«Under vikens grønne…»

Skriveeksperimentering ut ifrå

”Under vikens grønne glasstak/ så jeg mine venner sitte/ rolige på havets bunn.”

(Sjå innlegg 26.5.2010 om Inger Hagerup-dikt.)

Eg flyteskriv:

Der sitt dei og er heilt stille. Dei sitt ved sida av kvarandre, ganske tett. Det sitt der og ser framover. Kva skal dei der nede? Kvifor seier dei ingenting? Er dei døde? Er alt over nå? Har eg mista alle? Men eg er jo glad i vatn. Eg liker å symje. Eg kan ta ein tur ned. En villand svømmer stille. Så grønt. Som på ei flaske. Eg kjenner dei ikkje heilt att. Kva er det dei har erfart? Fortel meg noe! Kva skal eg skrive nå? Der er dei samla. Kvifor så stille, Lille Persille? Skal vi ikkje på ball meir? Eg ser og ser. Her er så underlig. Her er eg. Det er ikkje så langt ned. Dei er bleike, grønbleike. Kom opp! Opp og ned er like langt. Hei venner! Det kunne vera fint å stå litt. det kunne vera fint å røre på seg litt. Det kunne vera fint å berøre kvarandre, kunne det ikkje? Det kunne vera fint oppi overflata òg? Er det ikkje litt einsformig der nede? Nå ser eg slike fiskar som hoppar og sprett i overflata og lagar liv og røre der og blandar luft og vatn, er nede og oppe. Overflate er fint. Overgang mellom det eine og det andre er fint. Sitta på ei sky og gynge. Eg vil vera ein blå ballong. Det er mangt. Alle stader ein kan vera!  Og ikkje berre vertikalt, men horisontalt også! Kva er det der på botnen? Steinar? Plantar? Fiskar? Men eg er jo slett ikkje på havsbotnen! Eg er i ferskvatn. Tenkte eg det ikkje. I Vendalsvatnet! Ein kjem ikkje unna sin barndoms seter! Det var jo ikkje så mye hav den gongen. Eg trur eg må skaffe meg ein båt. Vi er ikkje ute av drift enda, venner. Vi er her og er med og kan seia ting til kvarandre og røre på oss og eg veit ikkje kva.

Eg tek ut bitar:

Det kunne vera fint oppi overflata òg?

Nå ser eg slike fiskar som hoppar og sprett i overflata og lagar liv og røre der og blandar luft og vatn, er nede og oppe. Overflate er fint. Overgang mellom det eine og det andre er fint.

Eg trur eg må skaffe meg ein båt.

Eg endrar litt:

Det er fint oppi overflata òg.

Fiskar hoppar og sprett og lagar liv og røre og blandar luft og vatn.

Overgangar er fint.

Eg trur eg må skaffe meg ein båt.

Eg ser på kva det vart

Tru det eller ei, men eg er ganske fornøgd med denne teksta! ”Eg” i teksta kom seg opp frå havsens botn. Det vart ikkje lenger ei stille vering djupt nede. Ei heller vart det ei sveving i skyene, høgt over alt. Det vart midt imellom, og det vart ei blanding av det eine og det andre. Og så vart det ei uventa hylling av det overflatiske! Eg er litt overrumpla, og det liker eg å bli.

Eg kjem på ei tekst

Men kven har skrivi det diktet? Er det Per Olav Kaldestad? Eller er det Hans Sande? For det er vel ikkje Einar Økland?  Og kvar har eg den samlinga? I alle fall er det eit veldig stutt dikt om  at det er kaldare enn kaldt høgt oppi lufta og varmare enn varmt midt inni jorda, men her i graset er det akkurat passe svalt så katten min og eg kan sova. Omtrent slik. Og med svart-kvit-teikning dertil. Det er vel ei hylling til mellomtingen og til her og nå og til fellesskap? Iallfall er det det eg kjem på akkurat nå.

(26.5.2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: