Posts Tagged ‘sykle’

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

Finn svar på spørsmål når du søv eller syklar!

mai 31, 2010

Ein operasjonssjukepleiar fortel slik, 29. mai:

”Av og til finn eg svar på spørsmål i søvne. Det er nok like før eg vaknar. Det kan gjelde jobb eller privatliv. Det treng ikkje handle om mine problem, men kan vera i alle relasjonar.

Det kan vera overheng, noe du har gått og tenkt på lenge. Og plutseleg kan du sjå løysingar: ”Jøss, at eg ikkje har tenkt på dette før! Det er slik du skal gjera det!”

Det kan vera på same måten når eg går eller syklar: Tanken går seg til.”

Hei, vesle gut i drømmen min!

mai 10, 2010

Fint at du er der! Eg skal passe på deg i nedoverbakke og oppoverbakke, i snø og sol og regn. Du er varm og liten, og så blir du større, og kva kan vi vel ikkje finne på etter kvart? Eg trur sanneleg eg må ha meg ein større sykkel. Stor jente med liten gut treng ein skikkeleg sykkel! Skal vi sykle ut til havet? Det kunne vera noe! Til havet med alle fiskane. Og kven er på stranda? Det veit vi ikkje enda. Men eg kjenner på meg, vesle gut, at du har lyst til å møte både den eine og den andre og blomar og myhank og kva vi finn. Vass-ski? Nei, nå går du for langt! (Sjå dagens tvitring: https://twitter.com/tordisirene)

Eg drømte i natt

mai 10, 2010

nei, ikkje at eg låg og eg datt. Eg drømte at eg var på sykkel. Framafor meg er ein gut på sykkel med veslebror sin bak, ein veldig liten veslebror. Det ser litt uttrygt ut. Eg snappar til meg den vesle guten utan at storebroren merkar det. Han syklar vidare. Eg blir litt bekymra for korleis han vil reagere når han trur at han har mista veslebror sin. Fyrst har eg guten bakpå, men så tek eg han godt inn i fanget mitt. Han er liten og varm.  Eg syklar på ein liten barnesykkel, kanskje trehjulssykkel, og det kjennest rart, men det går. Det er nedoverbakke. Vi kjem til ein kvass sving. Det blir lenger enn nødvendig dit eg skal, dersom eg held fram rett framover. Det er snø og skiløyper i vegen nå, utan at det gjer noe spesielt med syklinga. Eg tek svingen greitt og er nå i ein svak oppoverbakke.