Posts Tagged ‘tekstlaging’

Kvifor drømme om folk ein aldri tenkjer på?

mai 14, 2010

Ei kvinne fortel at nå for tida drømmer ho stadig om folk frå tidlegare i livet, folk som ho i grunnen knapt tenkjer på. Kvifor det? Kan det vera noe telepatisk? spør ho seg. Prøver dei å ta kontakt? Det skal ikkje eg uttala meg så sterkt om; det er ikkje mitt felt. (Men kanskje andre har noe å berette i så måte?)

Eg tenkjer slik: Vi kan hente materiale til drømmane våre frå heile livet vårt. Vi har våre eigne assosiasjonar, kjensler, historier rundt alt muleg. Slik får kvar og ein sitt eige betydningsunivers, som veks og veks. Det er som store språksystem eller tekstsystem –  fantastiske rikdommar! Det er særeigne system, men også djupt i slekt med kvarandre.

I mitt system er elefant noe anna enn i ditt – det er alt eg har lesi om og opplevd med elefantar, og visse grunnleggande trekk blir nok like.  Matematikk er sikkert ikkje nøyaktig det same for meg enn for andre – for meg er det bl.a. at læraren min i det gamle vesle klasserommet  på landsgymnaset sa: «Det var lurt finni på, Tordis.»

Likeins blir menneska i livet vårt – «dei som er med» – del av den individuelle betydningsverda. Alle som vi har vori borti, er omgitt av betydningar. Kva slags eigenskapar hadde f.eks. denne klassekameraten som mannen drømmer om? Kan det vera eigenskapar som på ein eller annan måte har meining for drømmaren nå? Og klassekameraten hadde andre eigenskapar i systemet til f.eks. mor si, vil eg tru. Når vi drømmer om folk som vi (for tida) ikkje har noen relasjon til, kan dei altså fint føre betydningar inn i drømmen. F.eks. tenkjer eg fælt lite på Nils Ole Oftebro, men sanneleg dansa eg tango med han i ein drøm! Han passa vel akkurat i den rolla i drømmen da!

Den instansen som får til drømmar, er umåteleg smart til å setta i hop ting! Reine diktaren! (Det er ein grunn til at drømmar kan gi oss utgangspunkt for tekstlaging, men det er ei anna historie.)