Posts Tagged ‘stole på’

Kva er det med hundar?

oktober 7, 2010

Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) svarar:

Eg har heller ikkje hundar, og er ikkje noko spesielt glad i dei heller. Har laga ei flyteskriving på spørsmålet om kva er det med desse hundane som gjer at dei er bestevennane hennar:

Jau, dei er trufaste, dei treng meg, dei er avhengig av meg, ubetinga kjærleik. Eg kan ikkje dø frå dei, fordi då ville dei ikkje klara seg – dei ville ikkje overleva. Dei tilber meg, eg kan stola på dei. Dei er store, svarte, varme og treng mi omsorg, og eg treng å ha nokon som treng meg og som ikkje sviktar meg. Me forgudar kvarandre. Gjensidig avhengigheit, me er bundne for evig og alltid. Eg ser deira bedande auger – dei ber om at eg gir dei det dei treng. Så eg kan berre ikkje svikta dei.

Det ser ut til at flyteskrivinga har fått fram veldig mye. Det er drømmaren som skriv dette, ho hentar det fram. Viser alle i ein drøm sider ved den som drømmer? Kvinna kan spørja seg sjølv: Er eg inne i ein relasjon som kan likne slik hund-menneske-forhold? Kven er eg i den relasjonen, den som er avhengig, eller den som nokon er avhengig av, eller ei blanding? Samtidig seier drømmaren at ho ikkje er spesielt glad i hundar. Vil ho ha det heilt annleis? Korleis ville det bli om ho nokså mekanisk snudde om på denne teksta?

Det kunne f.eks. bli slik:

Nei, X er ikkje trufast, X treng meg ikkje, er uavhengig av meg, betinga kjærleik. Eg kan godt dø frå X, fordi X ville klara seg – ville overleva. X tilber meg slett ikkje, eg kan ikkje stola på X. X er liten, kvit, kald og treng ikkje mi omsorg, og eg treng ikkje å ha nokon som treng meg og ikkje sviktar meg. Me forgudar kvarandre slett ikkje. Me er uavhengige, me er ubundne. Eg ser X sine auger – dei ber ikkje om noko. Så eg kan berre drive på med mitt.

Korleis kjennest det for henne å lesa dette? Ho kan jo kjenne etter om det er nokon i livet hennar som er slik…