Posts Tagged ‘usynleg’

Finger utan ring

november 21, 2010

Drøm i natt:

Eg skal sykle ein stad med ein tolvåring, til noko han skal kl. 8.30. Så ser eg på handa mi og ser at eg har gløymt å ha på meg ring. Eg er lysebrun av sol på handa og kvit der eg har hatt ring på ringfingeren. Eg snur og går inn att i huset for å finne ein ring, enda vi alt er for seint ute. Klokka er to på halv. Eg finn ein ring, eit anna slag enn eg hadde tenkt.

Eg startar med ”Det er bleik hud der ringen manglar” og assosierer bl.a. slik:

Det er bleik hud der ringen manglar.

Fingeren ser så naken ut.

Det er ein usynleg ring der.

Hud er godt nok det.

Så let eg ein mann tenkje dette om ei kvinne han ser på, og så er det berre å fabulere vidare. Kanskje det f.eks. kunne bli slutten av ei vekebladnovelle? Men Nynorsk Vekeblad finst ikkje lenger.

Det er bleik hud der ringen manglar. Fingeren ser så naken ut, det er ein usynleg ring der. Hud er godt nok det, tenkjer han og ser på ansiktet hennar. Ho har ikkje solbriller på seg heller. Får eg vera sola di? tenkjer han brått. Han ser for seg at ringmerkinga blir meir og meir utydeleg. Ho myser litt mot han. Han har mye lys i auga. Det lyser i stille grender, fell det henne inn. Ho kjem på dei tusen barnehendene og er veldig barnlaus. Men skal ingen av dei seia noko? Jau da, han er ikkje tapt bak eit tre i Slottsparken. Han er godt plassert på ein benk i sola. Eg har tilfeldigvis ein pose med varme smultringar på meg, seier han. Lyst på ein? Ho nikkar og stikk handa si ned i posen og kjenner varmen og tek opp ein gyllen smultring og trer han på fingeren sin, og han ler bortimot tindrande. Nå er eg ei prinsesse, tenkjer ho. Godt, seier ho. Akkurat det eg hadde lyst på.

Slik kan det altså gå med ein liten bit av ein drøm.

Klappe løve

juni 14, 2010

Den fjerde drømmen i denne serien handlar om å klappe ei løve:

”Eg” klappar ei tam løve. – ”Eg” ser folk går i lufta. ”Eg” undrar seg over det, men oppdagar at dei går på usynleg glas eller plast og tenkjer at ”eg” også kan gå der, og det gjer ”eg”. ”Eg” er på veg til eit fly.

”Eg” i drømmen får til:

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho lærer av andre.

Ho er tillitsfull.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho er på veg til noe.

Er det ikkje flott? Eg skulle gjerne hatt ein slik drøm sjølv!

 Denne drømmen kunne det forresten vera ekstra spennande å gjera meir med! Vi får sjå…

«eg må fomle og bie»

mai 30, 2010

Det er mange spørsmål eg har lyst til å stille til han som klatrar i stigen.

Denne mannen kastar seg visst ikkje ut i skriving i vilden sky. Men sanneleg veit vi likevel ein heil del meir nå. Det er lys der oppe, det er kanskje eit tak. Det er fare for å falle ned. Det er risikabelt å ta av seg hanskane, og kjeppen er i vegen – dette er nå uttrykkeleg sagt.

Nei, eg skal ikkje spørja meir. Iallfall ikkje enda.

Eg kjem på Aslaug Vaas dikt om å fomle og bie og finne dei små stigar, nesten usynlege (referert frå «Lat meg då vandre -«, i: Fotefar, 1947).