Posts Tagged ‘vise’

Ein farge flaksar ut

desember 1, 2010

Drøm om sterke fargar:

Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.

Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:

1

Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.

2

Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.

Kommentar:

Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!

Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.

Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.

Fleire dyr i bloggen?

september 27, 2010

Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire? 

Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:

God natt, god natt, no er det tid                                                           for alle små å drøyme.                                                                           Snart luskar reven fram frå hi,                                                            kvar skal seg haren gøyme? 

Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?

Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?

For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?

Ein annan i dag

september 1, 2010

«og sov hvor som helst, i nakne rom

eller på villstrå, klint inntil

små nyinger i mørket»

Kven har eg snappa dette ifrå? Årstalet er 1973, og det står på side 12 og er slutten av eit dikt for eksempel, og den som ikkje har gjetta det nå, kan stå og rekne til femti eller vel så det, og leite og leite, og til slutt seier det pipp og viser seg.

«En drømmer er ute»

mai 24, 2010

Så måtte eg koma på visa der «En drømmer er ute med dreggen – og ror.» Og der elva går stilt. Og språket er i alt muleg: «Det kvisker i nord, det svarar i sør». Nå får eg lyst til å sitere alt, men det skal eg jo ikkje. (Frå «Go natt da» av Einar Skjæraasen. I: Og alle mine viser -, Oslo, Asch. 1956)