Posts Tagged ‘tak’

«eg må fomle og bie»

mai 30, 2010

Det er mange spørsmål eg har lyst til å stille til han som klatrar i stigen.

Denne mannen kastar seg visst ikkje ut i skriving i vilden sky. Men sanneleg veit vi likevel ein heil del meir nå. Det er lys der oppe, det er kanskje eit tak. Det er fare for å falle ned. Det er risikabelt å ta av seg hanskane, og kjeppen er i vegen – dette er nå uttrykkeleg sagt.

Nei, eg skal ikkje spørja meir. Iallfall ikkje enda.

Eg kjem på Aslaug Vaas dikt om å fomle og bie og finne dei små stigar, nesten usynlege (referert frå «Lat meg då vandre -«, i: Fotefar, 1947).

Korleis går det med han som klatrar?

mai 30, 2010

Det kjem ei melding frå han som er oppi stigen med kjepp og hanskar. Eller for å vera nøyaktig, så kjem meldinga via han som har drømt om han som er oppi stigen:

«Ljus där uppe. Tak kanske. Mänmniskor både före och efter mig, vilka vet jag inte. Det kändes som jag skulle falla av om jag försökte ta mig handskarna och käppen var i vägen.»

Eg vil gjerne veta meir om dette som han strever og klatrar i retning av:

«Tenk deg at du er der oppe i lyset. Korleis er det å vera der? Kva har du lyst til å gjera der oppe?»