Posts Tagged ‘sykkel’
juni 10, 2010
Eit neste steg kan vera å lesa gjennom og kjenne etter kvar det er noe som berører på eitt eller anna vis. Eg fann noe eg likte i den fiolett-blomstrete skrivinga:
«Det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»
Så såg eg på det. Det ligg krav i denne teksta: Det skal ikkje vera slik, men slik. Vel, det er jo meir moderat, ser eg nå: Det kan vera både slik og slik! Men så kom eg på at kravet er innfridd. Det er faktisk slik ordninga er. Og da formulerte eg det om til å handle om korleis det er:
«Det er ikkje alltid vinter. Av og til er det blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»
Dette er da ei optimistisk tekst, er det ikkje? Det stig og stig! Frå ingenting til ganske ofte. For dette som aukar på, opplever eg som noe fint og fargerikt og levande. Og eg ser det enda for meg i vegkanten. Det er fint der ein ferdest. Hm. Sanneleg har blomane i løpet av skrivinga og seks minutt komi ut av veggen og vorti tredimensjonale og levande! Og når eg snur blikket frå teksta og PC’en og ut av vindauget, ser eg at sola skin på lauvet, og eg veit at sykkelen står der ute.
Framgangsmåte:
Eg gjekk frå ein kontrast i ein drøm til flyteskriving til gjennomlesing til utplukking av tekstdel til inntak av tekstdelen til justering av den vesle teksta til å kjenne på denne teksta til å gå frå teksta til det ytre livet her og nå og sannsynlegvis til handling.
Stikkord:blikk, blome, blomstrete, fargerik, fin, framgangsmåte, gjennomlesing, handling, inntak, justering, kjenne, kontrast, krav, lauv, levande, nå, optimistisk, PC, skrive, sol, stiging, sykkel, tekst, tekstdel, tredimensjonal, utplukking, veg, vegg, vegkant, vindauge, vinter, ytre liv
Posta under "Blomstrete vegger", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 10, 2010
Fint at du er der! Eg skal passe på deg i nedoverbakke og oppoverbakke, i snø og sol og regn. Du er varm og liten, og så blir du større, og kva kan vi vel ikkje finne på etter kvart? Eg trur sanneleg eg må ha meg ein større sykkel. Stor jente med liten gut treng ein skikkeleg sykkel! Skal vi sykle ut til havet? Det kunne vera noe! Til havet med alle fiskane. Og kven er på stranda? Det veit vi ikkje enda. Men eg kjenner på meg, vesle gut, at du har lyst til å møte både den eine og den andre og blomar og myhank og kva vi finn. Vass-ski? Nei, nå går du for langt! (Sjå dagens tvitring: https://twitter.com/tordisirene)
Stikkord:blome, finne på, fisk, gut, hav, jente, liten, lyst, møte, myhank, nedoverbakke, oppoverbakke, regn, snø, sol, større, stor, strand, sykkel, sykle, varm, vass-ski
Posta under "Liten gut på sykkel", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 10, 2010
nei, ikkje at eg låg og eg datt. Eg drømte at eg var på sykkel. Framafor meg er ein gut på sykkel med veslebror sin bak, ein veldig liten veslebror. Det ser litt uttrygt ut. Eg snappar til meg den vesle guten utan at storebroren merkar det. Han syklar vidare. Eg blir litt bekymra for korleis han vil reagere når han trur at han har mista veslebror sin. Fyrst har eg guten bakpå, men så tek eg han godt inn i fanget mitt. Han er liten og varm. Eg syklar på ein liten barnesykkel, kanskje trehjulssykkel, og det kjennest rart, men det går. Det er nedoverbakke. Vi kjem til ein kvass sving. Det blir lenger enn nødvendig dit eg skal, dersom eg held fram rett framover. Det er snø og skiløyper i vegen nå, utan at det gjer noe spesielt med syklinga. Eg tek svingen greitt og er nå i ein svak oppoverbakke.
Stikkord:bak, bakpå, barnesykkel, bekymra, fang, gut, kvass, liten, merke, miste, nedoverbakke, oppoverbakke, rart, rett framover, skiløyper, snappe, snø, storebror, sving, sykkel, sykle, trehjulssykkel, uttrygt, varm, veg, veslebror
Posta under "Liten gut på sykkel", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 9, 2010

Eg og sykkelen stod der på vegen 24. juni 2007 kl. 17.15 og hadde vori på Skjennungsstugu og var på veg nedover mot Ullevålseter, og eg måtte stoppe akkurat her og sjå utover. Dette var før eg tok ut ein bit av bildet og utforska yttarleggåande fargar og kva eg nå elles gjorde.
Stikkord:fargar, foto, juni, sjå ut, sjå utover, Skjennungsstugu, stoppe, sykkel, Ullevålseter, utforske, veg, yttarleggåande
Posta under 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »