Posts Tagged ‘song’
mars 2, 2011
Framsida på denne splitter nye boka er grunn nok til å legge ut eit spor:
http://oktober.no/nor/boeker/skjoennlitteratur/lyrikk_dramatikk/ti_liknande_versjonar
«Dikt som improviserer og motseier seg sjølv, dikt som syng og tvilar på sin eigen song, dikt som kommenterer si eiga tilbliving. Dikt som handlar om å bli til for seg sjølv og for andre, saman med andre og saman med seg sjølv.»
Og så ser eg fram til å halde boka i handa og opne ho og sjå kva som er der og korleis.
Stikkord:andre, Anna Kleiva, ansikt, bli til, bok, dikt, framside, hand, improvisere, innside, klinkekule, likne, motseia, munn, ny, opne, saman, sjølv, song, spor, synge, tilbliving, tittel, tvile, versjon
Posta under 3 OM DIKT, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »
oktober 23, 2010
Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Stikkord:"Og vesle lerka", åtvaring, bakke, bukse, dale, dør, eg, emning, endeleg, flekk, flyteskriving, fri, gå under, glad, gløyme, god, gul, haust, heime, heimestrikka, himmel, hopp, hoppe, hugse, huj, jente, jord, kjelke, kjellar, kvede, kvinne, kvit, lande, lerke, lita, liten, luft, lyst, mjuk, ok, papp, Per Sivle, plate, rund, sau, såmmårn, sår, såre godt, sjå, sjølv, ski, skli, slik, smelte, snø, snømann, sol, sommar, song, springbrett, stad, stille, strikke, tekst, tekstdel, tillitsfull, topp, tru, tuve, tuvetopp, ull, ullbukse, varm, vår, veg
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
juni 14, 2010
Den femte drømmen i denne serien er om flyplass, song, fargebilde, ulovleg kopiering, fest:
”Eg” er på ein flyplass saman med ei kvinne og ein mann. Dei har funni ein song, kanskje ”Blant li og fjell og fjord”, med fargebilde i flotte, klare fargar, glede og liv. Det gjer ”eg”–personen glad. Dei vil kopiere songane og går ned i kjellaren og kopierer. Dei skal ha songane til ein fest. Dette er ulovleg. Dei skjuler arka ved å lata som dei er sjuke. Dei går på festen.
Ho kan:
Ho samarbeider.
Ho har auge for det som er fint.
Ho kan glede seg.
Ho vil bidra til fellesskapen.
Ho vågar å gjera risikable ting.
Ho er oppfinnsam.
Ho deltek i fest.
Yes, she can!
Stikkord:ark, bilde, delta, drømme-ego, farge, fellesskap, fint, fjell, fjord, fly, flyplass, glede, kopiere, kvinne, lata som, li, liv, mann, oppfinnsam, risiko, samarbeide, sjuk, skjule, song, ulovleg
Posta under "Flyplass, song, fest, lov", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 24, 2010
Det flyt og skal flyte både her og der, og Anne Mette Hegdahl melder frå akerselvekanten:
«Fri flyt» har jeg brukt som arbeidstittel på programmet i Hønse-Lovisa til neste høst, så kanskje vi er i den samme strømmen. www.honselovisashus.no
Kva kan dukke opp under den tittelen, monn tru? Fiskesuppe? Bilde? Tekster? Syngande tekster, snakkande, som skrift på veggen, det kan eg tenkje meg at det iallfall blir. Og kor som er, går det an å sitta der med ein kopp forunderleg te og skrive med tusj på eit ark eller ti, og kva kan det ikkje bli når elva blandar seg inni?
Stikkord:elv, fisk, flyteskriving, hus, song, suppe, te, tusj
Posta under 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
mai 20, 2010
Nå sitt eg her og har det ganske fornøyeleg. Eg er fornøgd med at eg kom på å bruke flyteskriving på akkurat denne drømmen. Samanhengen ser eg etterpå: Drømmen kan jo handle om å framføre det andre har bestemt. Dette er ikkje ei som skal finne på sjølv. Det stoppar heilt opp for drømme-ego (altså ”eg” i drømmen) når ho ikkje har lært seg replikkane.
Den ferdige musikken sviktar også. Her er det ikkje snakk om å la det flyte innafrå. Nå ser eg brått for meg at eg tek ein song frå scenen også, men da går det vel for vidt! Og så kjem eg på barns spontansong, der dei eigne orda berre trillar ut av dei med dei tonane som fell seg. Vedunderleg å høre på.
Stikkord:andre, barn, bestemme, drømme-ego, finne på, flyteskriving, fornøgd, fornøyeleg, musikk, ord, replikk, scene, song, spontansong, stopp, tone, vedunderleg
Posta under "Kan ikkje replikkane", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »