Eg klipper frå intervju i Dagbladet på nett (mai 2009?) med ein månadsvinnar i Skolekammeret, som er eit forum for diktskrivande elevar:
«- Hva er bakgrunnen?
– Kanskje det vi skulle ønskje vi hadde? Mange vener, kjærestar rundt oss? Det er mange som drøymer om å vere omsverma med folk, men aldri klarer å gjere noko med det. Og slik blir drøymen ein fest i forhold til det eigentlege livet. Eg trur det er mange som har det slik, sier Høstaker.
Som vanlig insisterer tredjeklasseeleven ved Firda Vidaregåande Skule på å bli sitert på nynorsk.»
vaken
ja, eg vakna
mellom to dyner
ei pute
og eit teppe
desse skulle
vore menneske
men slik som
eg er
kan ein berre
drøyme om slik
og det gjorde eg
i natt
Av Fredrik Høstaker
Stikkord: ønskje, dikt, dyne, folk, insistere, kjærast, livet, menneske, natt, nynorsk, omsverma, pute, skole, Skolekammeret, skrive, teppe, vakne, venn, vinne
Legg att eit svar