Posts Tagged ‘varsel’

Etter drømmen døydde katten

februar 16, 2011

Kvinna i Italia melder:

Det som skjedde like etterpå, var at katten hans døde. Denne katten var han veldig glad i. Den fineste katten han har hatt, sier han.

Selv tror han at slangen symboliserer hans egen åndelighet, og kattens. Han mener at han har kommet mer i kontakt med seg selv i det siste. Han har nok blitt såret, og nylig opplevd at noen ikke har vært som de utga seg for å være.

I drømmen ligger han bare på sengen, og gjør ingenting, bare observerer.

Tror du at drømmen handler om mer enn et forvarsel på kattens død? Kan det være noe i at han selv mener at slangen er kattens ånd som ga beskjed om at den skulle reise videre?

Ja, eg trur alltid det går an å finne mange ulike betydningar i ein drøm – som i tekster. Betydning er ikkje noko avgrensa og fastlagt, slik eg ser det. Det er berre å møte drømmen på fleire måtar og sjå kva som skjer. Som du såg, hadde eg nokre forslag til måtar å møte denne drømmen på.

For meg viser drømmen om katten og slangen bl.a. at det ikkje alltid er som ein trur, det kan vera dramatisk annleis. Noko kan vera meir komplekst enn ein visste om. Ein stille og roleg tilstand, kan dessutan plutseleg forandre seg sterkt. Dette liker eg for min del godt å tenkje på!

Det ser jo ut til at han som har drømt, er i ferd med å oppleva seg sjølv og andre meir komplekst enn før – på godt og vondt. Det er vel ein god ting å forstå korleis ting heng saman, sjå noko av korleis andre er, og korleis ein sjølv eigentleg er?

Eg seier med Veslemøy i Haugtussa (Garborg) at heller vil eg med augom sjå enn blind og dauv gjennom verdi gå og ikkje det sanne skilja. Like godt at katta kjem ut av sekken eller slangen ut av katten!

Elles stolar eg for det meste på det som ein drømmar tenkjer om drømmen sin, og om samanhengar han kjenner mellom drømmen og livet. Eg reknar det som ei innsikt eg ikkje har myndigheit til å dra i tvil. Assosiasjonane og tankane hans er jo eit faktum!

Kva tenkjer du og han om dette?

”jeg vaagnet i sved”

juni 24, 2010

Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.

Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.

Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!

Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.

Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.

 Nå går vi inn der drømmen brest:    

”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,

ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;

i bølger av iskold stjernedugg

hamret mit hjerte, hug i hug –

Men drømmen forblev i mit hjertes nat;

fra ungdom til moden alder

[…]”

Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!

Har eg ein så kraftig drøm? Har du?

Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?

Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!

“Men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa”

mai 13, 2010

Så kom meldinga frå  ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:

«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»

Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.

Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?

Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås.  Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.  

Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs!  Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?