Eg flyt av garde på twitter og blogg, og nå hadde eg nær svidd havregrauten att, og flyt eg meg bort, eller kva blir dette til, og i det heile tatt?
Bloggen opnar, bloggen fangar, han utfordrar, han gir nye rammer, han gir meg idear, han minner meg om noe eg har som eg kan ta fram, han gjer meg usikker, han kastar meg ut i det, han seier ja, han seier nei, eg gir han ein sjanse, og her sitt eg, og det blir ein soldag, og ja da, eg skal gå ut i den store grøne dagen med folk og kanskje fe.
Eg har fått ymse reaksjonar, også slike:
«Jeg har bestemt meg for at jeg ikke vil bruke livet mitt på den slags, men jeg har ingenting imot at andre gjør det.»
«Twitter og bloggar og kva ein kallar det, har eg funne ut ikkje er mine media.»
«Det er ikke fristende.»
Ein mann skriv at han har motstand mot å offentleggjera for «alle analfabetene på blogge-nettet».
Og Morgenbladet har akkurat hatt ein knusande artikkel om usosiale medium, om det offentlege som blir privat, og det private som blir offentleg.
Og kva er meir privat enn drømmar? Og kva er meir grunnleggande kollektivt? Inne eller ute eller både og?
Eg kan vel rekne med at dei som les her og nå, iallfall kan tenkje seg å bruke litt tid på slikt som dette!
Kommentarar?
Stikkord: blogg, fe, flyt, grøn, havregraut, kollektivt, livet, Morgenbladet, twitter, usikker
Legg att eit svar