Posts Tagged ‘viktig’

Finne bok

august 23, 2010

Frå Sverige kom denne drømmen:

Jag drömde om en bok jag måste hitta och när jag vaknade trodde jag att jag måste leta efter den. Det dröjde innan jag fattade att den inte existerade. Vad den handlade om är jag inte säker på.

I denne drømmen ser det ut til å vera ei sterk drivkraft: Det er noe som «jag» i drømmen . Det handlar om å finne noe. Noe viktig? Det gjeld ei bok. Hallo mann, kva er ei bok? Kva betyr bøker for deg? Kva kan bøker utrette? Kanskje raske svar på desse spørsmåla kan gi leietrådar?

Kva blir heilskapsbildet?

juni 14, 2010

Ho som har drømt dei fem drømmane i serien under, lengtar etter oversikt og heilskap. Nå kan vi slå saman alt godt om ”eg” i drømmen:

Ho legg merke til ting.

Ho kjenner på viktige ting.

Ho reflekterer.

Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho kan merke kva ho føler.

Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho gir den andre anerkjenning.

Ho lærer av andre.

Ho kan fungere saman med andre.

Ho samarbeider.

Ho ordnar fornuftig for seg og andre i samarbeid.

Ho er tillitsfull.

Ho vil bidra til fellesskapen.

Ho planlegg og administrerer.

Ho har kontakt med framtida.

Ho er oppfinnsam.

Ho har auge for det som er fint.

Ho kan glede seg.

Ho deltek i fest.

Ho gjer det som trengst.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho vågar å gjera risikable ting.

Ho er på veg til noe.

Kva synest drømmaren om dette, monn tru? Kor mye har drømmaren felles med ”eg”-personen? Den som drømmer, og ”eg” i drømmen er jo ikkje akkurat den same, men likevel.  Kan ho ta inn dette? Trur ho på det? Kan det hjelpe på kjensla av å ikkje kunna noe av det ho gjer? Vart det store stoffet meir oversiktleg?

Dersom det framleis kjennest stort og uoversiktleg, så kan ho jo zoome inn sterkt: ta ut tre av setningane over, kanskje tre setningar som ho liker spesielt godt, byte ut ”Ho” med ”Eg” og bruke tid på å ta dei inn, seia dei høgt for seg sjølv eller skrive dei stort på eit ark f.eks. ”Så enkelt er det.”