Posts Tagged ‘stillheit’

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

Når det er stille, kan ein lytte til hjertet sitt

oktober 18, 2010

Ludmila Pawlowska, utsnitt av "I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta" i Sagene kirke, 10.10.10 Foto Tordis Irene Fosse

Slik var det: Det handlar om å lytte til hjertet sitt.

Og så såg eg at fargen på fotografiet mitt ikkje var god. Nå har eg vridd i brunleg retning slik eg hugsar bildet, men heilt bra vart det nok ikkje.

Gå heller til Sagene kirke! Mye å glede og undre seg over der! Utstillinga varar til advent, og kyrkja er open tysdag, torsdag, laurdag og søndag kl. 12.00-20.00.

Så kan du gå frå bilde til bilde, og er det stille der, kan du lytte til hjertet ditt.

Og i alle fall finn du ansikt. Somme er bitte bitte små, og du må leite godt. Hadde eg hatt eit hjertebarn her å ta med, ville eg gjort det. Men stor som eg er, synest eg likevel det er stas å sjå meg omkring i bildet og finne enda eit ansikt, så ørlite!

Ansiktet ditt søker eg

oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska: utsnitt av bilde i Sagene kirke, 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse

Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!

Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.

Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.

Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.

Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.

I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.

Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?

Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.

Så kom endeleg ein bjørn

september 27, 2010

I natt var det ein bjørn i barndomsheimen min:

Ein bjørn går utan vidare roleg omkring i stua, på kjøkkenet, i spiskammerset. Han ser litt smalare ut enn eg trudde ein bjørn skulle vera, og han er nokså lys, nærmast kvit og litt grå. Eg er litt usikker på om han er farleg, men eg trur i grunnen ikkje det. Eg klemmer han endatil rundt snuten. Blir han terga nå? tenkjer eg. Går han til angrep? Men det gjer han ikkje.

Hei bjørn, velkomen! Kva kan vi få til nå, når du er med? Roleg og sterk, og kanskje litt farleg, dette liker eg! Det har vori lite av ville dyr i drømmane mine.

Denne gongen slår eg opp i Medicine Cards av Jamie Sams & David Carson, St. Martin Press, New York 1999, og eg finn bl.a. dette om bjørnen:

«Bear seeks honey, or the sweetness of truth, within the hollow of an old tree. In the winter, when the Ice Queen reigns and the face of death is upon the Earth, Bear enters the womb-cave to hibernate, to digest the year’s experience. […] To accomplish the goals and dreams that we carry, the art of introspection is necessary.»

«In choosing Bear, the power of knowing has invited you to enter the silence and become acquainted with the Dream Lodge, so that your goals may become concrete realities. This is the strength of Bear.»

«The time has come to regain your authority, for no one knows better than yourself what is proper and timely for your evolution.»

Og så er det enda mye meir til å bli modig og glad av! Har du ein bjørnedrøm, så les i denne boka! I boka kan du lesa om 52 dyr. Boka hører saman med ein dyrekortstokk som du kan trekke kort frå. Dersom du vil ha noko i tillegg til eller saman med drømmestoff, så føreslår eg Medicine Cards. (Boka må sannsynlegvis bestillast frå bokhandelen – iallfall var det slik ved det siste forsøket mitt.) 

Akkurat i dag var det fint at denne bjørnen dukka opp. Kanskje fortel eg kvifor. Seinare.

Er det andre som har drømt om bjørn? Det vil eg gjerne høre om.