Grønt om drøm
Det finst irrgrøne drømmar.
Somme er blanke og skinande og blinkar og blunkar lenge og vel. Andre drømmar er mattare.
Somme drømmar er lubne og gode. Somme verkar harde, men dei kan knekkast, og da blir dei heilt spesielle. Inni ein drøm kan det vera noko ein ikkje ser med ein gong. Ein må opne han for å finne det. Det kan f.eks. vera små smakelege ting.
Av ein drøm kan det bli fleire drømmar. Drømmen kan vera ein båt å koma vidare med.
Somme drømmar er heller kjølege, men om ein kjenner ordentleg på dei, er det alltid noko ved dei.
Rotne, ekle drømmar skal ein ikkje kaste straks på timen. Kven veit, kanskje dei kan gjødsle ei plante, og det kjem ein struttande blome?
Slik er det med drømmar. Omtrent slik er det også med menn – nei, kva seier eg? Men iallfall med sukkererter. Og med mangt anna?
27.10.2010
Legg att eit svar