Posts Tagged ‘visjon’

I had a dream

september 10, 2010

Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)

Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.

Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet  av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:

«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»

Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.

Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.

Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.

«drømmer nok»

september 10, 2010

«Som om jeg ikke hadde drømmer nok

til å farve en våknende by»

Slik begynner diktet «Utilstrekkelig» av Kjell Heggelund, og det står i Reisekretser frå 1966. Kva slags drømmar er dette?

Vi bruker jo «drøm» på ulike måtar: nattedrøm,  dagdrøm, ønskedrøm, visjon. «I had a dream.» Språket vårt legg opp til at det er ein samanheng mellom desse fenomena. Meir samanheng enn vi oftast tenkjer på? Iallfall fekk Heggelunds dikt meg inn på det sporet. Alle desse drømmetypane har det ved seg at dei ikkje er «sanne» på vanleg vis. Og kan vi ikkje finne visjonar i drømmane våre? Om vi ser nøye etter…

Kan ikkje drømmane i diktet over vera både det eine og det andre? Klart store visjonar kan fargelegge ein by. Nattedrømmar kan også vera fantastiske og på ymse vis fargerike, og i diktet er det ein vaknande by.

Sjå alternativ, bli glad, bestemme seg, ha håp

mai 15, 2010

Nå er det sanneleg ein snunad i elefantforteljinga! Det er ein ny fridom (trass i båsen), glede, vilje og tru. Teksta ser også ut til å ha ei forsonleg innstilling til at endringar ikkje skjer fort når vilkåra er som dei er. Elefanten er ikkje lenger i trampe-i-hel-modus, og utryggheita blir borte mellom linene? Den som vil og trur og har ein visjon om ei betre framtid, er ikkje utrygg?