Posts Tagged ‘ubevisst’

Kan ein svara på slik?!

januar 30, 2011

Ein mann kommenterer siste innlegget:

«Interessant tolkning, Tordis. Her kommer metoden din for drømmer til sin rett. Det er nyttig å stille slike spørsmål. Samtidig er det sannsynlig at bevisstheten kan være svak, da tenker jeg på at i drømmene kommer ofte det ubevisste, underbevisste fram, og da er det ikke alltid at man kan svare på.»

Eg seier som politikaren at eg er glad for kommentaren din, og det er eg faktisk!

Eg trur du har rett i at det kan vera vanskeleg å svara på slike spørsmål som eg har føreslått til slange-ut-av-katt-drømmen. Ein type innvending kan vera at drømmen sa jo ingenting om dette! Drømmaren vil halde seg til drømmen og ikkje begynne å «konstruere» noko anna. Eller drømmaren svarar at dette veit eg ingenting om, det er heilt tomt inni meg!

Nyare forsking viser at det er mindre skilnad på drømmetilstand og dagbevisstheit enn ein før rekna med. Tenk berre på alt rart som kan falle ein inn også når ein er vaken! Ein kan ikkje styre over alle tankane sine. Ein treng altså ikkje tru at ein er i ei heilt anna verd når ein er vaken. Det må vera lov å blande korta, seier eg.

Dertil er å seia at mi erfaring og alskens meditasjonstradisjonar seier at det går an å koma i drømmeliknande tilstandar også når ein er vaken. Ein måte kan vera å slappe av og gå inn att i drømmen, tenkje seg at ein er der på nytt. Mennesket er i stand til å førestelle seg noko anna enn det som er den ytre verkelegheita akkurat her og nå. Korleis skulle ein elles greie f.eks. å tenkje på fortid og framtid?

Det kjennest kanskje likevel som eit stort steg å skulla førestelle seg at ein er ein slange inni ein katt? Vel, det er iallfall ein sjanse til å oppleva noko nytt! Reine ekstremsporten! Prøv, den som tør!

Eit enkelt knep for å koma unna det «oppkonstruerte» eller det heilt svarlause, er å gå med på at ein skal svara fort, med ein einaste gong! Ein berre ! Går ikkje det heller? Da kan ein tenkje seg at ein får hundre tusen kroner dersom ein svarar eitt eller anna innan to sekund, kva som helst. Da kjem det nok eit svar! Eg har av og til brukt ein meir brutal variant, men den skal eg ikkje nemne nå.

Når ein svarar fort, får ein ikkje tenkt seg om, ein kan ikkje kontrollere ordentleg og passe på at ein svarar noko ein synest passar til det ein står for og synest er presentabelt. Det er sjanse for at ein hamnar utafor sine eigne og kulturens opptråkka stigar, og ein kan bli både overraska og overrumpla. Det har sine fornøyelege sider!

Kom gjerne med meldingar frå grøftekantar og det som enda rarare er!

Siri Hustvedt om fiksjon og drøm

januar 19, 2011

Fiksjon er temmeleg likt drøm, seier den norskætta forfattaren frå Minnesota i eit intervju i «Bok i P2» torsdag 20. januar kl. 17.03. Intervjuet ligg også ute på Internett: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7469458. Hustvedt har norsk mor (frå Mandal) og norsk farfar og svært nært forhold til norsk språk og kultur. Ho har doktorgrad i litteratur og har gitt ut fire romanar, dessutan essay og dikt. Ho bur nå i New York.

Det eg ønskjer i arbeidet mitt, er ei emosjonell sanning, sjølv om handlingane til personane er fullstendig er fiktive. På den måten er det som å drømme, seier Hustvedt.

Siri Hustvedt har prøvd skriving med psykiatriske pasientar. Å skrive fikserer tankane; det er ikkje som å snakke, der tankane fordampar i luft, seier ho.

I mai er ho invitert av Freud Foundation til å halde det årlege Freud-føredraget i Wien. Ho kjem til å ta for seg sambandet mellom narrativ kunst og drøm, og ho poengterer det ubevisste i skapingsprosessen.

Ubevisst tenking både natt og dag

mai 31, 2010

I boka Drømmens psykologi av Paul Jan Brudal og Lisbeth F. Brudal (Fagbokforlaget 2008) kan vi lesa om hjerneforsking og drøm. Eg oppfattar det slik at ein nå skil mindre mellom drøm og bevisstheit om dagen enn ein før har gjort.

”Det ser ut til at vi bør forstå bevissthet, tenkning og drøm i et slags kontinuum. Med andre ord kan vi regne med at vi tenker og føler omkring de samme tingene natt som dag. Vi fortsetter i en ubevisst hjernefunksjon å bearbeide dagens hendelser, tanker og erfaringer.” (S. 13)

Boka viser til forskarar som føreslår at det inntil vidare vil vera mest fruktbart å sjå at dagsbevisstheit og tenking om dagen i svært stor grad er ein ubevisst prosess (s. 14).