Posts Tagged ‘dans’

Drøm i dikthanske

mai 26, 2010

Drøm passar i dikt som hand i hanske. I dikt kan det vera kva som helst hulter til bulter i nylaga blandingar og med bråe overgangar. Så også i drøm. På den måten tek diktforma imot drømmen med opne armar. Diktet kan dessutan gjera sitt for drømmen: framheve, organisere i delar, laga rom rundt delar og det heile, gjenta viktige punkt, avslutte, reflektere osv. Dessutan kan drømmen bli dikt på ulike måtar og vise at han har nesten uendeleg med mulegheiter.

Her er noen hagerupske diktstartliner som godt kunne vera starten på drømmereferat:

”i natt kom solen og månen/ og elleve stjerner til meg/ og bøyde seg i støvet.”

”Jeg skulle stilles for et tribunal,/ for noen hadde sagt at jeg var gal.”

”Jeg lette etter mine lange hansker/ som var blitt borte for meg siste dans.”

”Under vikens grønne glasstak/ så jeg mine venner sitte/ rolige på havets bunn.”

”Jeg satt under veldige buer/ i skumringslys i en kirke/ og ventet på noe. Da runget en røst:”

Kvifor drømme om folk ein aldri tenkjer på?

mai 14, 2010

Ei kvinne fortel at nå for tida drømmer ho stadig om folk frå tidlegare i livet, folk som ho i grunnen knapt tenkjer på. Kvifor det? Kan det vera noe telepatisk? spør ho seg. Prøver dei å ta kontakt? Det skal ikkje eg uttala meg så sterkt om; det er ikkje mitt felt. (Men kanskje andre har noe å berette i så måte?)

Eg tenkjer slik: Vi kan hente materiale til drømmane våre frå heile livet vårt. Vi har våre eigne assosiasjonar, kjensler, historier rundt alt muleg. Slik får kvar og ein sitt eige betydningsunivers, som veks og veks. Det er som store språksystem eller tekstsystem –  fantastiske rikdommar! Det er særeigne system, men også djupt i slekt med kvarandre.

I mitt system er elefant noe anna enn i ditt – det er alt eg har lesi om og opplevd med elefantar, og visse grunnleggande trekk blir nok like.  Matematikk er sikkert ikkje nøyaktig det same for meg enn for andre – for meg er det bl.a. at læraren min i det gamle vesle klasserommet  på landsgymnaset sa: «Det var lurt finni på, Tordis.»

Likeins blir menneska i livet vårt – «dei som er med» – del av den individuelle betydningsverda. Alle som vi har vori borti, er omgitt av betydningar. Kva slags eigenskapar hadde f.eks. denne klassekameraten som mannen drømmer om? Kan det vera eigenskapar som på ein eller annan måte har meining for drømmaren nå? Og klassekameraten hadde andre eigenskapar i systemet til f.eks. mor si, vil eg tru. Når vi drømmer om folk som vi (for tida) ikkje har noen relasjon til, kan dei altså fint føre betydningar inn i drømmen. F.eks. tenkjer eg fælt lite på Nils Ole Oftebro, men sanneleg dansa eg tango med han i ein drøm! Han passa vel akkurat i den rolla i drømmen da!

Den instansen som får til drømmar, er umåteleg smart til å setta i hop ting! Reine diktaren! (Det er ein grunn til at drømmar kan gi oss utgangspunkt for tekstlaging, men det er ei anna historie.)