Posts Tagged ‘tårer’

Jippi, seier sanneleg elefanten i kveld

mai 15, 2010

Den kvite elefanten har vori sint og lei seg og er utrygg, og tårer var i ferd med å koma i går. Og så, i kveld kjem denne meldinga:

«elefanten er utrygg der han står med ryggen til verden i ein trang bås. elefanten tenkjer no at kvifor ikkje snu seg, då kan eg møta det som måtte koma meg i møte, med ryggen til verden får eg kink i nakken kvar gong eg skal prøva å følja med på kva som skjer i verden. Jippi, sei den litle elefanten eg skal snu meg – men det tar litt tid for ein elefant å snu seg i ein trang bås.»

Elefanten veit

mai 14, 2010

Ja! Vi veit ikkje alltid allting med ein gong. Og den som får drømmen oppi fanget, slik eg har fått, veit iallfall ikkje alt. Det er meir ved ein elefant enn det som syner seg straks (omtrent som med oss andre!). Han utviklar seg dessutan: Han var sint og farleg, og nå er tårer på veg. Eg trur denne elefanten har mye å fortelja. Så da må vi gi han gode vilkår for forteljing. Eg er spent på kva som kan koma for ein dag.

Frå augekroken

mai 11, 2010

 

Skal ho symje frå den eine augekroken til den andre? Da kjem det godt med å vera symjedyktig. Og kan ho gå i land på den kvite øya? Det veks ingenting der, men det trengst ikkje heller. Ho kan ligge på den glatte øya og strekke seg ut under himmelen. Det er vel ein himmel? Det er ikkje ein feil at det er ei øy der, det er snarare som det skal. Ei øy er noko å halde seg til. Ho har sanneleg noko å halde seg til. Somme et saueauge, det gjer ikkje ho. Men ho kan symje frå augekrok til augekrok, og det er ingen tårer å tørke. Ho har aldri hørt om drukning i saueauge, spesielt ikkje når det er ein liten holme midtvegs. Det er kanskje ikkje lett å koma i land, og kva skal ein eigentleg finne på der? Det blir vel til at ho held seg her ute. Men når ho kjem på at heile søya er ute av soga, så blir det nokså usikkert likevel.