Posts Tagged ‘flau’

Flau og sprell levande

oktober 23, 2010

Og kvinna tek utfordringa på strak arm.

Flau, å jau, eg tenkjer på alle dumme ting eg har gjort, å aldri vera god nok, ikkje vera noko for min eigen del, kun for andre. 

Men eg hadde gløymt kven eg var.

Eg skammar meg over alt dette.

Eigentleg er flauheita ei skam. Skam over den eg er. 

Og draumen om alt eg ynskjer å vera.

Men så er eg jo her og no med mine draumar og skamfølelse.

For slik er jo livet for fleire enn meg. 

Ja, nytt liv av daude gror, kjenner det med all angsten og gleda det medfører, alle spørsmåla – Er eg god nok, tru? – Tør eg? – Vil eg?  

Ja, det krev mot til å vera menneske.

Kvinna har eigentleg skrivi dette i ein flytande samanheng; det er eg som har sett opp teksta med mye luft mellom. Kvifor? Eg kjende at eg ville gjera ære på teksta, gjera alt saman veldig synleg, så det kjem imot lesaren og skrivaren sjølv.

Det er ei spennande tekst på den måten at det er eit stort spenn i teksta. Her er det på den eine sida dumme gjerningar, aldri strekke til, ikkje vera noko, gløyme, det er skam, død, angst og tvil. På den andre sida er det i teksta også stor drøm, sterke ønske, fellesskap med andre, nytt liv, groing, glede, mot, vilje, vera menneske. Dessutan kallar teksta fram bilde av det som blir fornekta: å vera god, å vera for sin eigen del, å hugse kven ein er. Motsetninga til det som er i overflata av teksta, ligg under: å vera stolt og glad over å vera den ein er.

Stor dynamikk i denne teksta, sprengstoff, dynamitt?

Nå såg eg plutseleg for meg skulpturen som Ola Enstad laga, «Neve med rose»: Ei hand med ei rose sprenger seg opp av asfalten.

Og så var det drømmesauen, som heng åleine død på ein vegg, men livnar til og kjem ned og ut blant dei andre til stor fryd. Blir ikkje sauen nettopp den han skal vera?! Det er også eit fantastisk bilde! Og dette bildet er ditt, kvinne, det er inni deg, du har det i deg det er ein del av deg. Eg blir nesten misunnleg! I alle fall er det eit bilde å vera begeistra for.

Forslag til den som har drømt slik: Bruk dette bildet for det det er! Ta det fram når motløyse, angst og skam kjem! Møt skamma med ein sprell levande sau!

Hei kvinne, korleis var dette?

Nå er det ikkje berre EIN sau lenger!

oktober 21, 2010

Hugsar de drømmen om sauen og slangen?

Innlegga om den drømmen kan de finne att ved å sjå i sidestolpen til høgre og finne ”Kategoriar av innlegg” og under det ”DRØMMAR”  og så (alfabetisk) ”Sau og slange”. Klikk så på ”Sau og slange”!

Drømmaren eksperimenterte med flyteskriving, og ho fortalde at ei sterk kjensle i drømmen er når den daude sauen på veggen livnar til.

Her får vi eit framhald! Kvinna har gripi fatt i dette sterke punktet der det døde blir levande att, og nå er sanneleg ikkje sauen åleine lenger:  

”Den eine sauen til den andre sauen:

– Hei du, sau! Er du levande eller daud?

Jau, så smått om senn livnar sauen til igjen.

Så kjekt at det då viser seg å vera fleire sauar der ute.

Forresten er sauen litt flau over å ha vore daud?

– Jau, sau, detta skal verta kjekt framover.

Skal berre sjå på at det veks fram ein heil familie med levande sauar!”

Her blir det meir og meir levande, og både kjekt og optimistisk. ”Nytt liv av daude gror.” Trua på oppstode, frodigheit, vokster, glede, fellesskap, samanheng og liv er der, dessutan rytme og velklang! ”Si meg så, hva vil du mere?” ”Kan du ønske mer?”

Jau, det er eitt stikkande punkt. Det kjem i forbifarten og nedgradert og spørjande, men likevel: Det handlar om å vera flau over å ha vori daud. Kva ligg det her, monn tru? Hei du, sau! Kvifor er du flau for det? Eg oppfordrar den skrivande kvinna om å føre svaret frå sauen i pennen. Og du kvinne, korleis er denne flauheita over fortida?