Posts Tagged ‘tone’

Fleire dyr i bloggen?

september 27, 2010

Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire? 

Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:

God natt, god natt, no er det tid                                                           for alle små å drøyme.                                                                           Snart luskar reven fram frå hi,                                                            kvar skal seg haren gøyme? 

Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?

Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?

For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?

Hugen fer som draumen

september 7, 2010

Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :

«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.

 Eit ord for alt

Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?

Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.

[…]

No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?

Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:

Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.

Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»

Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:

Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.

Og så: Les heile Fridtuns tekst!

Erotiske undertonar?

september 6, 2010

Ein mann har ein kommentar til den bittevesle teksta «Natta spinn, seier dvergen»:

«Det er ikke fritt for at det ligger erotiske undertoner her, men det er jo noe som ofte ligger under i drømmer, enten man vil se det eller ikke.»

Dessutan ser ein det ein vil sjå! Ja da, mange slags tonar ligg under og over og rundt omkring! Kumbel har eit gruk, som eg ikkje greier å finne att akkurat nå. Det handlar om at det meste er erotisk, for enten er det konkavt eller konvekst! Han gjer nok litt narr der, men det går an å meine at det er ein erotisk dimensjon i det meste. «Natt», «naken» og «lyst» legg jo opp til det… Samtidig er det andre (eller tilgrensande) dimensjonar i spel også, er det ikkje? Sorg, glede, fantasi, variasjon, inderlegheit for eksempel?

Flyteskriving utan ferdige replikkar

mai 20, 2010

Nå sitt eg her og har det ganske fornøyeleg. Eg er fornøgd med at eg kom på å bruke flyteskriving på akkurat denne drømmen. Samanhengen ser eg etterpå: Drømmen kan jo handle om å framføre det andre har bestemt. Dette er ikkje ei som skal finne på sjølv. Det stoppar heilt opp for drømme-ego (altså ”eg” i drømmen) når ho ikkje har lært seg replikkane.

Den ferdige musikken sviktar også. Her er det ikkje snakk om å la det flyte innafrå. Nå ser eg brått for meg at eg tek ein song frå scenen også, men da går det vel for vidt! Og så kjem eg på barns spontansong, der dei eigne orda berre trillar ut av dei med dei tonane som fell seg. Vedunderleg å høre på.