Posts Tagged ‘vegg’
oktober 23, 2010
Og kvinna tek utfordringa på strak arm.
Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre.
Men eg hadde gløymt kven eg var.
Eg skammar meg over alt dette.
Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er.
Og draumen om alt eg ynskjer å vera.
Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.
For slik er jo livet for fleire enn meg.
Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?
Ja, det krev mot til å vera menneske.
Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.
Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.
Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?
Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.
Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.
Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!
Hei kvinne, korleis var dette?
Stikkord:"Neve med rose", andre, angst, asfalt, avsnitt, åleine, ære, ønske, begeistra, bilde, død, drømmesau, dum, dynamikk, dynamitt, eg, fantastisk, flau, flyteskriving, fornekte, forslag, fryd, gjerning, glømme, gløyme, glede, god, gro, hand, handling, kjensle, kvinne, lesar, livet, luft, menneske, misunnleg, mot, motløyse, neve, Ola Enstad, rose, sau, skam, skrivar, skulptur, spørsmål, spenn, spenning, sprell levande, sprengstoff, stolt, strekke til, synleg, tekst, tvil, utfordring, vegg, vera, vilje
Posta under "Sau og slange", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 21, 2010
Hugsar de drømmen om sauen og slangen?
Innlegga om den drømmen kan de finne att ved å sjå i sidestolpen til høgre og finne ”Kategoriar av innlegg” og under det ”DRØMMAR” og så (alfabetisk) ”Sau og slange”. Klikk så på ”Sau og slange”!
Drømmaren eksperimenterte med flyteskriving, og ho fortalde at ei sterk kjensle i drømmen er når den daude sauen på veggen livnar til.
Her får vi eit framhald! Kvinna har gripi fatt i dette sterke punktet der det døde blir levande att, og nå er sanneleg ikkje sauen åleine lenger:
”Den eine sauen til den andre sauen:
– Hei du, sau! Er du levande eller daud?
Jau, så smått om senn livnar sauen til igjen.
Så kjekt at det då viser seg å vera fleire sauar der ute.
Forresten er sauen litt flau over å ha vore daud?
– Jau, sau, detta skal verta kjekt framover.
Skal berre sjå på at det veks fram ein heil familie med levande sauar!”
Her blir det meir og meir levande, og både kjekt og optimistisk. ”Nytt liv av daude gror.” Trua på oppstode, frodigheit, vokster, glede, fellesskap, samanheng og liv er der, dessutan rytme og velklang! ”Si meg så, hva vil du mere?” ”Kan du ønske mer?”
Jau, det er eitt stikkande punkt. Det kjem i forbifarten og nedgradert og spørjande, men likevel: Det handlar om å vera flau over å ha vori daud. Kva ligg det her, monn tru? Hei du, sau! Kvifor er du flau for det? Eg oppfordrar den skrivande kvinna om å føre svaret frå sauen i pennen. Og du kvinne, korleis er denne flauheita over fortida?
Stikkord:”Barn av regnbuen”, ”Hurra for deg”, ”No livnar det i lundar”, åleine, blogg, daud, dø, døden, eksperimentere, familie, fellesskap, flau, flyteskriving, fortid, framtid, frodig, glede, Ivar Aasen, kjekk, kjensle, kvinne, lesar, levande, Lillebjørn Nilsen, livet, oppstode, optimisme, punkt, rytme, sau, sjå, skrive, slange, smått, sterk, stikkande punkt, stikke, svar, vegg, vekse, velklang
Posta under "Sau og slange", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 10, 2010
Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)
Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.
Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:
«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»
Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.
Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.
Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.
Stikkord:Basel, bestemor, bilde, brus, dal, drømme-ego, dream, flyteskriving, flytetekst, forandring, fremmend, gåte, høre, inkludere, innfall, jente, kake, kjenne, klar, kropp, kunst, leik, lesar, luft, mann, Miro, plutseleg, prosjekt, Raudhette, rygg, samtale, sør, sein, sirkel, sjå, sjokolade, skrive, småsnakke, smile, snakke, spenning, strek, teikne, tekst, tog, tullete, utstilling, utvide, vegg, vennleg, vilje, visjon
Posta under "For seint på toget", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 10, 2010
Eit neste steg kan vera å lesa gjennom og kjenne etter kvar det er noe som berører på eitt eller anna vis. Eg fann noe eg likte i den fiolett-blomstrete skrivinga:
«Det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»
Så såg eg på det. Det ligg krav i denne teksta: Det skal ikkje vera slik, men slik. Vel, det er jo meir moderat, ser eg nå: Det kan vera både slik og slik! Men så kom eg på at kravet er innfridd. Det er faktisk slik ordninga er. Og da formulerte eg det om til å handle om korleis det er:
«Det er ikkje alltid vinter. Av og til er det blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»
Dette er da ei optimistisk tekst, er det ikkje? Det stig og stig! Frå ingenting til ganske ofte. For dette som aukar på, opplever eg som noe fint og fargerikt og levande. Og eg ser det enda for meg i vegkanten. Det er fint der ein ferdest. Hm. Sanneleg har blomane i løpet av skrivinga og seks minutt komi ut av veggen og vorti tredimensjonale og levande! Og når eg snur blikket frå teksta og PC’en og ut av vindauget, ser eg at sola skin på lauvet, og eg veit at sykkelen står der ute.
Framgangsmåte:
Eg gjekk frå ein kontrast i ein drøm til flyteskriving til gjennomlesing til utplukking av tekstdel til inntak av tekstdelen til justering av den vesle teksta til å kjenne på denne teksta til å gå frå teksta til det ytre livet her og nå og sannsynlegvis til handling.
Stikkord:blikk, blome, blomstrete, fargerik, fin, framgangsmåte, gjennomlesing, handling, inntak, justering, kjenne, kontrast, krav, lauv, levande, nå, optimistisk, PC, skrive, sol, stiging, sykkel, tekst, tekstdel, tredimensjonal, utplukking, veg, vegg, vegkant, vindauge, vinter, ytre liv
Posta under "Blomstrete vegger", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 6, 2010
Drøm i natt:
Er er på Studentbyen på Sogn, på det rommet eg hadde i studietida. Eg er der saman med fleire. Eg oppdagar etter ei stund at rommet er forandra. Nå er ikkje alle veggene lenger kvite. To av dei har fått mildt fiolett-blomstrete vegger med kvitt som bakgrunn. Eg ser inn på badet. Og sanneleg er det den fargen der òg! Det er ulikt mønster på dei fire veggene, men dei passar fint saman, synest eg. Eg liker dette godt. Og eg fortel til dei andre at eg hadde så lyst på noe anna enn kvitt den tida eg budde på Studentbyen.
Kan dette få fram minne eller andre assosiasjonar hos noen andre? Det ville vera spennande for meg å høre.
Stikkord:blomstrete, bu, farge, fiolett, forandring, fortelja, kvit, like, lyst, mønster, mild, oppdage, rom, samvær, Studentbyen, vegg
Posta under "Blomstrete vegger", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »