Og du kvinne, korleis er denne flauheita over fortida?  

Drøm om Ivar Aasen

september 30, 2010

Kristin Fridtun http://www.fridtun.blogspot.com/

                                                                                                                                                                                      Eg spør Kristin Fridtun (http://www.fridtun.blogspot.com/), Ivar Aasen-entusiast, om ho har drømt om Aasen (klikk på bildet!). Ho svarar:

Og ja! – eg har nattedrøymt om Aasen. I vår drøymde eg han Aasen var på campingtur med familien min og meg. Det var sumar og «Liderna grønka som Hagar», men Aasen gjekk inntulla i den digre, svarte frakken som han støtt er kledd i på bilete. Han og eg sat i kvar vår campingstol, på ein plen eller eng eller noko, og hadde utsyn mot ein erketypisk norsk, sumarleg fjord.

Eg minnest at Aasen tykte det var leitt med dette landsmålet hans – det var ikkje noko skap på det lenger, sa’n. Eg var samd (eg skriv helst landsmål/høgnorsk på fritida, men eg er «pragmatisk» og har ingen vanskar med å nytta gjeldande rettskriving når eg må/bør).
Vel. So det vart litt tung stemning når han tok til å syrgja over at me hadde skipla livsverket hans slik. Men han var ein fin fyr å vera på tur med, han tala lite, og det synest eg er fint.

På Facebook kan ein sjå bildet av ho som drømmer, utkledd som han ho drømmer om:

http://nn-no.facebook.com/kristin.fridtun

Hugen fer som draumen

september 7, 2010

Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :

«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.

 Eit ord for alt

Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?

Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.

[…]

No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?

Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:

Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.

Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»

Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:

Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.

Og så: Les heile Fridtuns tekst!

Ikkje hopp ut straks!

juni 22, 2010

Den som hoppar kjapt over frå drøm til tenking og tolking, kan miste mulegheiter. «Vesle vitet det strekk ikkje til,» skreiv Ivar Aasen. Det finst alltid tilliggande herlegheiter, som ei isbre eller einsemd eller sårheit. Kva kan ein ikkje oppdage om ein går vidare med drømmejakka på!? Om ein går frå rom til rom SAD & CRAZY? (Nå var eg altså på ein boktittel av Jan Erik Vold.) Bli i bildet, og du får fleire bilde! Utviding og innviding. Og så kan tanken ordne. F.eks. slik kan det gå for seg.