Posts Tagged ‘tittel’
mars 2, 2011
Framsida på denne splitter nye boka er grunn nok til å legge ut eit spor:
http://oktober.no/nor/boeker/skjoennlitteratur/lyrikk_dramatikk/ti_liknande_versjonar
«Dikt som improviserer og motseier seg sjølv, dikt som syng og tvilar på sin eigen song, dikt som kommenterer si eiga tilbliving. Dikt som handlar om å bli til for seg sjølv og for andre, saman med andre og saman med seg sjølv.»
Og så ser eg fram til å halde boka i handa og opne ho og sjå kva som er der og korleis.
Stikkord:andre, Anna Kleiva, ansikt, bli til, bok, dikt, framside, hand, improvisere, innside, klinkekule, likne, motseia, munn, ny, opne, saman, sjølv, song, spor, synge, tilbliving, tittel, tvile, versjon
Posta under 3 OM DIKT, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »
oktober 20, 2010
Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.
For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?
Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.
Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.
Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker.
Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.
http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/
Stikkord:båt, begaistra, bilde, dynamisk, elsk, elske, engelsk, farge, feile, fotografere, høre, heimeside, hjerte, hjertebegeistra, indre, konsert, kontemplasjon, kraft, kyrkje, Ludmila Pawlowska, nord, oppdage, orgel, orgelkonsert, prøve, problem, Sagene kirke, sideskip, skarp, skip, skjerm, skjermbilde, skrift, skriving, stille, stillheit, styrke, svensk, sykle, tittel, vakker, varm
Posta under 4 OM SKRIVING, 5 TEKST OG BILDE, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska: utsnitt av bilde i Sagene kirke, 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse
Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!
Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.
Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.
Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.
Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.
I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.
Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?
Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.
Stikkord:ansikt, auge, bilde, bra, dø, døden, fabulere, foto, fotografere, fri, høre, hjerte, innover, innsikt, konsert, kyrkje, lesa, Ludmila Pawlowska, lyde, lytte, mamma, mor, orgel, prosess, raud, Sagene kirke, søke, søndag, sjå, skrift, spørsmål, stadium, stille, stillheit, tittel, underliggande, utafrå, utover, utstilling
Posta under 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »
august 25, 2010
Før eg visste ordet av det, gjorde eg det som eg bad bokdrømmaren gjera: Eg såg for meg ei bok. Det var Koste-Kari av Astrid Lindgren, ei bok med forteljingar, som faktisk var den første boka eg las heilt på eiga hand. Og eg kom på tittelforteljinga, den om vesle sju år gamle Kari som er rask og modig og pågangsrik og går inn i rolla som torgkone da bestemora uventa og svært ubeleilig bryt av foten like før jul.
Jaha, kva slags melding er dette til meg? Eg må smile. Eg kan faktisk behøve ei melding om at eg kan få til ting når det trengst, at eg kan gå inn i nye roller, at det berre er å kaste seg ut i det! Nå vart eg skikkeleg oppkvikka!
Denne framgangsmåten likte eg! Takk, mann, for denne drømmen! Og kjære lesarar, prøv sjølve! Meld gjerne resultatet til meg og bloggen!
Stikkord:Astrid Lindgren, bestemor, bok, forteljing, fot, jente, jul, Koste-Kari, lesar, modig, oppkvikka, pågangsrik, prøve, rask, resultat, rolle, sju, smile, takk, tittel, torgkone
Posta under "Finne bok", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 22, 2010
Den som hoppar kjapt over frå drøm til tenking og tolking, kan miste mulegheiter. «Vesle vitet det strekk ikkje til,» skreiv Ivar Aasen. Det finst alltid tilliggande herlegheiter, som ei isbre eller einsemd eller sårheit. Kva kan ein ikkje oppdage om ein går vidare med drømmejakka på!? Om ein går frå rom til rom SAD & CRAZY? (Nå var eg altså på ein boktittel av Jan Erik Vold.) Bli i bildet, og du får fleire bilde! Utviding og innviding. Og så kan tanken ordne. F.eks. slik kan det gå for seg.
Stikkord:bilde, bok, crazy, einsam, herleg, hoppe, is, isbre, Ivar Aasen, jakke, Jan Erik Vold, muleg, oppdage, rom, sad, sår, tanke, tittel, tolke, utvide, vett
Posta under "Ein annans jakke", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 23, 2010
“Drømmen betyr mye for meg. Eller rettere sagt, skjæringspunktet mellom drøm og virkelighet.” (Frå intervju med Eva Harr i katalog 2008)
“Samtaler med naturen, streif av minner og billedinntrykk former mange av mine bilder. Erindringer, vage antydninger fra drøm og virkelighet er et tilbakevendende utgangspunkt for min billedverden.” Dette skriv ho på heimesida si (www.evaharr.no).
Utstillinga “Fortellinger mot blått – og nye horisonter” er å sjå på Oscarsborg uti fjorden ved Drøbak (22. mai – 12. september). Somme av bilda kan ein få ein forsmak på – eller god ettersmak av – via heimesida, men best er ein båttur og borgtur og inn i det blå.

Titlar som “Tegn i natten”, “Tegn mot midnatt” og “Etter drøm” kallar sterkt på denne lesaren/sjåaren. Og altså ikkje berre titlane! Sjå f.eks. på teikna i natta over (eller for å få ei litt betre natt, klikk heller : http://www.evaharr.no/grafikk_2.html). For min del sitt eg her og tek innover meg tre hovudlag med teikn: nære teikn av greiner som forsvinn tynne i mørkret på ei grense, snøteikn som plutseleg kan vera både ansikt og nervar og stjerner og enda meir og er der og er der, men snø har det jo med å minke og forsvinne og koma att, stjerneteikn i det uendelege langt langt borte som viser seg fordi det er natt og klart.
Dialog mellom det indre og ytre landskapet skriv Eva Harr om på heimesida si. Gjennom bilda hennar kan vi koma på spor av våre eigne indre landskap, og det kan bli dialogar mellom mange indre landskap, kan det ikkje? Når berre dei indre landskapa våre gir seg til uttrykk…
Stikkord:ansikt, blå, dialog, erindring, Eva Harr, grein, grense, natt, samtale, snø, stjerne, teikn, tittel
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »