Posts Tagged ‘strøm’

Drømme eller svømme?

oktober 13, 2010

Å gå ut i vatn, og vips bort med tyngdekrafta, ikkje ha dette draget mot jorda, å flyte opp og røre på armar og bein omtrentleg vassrett, å ha alt dette kalde og flytande rundt seg, heilt annleis enn lufta og alle kleda som vanlegvis omgir kroppen, vera mellom himmel og jord, nå ja, nærmast jorda, kjenne ein strøm nå som elva er stor, det er temmeleg drømmeaktig, seier eg som nettopp var i Akerselva.

I ei hengekøye mellom to stjerner

oktober 9, 2010

Eg berre vise til Diktkammeret igjen!

Dersom du klikkar deg fram, kan du lesa diktet og kommentar til diktet, bl. a. frå ein som synest at «dette var bare kjempekuuult! Liker slike drømmedikt (har selv samlede verker på lager. det gjenstår bare å transformere dem til poesi)».

Og forfattaren av diktet svarar at «Det er utrolig morsomt å gjøre noe kreativt ut av drømmer.»

Altså: La drøm bli dikt, og send dei dit eller hit!

PS  Heng gjerne hengekøya di opp mellom to stjerner. Ta sjansen!

Gynge meg våken
Skrevet av csmack, lest 86 ganger
8. oktober 2010 kl. 13.10

Jeg drømte
at vi lå i en hengekøye
som hang mellom to stjerner
og ingenting under oss
et kilende sort hull
varm uten luft

og kroppen din var gipset
ansiktet hadde to innstillinger
Kom, og kom nærmere

Da jeg våknet, var du fortsatt urørlig
spikret fast til byfortauet
en elghund tygget på leppene dine
som presset frem
en pappeske du hadde gjemt for lenge

Jeg vipper oss ut
og vi lander i strømledninger
Vi sitter fast og venter på å bli stekt

Dette er en gyngende måte å
leve på eller
drømme
og jeg hater elghunder

http://debatt.dagbladet.no/diktkammeret/debatt/read_post.html?board_id=1&post_id=779745&thread_id=779766

Hugen fer som draumen

september 7, 2010

Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :

«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.

 Eit ord for alt

Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?

Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.

[…]

No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?

Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:

Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.

Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»

Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:

Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.

Og så: Les heile Fridtuns tekst!