Posts Tagged ‘syntaks’

Drømmesyntaks

september 7, 2010

Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».

Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.

Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.

Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?

Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.

Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!   

«Meg drøymer»

september 6, 2010

Eg klipper frå Dag og Tid, 2. juli i år, «Ord om språk», språkspalta til Kristin Fridtun:

«Før i tida tenkte dei seg at draumane kunne fortelja viktige ting om framtida og lagnaden vår, og fylgjeleg var draumar noko som kom «utanfrå» ein stad. Draumane var ikkje noko me «gjorde» eller laga i stand sjølve; dei mest som kom til oss og synte seg inni oss. me kan seia at språket spegla denne førestellinga, for på norrønt er det slik at den som drøymer, står i objektform. Det me drøymer, står òg i objektform – det er ikkje noko subjekt til dreyma.

I norrøn tid sa dei «mik dreymir», det er «meg drøymer». […] No seier me «eg drøymer». Kvifor seier me eg og ikkje meg? Me har langt ifrå vorte fullkloke på kva ein draum er, kvar han kjem ifrå, og kvifor me drøymer. Det er vel oppi hjernen det heile går føre seg, men drøyming er vel like fullt ei verksemd som me ikkje styrer sjølve? Kan henda er det natta sjølv som sender draumar til oss: I eddakvædet Alvíssmál er draumnjórun («draumspinnar») eit anna ord for natt. Kven veit?»